MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 15.11.10 -

BRUK 5 (og 6). MOSEVOLLEN

 

Nils Andersson, er 69 år gamal 1701 og hev heima sonen Ola 30 år gamal. Han er nr. 2 på bruket.


Ola Nilsson Haugsdal, f. 1671, d. 1750, gm. Brita Bårdsdotter, truleg dotter til Bård Bårdson på b.nr. 4 i Haugsdal, f. kr. 1685, d. 1751.
Born:       

a.   Ola f. 1710.
b.   Nils f. 1705. Kom til Fammestad i Myking.
c.   Hans f. 1706, gm. Elisabet Andersdtr. Holsøy. Bust. Fonnebost i Lindås. Fekk sonen Mikkel 1771.
d.   Marite f. 1709.
e.   Marite f. 1710. Bust. Fammestad. Mannen heiter Bård Jonson.
f.    Kari  f. 1711. Lever ikkje ved skifte etter faren 1750.
g.   Anders f. 1713, gm. Gjertrud Eilivsdtr. Lid 1842. Bust. Lid i Myking.
h.   Dordi f. 1714, gm. em. Knut Åmundson Trodal 1742. Sjå Trodal fyrr garden vart delt i 2 bruk.
i.    Kari  f. 1718. Ho vart 1743 gm. Ola Larsson «Hogvviig» (eit uleseleg namn). Ved skifte etter Ola Nilsson heiter mannen til Kari  Ola Øvretveit, truleg Øvretveit i Myking.
j.    Eli f. 1723, gm. Mons Nilsson Kvamme på b.nr. 5.
k.   Baste f. 1725. Nr. 3 her på bruket.
1.   Ola f. 1727, gm. Agnes Bertelsdtr. Kvingedal. Bust. der på b.nr. 2.
m.  Guri f. 1731, gm. Jørgen Sevatson Kjetland. Bust. der på b.nr. 1.
n.   Anders f. ? Han heiter Anders Olson Heggernes ved skifte etter faren 1750. Han fekk sonen Nils i Haugsdalen 1738, so han må vera ein av dei eldste i syskinflokken. Han er nemnd som nr. 2 av gutane ved skifte. Det er skifte etter Ola Nilsson som gjev greia på kvar det vart av mange av borni.


1720 fekk Ola Nilsson uppattnying på bygsli 1 pd. 3 mk. s., ¼ t. malt, og 1830 fekk han skøyte.
Baste Olson Haugsdal, f. 1725, d. 1802.1752 gm. Magdeli Erichsdtr. Haadneqvame». Det må vera Hodnekvam i Myking.
Born:        

a.   Ola f. 1753. Han fekk 1775 barn med ei eldre halvsyster, som faren hadde lenge fyrr han var gift. Dei var døds­dømde.
b.   Brita f. 1754. Sjå under nr. 4 her på bruket.
c.   Erik f. 1755, d. 1787.
d.   Mari f. 1758, d. 1760.
1752 skøyte frå dei andre arvingane etter Ola Nilsson, til Baste Olson på bruket for 13 rdl. 2 mk.


Klaus Erikson Eikemo, f. 1756, d. 1818. 1788 gm. Brita Bastesdtr. Haugsdal f. 1754, d. 1820.
Born:       

a.   Brita f. 1793, d. 1808.
b.   Erik f. 1794. Nr. 5 her på bruket.
1788 skøyte frå Baste Olson til dottera Brita og mannen Klaus Eikemo 171/7 pd. s., 13 17/21 k. malt for 35 rdl.


Erik Klausson Haugsdal, f. 1794, d. 1/7 1848. 1817 gm. Anna Sjursdtr. Fosse, f. 1793 på b.nr. 2, d. 25/7 1854.
Born:       

a.   Klaus f. 1817. Nr. 6 her på bruket.
b.   Sjur f. 1820, gm. Marta Olsdtr. Lauvås 27/5 1844. Ved skifte etter faren 1849 heiter han Sjur Erikson Halland. Halland er i Gulen.
c.     Brita f. 1823, gm. Ola Larsson N. Kvinge 29/8 1843. Ola son til Lars Mikkelson. Bust. Øyri, ein plass under I. Haugsdal.
d.   Botilla f. 1826, gm. Mons Olson Tvibornes 3/7 1860. Ho døyr i Haugsdal 3/8 1918. E. og fatiglem.
e.   Marta f. 1828, gm. Erik Knutson I. Haugsdal på b.nr. 1.
f.    Oliva f. 1832, gm. Ola Knutson I. Haugsdal på b.nr. 1. Bust. Kleiv i Myking.
g.   Anders f. 1835, gm. e. Brita Ivarsdtr. Veddevik i Gulen.
1813 skøyte frå Klaus Erikson til sonen Erik for 35 rdl. N. V. og kår til foreldri: 2 t. korn, 1 t. potetor, 2 kyr, 6 smale.


Klaus Erikson Haugsdal, f. 1817, d. 4/4 1882. 2/7 1843 gm. Siri Larsdtr. Stegalvik, f. 1812, d. 5/2 1865. 19/7 1868 gm. Andrea Bertelsdtr. Torsvik, f. 1825. Sjå plasset Vangen.
Born:       

a.   Erik f. 4/1 1844. Nr. 7 her på bruket.
b.   Brita f. 5/12 1846, gm. Johannes O. Stegalvik. Bust. Haugsdal, b.nr. 6.
c.   Lars f. 15/9 1848. Utvandra til Amerika.
d.   Anders f. 1853, d. 1855.
e.   Andrea f. 2/7 1858, gm. Jon Røkenes frå Os. Bust. i Hardanger.


1843 skøyte frå Erik Klausson til sonen Klaus for 140 spdl. og kår: 2 kyr kvart år og 3 annakvart år. Årl. 6 smale, 2 geit, 2 t. korn, 2 t. potetor. «En Skovteig kaldet Lysebogen og en ager kaldet Huus­ageren», og til åkeren skulde gjødsel skaffast fritt. Kåret «ydes først naar mine foreldre ophøre at bruge halvdelen af bemeldte jordepart”.


Erik Klausson Haugsdal, f. 4/1 1844, d. 24/3 1920. 9/7 1865 gm. Ragnhild Olsdtr. Stegalvik f. 1832, d. 15/2 1897.
Born:       

a.   Sigrid f. 9/2 1869. Sjå under nr. 8 her på bruket.
24/5 1867 vart b.nr. 6 Utskilt frå dette bruket og b.nr. 5 skøytt på Erik Klausson for 400 spdl. og kår: (72 spdl. 2 ort).


Ola Olson Indre Haugsdal f. 7/8 1865 på plasset Øyri (1i), d. 26/3 1923. Gift 30/10 1890 m. Sigrid Eriksdtr. Haugsdal f. 9/2 1869 her på bruket (7a), d. 25/8 1962.
Born:       

a.   Erik f. 11/11 1891, d. 15/9 1908
b.   Brita f. 1892, d. 1899
c.   Ola f. 14/3 1895, d. 1908
d.   Ragnvald Bertin f. 7/12 1896, d. 14/7 1935. Fekk dottera Lilly f. 11/10 1920. Mor Nella Olsdtr. frå b.nr. 4.
e.   Brita f. 11/9 1899. Fekk sonen Martin 10/3 1922. Far: Nikolai Ivarson St. Matre.
f.    Martin f. 19/2 1902, d. 11/1 1914. Drukna.
g.   Lars f. 28/5 1903, d. 1/5 1948
h.   Ragnhild Aletta f. 24/11 1905, g. 21/1 1942 m. Elias Larsson Kjetland. Bustad:Dyrøy.
i.    Olav Erik f. 23/10 1908. Nr. 9 på bruket.
j.    Georg f. 3/2 1911, d. 30/ 1989
k.   Elias f. og d. 1912.
Skøyte 16/10 1875 frå Erik Klausson til dottera Sigrid for 300 Spd.


Olav Erik Olson Haugsdal f. 23/10 1908, d. 7/12 1988.
Skøyte 6/2 1953 frå Sigrid Eriksdtr. til sonen Olav Erik for 4000 kr og kår.


10  Martin Haugsdal f. 10/3 1922 (sjå under 8e).
Skøyte 7/9 1989 frå arvingane etter Olav Haugsdal til Martin Haugsdal som gåve. Verdi kr 90000.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen