MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 15.11.10 -

BRUKARAR

 

1519 Germwnd paa Husdal. Arne serius suus (hans tenar). Same mannen bur der ogso 1622, men då er namnet skreve Germundt paa Hagesdall. Same året Stengrym paa Haafsdal. Men det er truleg Haugsdal ytre, sidan namnet på garden er skreve onnorleis.


1563 Attle og Arne


Rubert frå 1603 til 1610, og Tomis frå 1603 til 1611.


Jacob nemnd fyrste gong 1603, siste gong 1614.


Erich nemnd fyrste gong 1611, siste 1614.


Iffuer nemnd året 1612/13.


Olluff nemnd fyrste gong 1612, siste 1621.


Seuad nemnd fyrste gong 1609, siste 1636.


Bertil nemnd fyrste gong 1614, siste 1649. Kona hans heiter Unne 1645.


Knud nemnd skatteåret 1624/25.


Hans nemnd fyrste gong 1628, siste 1632.


Enhcen Maren Andersdatter 1640 til 1649.


Enchen Barbra Herloesdatter (Herlog) styrer eit bruk 1640 og 1645.


1640 Bertel Michelsen. Kona heiter Anne 1645. Han styrer bruket ogso 1666 og er då 90 år og hev 2 tenestegutar.


1657 er det komen ein Michel, og det er truleg den same som er der 1701 og heiter Michel Hansen og er 79 år.


1657 er det komen ein Clemet i staden for ei av enkjene, men han er nemnd berre det året.


1657 er det også komen ein Olle i staden for ei av enkjene. Det er truleg den same som 1701 er skreven Ole Jonsen og er 76 år.


1666 heiter den ein av brukarane Ole Olsen, 41 år.


1657 er der forutan Olle ogso ein Olluff som er nemnd siste gong 1664.


Lawrits kjem i Olluff sin stad 1664 og han er 1666 skreven Lawrits Olsen. Han er truleg son til Olluff. 1666 er han 30 år.


Baard Baardson nemnd fyrste gong 1691 siste 1711. Han er 68 år 1701 og hev 2 søner heima: Jon 22 år og Lars 12 år.

 

1701 er det forutan Baard Baardsen, Michel Hansen og Ole “Jonsen ogso ein Joen Olsen 50 år, og han hev styksonen Hans Jacobsen. Etter det ser det mest ut til at det nyst hadde butt ein Jacob på garden, men han er ikkje nemnd i noko skifte.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen