MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 16.11.10 -

OM MASFJORDEN

 

GAMAL FORM MATRSFJORDR

I Bjørgynjar Kalfskinn s.34 og i Diplomatarium Norvegikum på side 161 heiter det: Kwing og Tuerberg (Fortegnelsen er uppteken 1360).


I fortegnelse over Hartvik Krummedikes Gods i Norge s.140 (påbegynt 1456) heiter det millom anna: halsne oc rjisnes (Hosteland og Riisnes).


I Diplomatarium Norvegikum XII, s.154 heiter det: Forsdallr i Fiendsfiordhe, og på s.165 Fordaler i Fiaane (K. h. skrivefeil for Trodaler).


I Norske Regnskabs og Jordebøger er i manntal yver Nordhordland s. 504 og flg. nemnd desse gardane:

 

Gulle Skibrede (Gulen skipreide):

Året 1519: Mater, Husdal, Oxefiorden (Hogsvær), Vogesetter, Solem, Molland, Hønequam (Ådnekvam), Norland, Anuig, Sandnes, Quamme, Halsneland (Hosteland), Risnes, Frøsetter, Sliren, Ramne­berg og Husdal ein gong til.

 

Eckanger Skibrede:

Side 497: Quinge, Medanger (Mjanger), Hoff (Hope), Elleuig og Mioanger ei gong til.
I skattebok for Bergenhus len 1522 s. 429-433 heiter det:

 

Gulle Skibrede:

Twerberig, Solem, Mathert, Voxsethert, Hagessdall, Haffsdall, (Det eine må vera Ytre og det andre Indre Haugsdal). So kjem Matre att ein gong til, Rysnes, Mollum (Molland), Frøsether, Halsnuland (Hosteland), Slære, Andwig, Sandnes, Nerdelandt (Norland), Raffnberg, Hoff (Indre Hope), (so er Frøyset nemnd ei gong til) og so Birkeland og Edeqvam (Ådnekvam).

 

Eckanger Skibrede:

Hob, Manger, Norreqwingum, Ytthre Qwinde (feilskrift for Qwinge).

 

År 1535: Jordbog over Hr. Vincents Lunges Gods i Norge s.480: Sandnes Sogn: Hopp, Nordherdland, Totland, Oneqwam, Hexfiord (Hogsvær), Hop, Skeggedaler, Hawksdall, Kittilsdaller (No Kjet­land), Lille Matther, Store Mather, Troadalen.

I P. A. Muncks: Kongeriget Norge, I. Middelalderen, stend millom skipreidene nemnd Fjonner, og i Fjonner er nemnd Sandnes Sogn. Videre nemnd desse gardane: Frøyseetr, Berghagavig (Bergsvik), Eikemor, Arnahvammer, Arakletr, Hauksdaler og Matrar. Desse gamle skriftene syner at det ei tid hev vore eit Fjon skipreide, og at Masfjorden hev høyrt til det frå fyrst. Ein gong er nemnd gardane Horn og Sæveraas. Horn er truleg Hodne i Lindås. Det kan tenkjast at gardane på innsida av Lindås, altso langs Fensfjorden (Fionsfiorder) hev høyrt til det gamle Fjon skipreide. Seinare kom største luten av Masfjorden under Gulen skipreide, og gardane frå Elvik til Kvingo til Eikanger skipreide. Men frå 1774 kjem Masfjorden under Lindås skipreide.


Masfjorden høyrde til Lindås prestegjeld under namnet Sand­nes sogn til 1875. No er bygdi delt i tri sokner: Sandnes, Solheim frå 1887 og Frøyset frå 1930.


Masfjorden ligg under nordleg breid 60° 48’ 5” og lengd 5° 25’ 3”. Masfjorden grensar til desse bygder: Austrheim, Lindås, Hosanger, Modalen, Kirkebø, Lavik, Brekke og Gulen.


Frå vest til aust er 39.5 km og frå nord til sud er 28.7 km. Flatemålet er 543.1 km2. Av dette er 13.1 km2 øyar. Dei største er: Halsøy, Haugsøy, Dyrøy, Raunøy, Kvamsøy, Staurøy, Geiterøy, Hærøy, Dragøy, Reknesøy, Dusenøy, Solheimøy, Matersøy og under Risnes ei liti øy som heiter Kidøy. På dei fleste av desse bur det folk, med undantak: Kvamsøy, Staurøy og Geiterøy. So er det 67 småøyar.

Sjølve fjorden er ei grein av Fensfjorden. Austfjorden gjeng i sudaust millom Lindåslandet og Strandi i Masfjorden. (Gardane frå Elvik til Kvingo). Den lengste greini - den eigentlege Masfjorden - gjeng frå Arekletttangen til Matre i nordaustleg retning, med ei sidegrein frå Solheim til Hopsøyri.


Elvar og dalar: (Dei største). Myrdalen med Myrdalselvi gjeng frå Sleire i nordaust til grensa mot Gulen. Elvi lagar Sleirsvatnet og renn derifrå ut i Frøysetvågen. Markusdalselvi er ei stuttare elv som kjem frå Markusdalen og renn i Sleirsvatnet. Ei lenger elv kjem frå Verkeland i Brekke og lagar Ynnesdalvatnet i Brekke, renn so framom Byrkjeland i Masfjorden, der ho lagar eit lite vatn, renn so vidare framum Kvamsdal og lagar Kvamsdalsvatnet, ut frå det ned i Ostavatnet, utfor Laufossen og ned i Logja, vidare utfor Hindefossen ned i Lauveidvatnet, derifrå og ned i Langevatnet og so eit stykke til og fell ut i Sleirsvatnet.


Frå Geirevatnet ved garden Kringlen i Brekke kjem ei elv som renn framum Furebotten (i Masfjorden), og vidare framum Kalhovda gjenom Kalhovdavatnet, heim Eikemodalen og lagar Eikemo fossen og fell ut i fjorden.

Nordgjelelvi kjem frå små fjellvatn på grensa mot Brekke og renn fyrst i austleg retning og lagar tri små vatn. Øvste, Midtre og Nedste Nordgjelvatnet, bøgjer so mot sud og renn gjenom Nordgjelen og ut i Matreelvi.


Matreelvi tek til på grensa mot Sogn, lagar Krokevatnet, renn mot sud ut i Stordalsvatnet, vidare gjenom Brydalen (Fossedalen), framum garden Fosse, lagar der Brydalsfossen, som fell ned på Stallen (ein avsats i fjellet), renn eit lite stykke til og sturta so heilt ned i botnen av Matredalen under namnet Helvitesfossen, renn so heim dalen og fell i fjorden millom Store-Matre og Litle-Matre.


Langt i aust innanfor Kringlebotten på grensa mot Kirkebø kjem Kringlebotselvi frå Store Fjellvatnet. Innanfor Kringlebotssætri lagar ho eit langt vatn, Fagerdalsvatnet, renn vidare gjenom Kringlebotsdalen heim i Kringlebotten, lagar Kringlebotsvatnet -Heimavatnet - lagar so Hommelvatnet og fell med den vakre Hommelfossen ned i Matredalen uti Matreelvi.


Haugsdalselvi kjem aust or fjelli på grensa mot Modalen og Sogn frå Skjærjevatnet, lagar det nokso store vatnet, Gobotvatnet aust og sud for Litle-Matrestølen, renn so vidare mot sud gjenom fleire vatn til Haukeland, renn so mot vest framum Kjetland og Tverbgjørg og fell ut i vågen ved Haugsdal.


Nordlandselvi er ei stutt elv som kjem frå tvo små fjellvatn nord for Torhaugen, 833 m.o.h., ein fjelltopp millom Haugsdalens og Nordlands fjellmark. Ho renn gjenom Indre dalen, tek upp Glyvraelvi frå Lauvvikfjellet, lagar fire små vatten og ein foss og fell i sjøen millom Totland og Nordland.


Andvikelvi kjem frå Meisdalsvatnet i Andviks sætermark, renn gjenom Øvredalen og lagar Øvredalsfossen og renn so ut i Storevatnet i Andvikdalen og vidare gjenom heimebøen og ut i fjorden.
Ei elv kjem frå Blådalsvatnet aust for Kvingo, lagar Kvingedalsvatnet heimum Kvingedalen og svingar mot sud og fell ut i Kvingevågen.


Sør-Kvingelvi kjem frå Nutevatnet og Tverdalsvatnet på grensa mot Lindås, lagar Sør-Kvingvatnet og fell ut i Kvingevågen ved Åbakken.


Bygdi hev mange ferskvatn. Men dei er helst små. Store Fjellvatnet er 2.5 km langt. Det ligg i sud for Geiteryggen - eit fjell som ligg sudaust for Stordalen. Steinsætervatnet i Steinsæterdalen sud for Kjetlands fjellmark er ogso 2.5 km langt. Det finst kring 50 vatn i bygdi og dei er samanlagd 27.8 km2.


Bygdi hev ei etter måten vid fjellmark med mange fjelltoppar. Storenovi i nord for Litle-Sleire er 540 m høg. Bergsvikfjellet millom Bergsvik og Kvamsdal er 638 m høgt. Storfjellet 527 m aust for og Snaufjellet 425 m vest for Molland. Ulvedalsfjellet vest for Stordalen er 817 m høgt. Ådneburen aust for Audvik er 797 m høg. Storevarden på grensa mot Lindås sudaust for Søre Kvingo er 659 m høg. Storfjellet aust for Søre-Kvingo på grensa mot Hosanger er 775 m høgt. Sørefjellene - høgste fjelli i Masfjorden - ligg aust for Kringlebotten.


Nokre vågar og viker skjær inn i strendene i Masfjorden. Den lengste er Frøysetvågen - 4 km lang. Mindre vågar er Baldersvågen som skjær inn i Risnesmarki sud for Krossneset. Ilevågen millom Hosteland og Dusenmarki, Mollandsvågen inn til Mollandseidet, Viki er ei brei bukt ved Andvik, Nordland og Totland, Haugsdalsvågen inn til Indre Haugsdal. På Hogsøyi er mange vågar. Millom dei Strilevågen og Ytrevågen.


Millom dei ymse øyar er mange sund: T. d. Staursund millom Hogsøyi på eine sida og Dyrøy og Staurøy på hi. Dragøysund millom Dyrøy og Staurøy, Rotsund millom Staurøy og Dragøy. Skjelssund millom nordste enden av Halsøyi og fastlandet, Hostelandssundi millom nordste luten av Halsøy og fastlandet (Hostelandsmarki og Dusenmarki). Dusensundet millom Dusenøy og Dusen, Kvamsøysundet millom Kvamsøy og Kvamme, Storesund millom Solheimøy og fastlandet (Hogsvær). Litlesundet millom Solheim og Solheimøy.

 

Flatemålet av bygdi er 543.1 km2. Av det er:
0.7 km2 - åker.
1.8 km2 - dyrka eng.
4.8 km2 - naturleg eng.
60.0 km2 - skog.
420.3 km2 - snaufjell og myr.
27.8 km2 - vatn.
27.7 km2 - hamnegang og utslåttar.


Frå Areklett-tangen og til Matre er fjorden kring 21 km, og frå Kvamsøy (Austfjorden) til Ostereidet er fjorden kring 19 km.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen