MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 15.11.10 -

BRUK 2

Utskilt frå b.nr. 1. kring 1690.


Baste Andersson Kjetland, f. kr.1670. Son til nr. 4 på b.nr. 1, gm. Kari Mikkelsdtr., f. 1668, d. 1746. Mannen død kring 1720. Ho styrde bruket som e. 1721 og 1723.
Born:       

a.   Anders f. kr. 1697.
b.   Mikkel f. 1698.
c.   Dordi f. 1701.
d.   Brita f. 1704.
e.   Ragnhild f. 1707.
f.    Mikkel f. 1709. Nr. 3 her på bruket.
g.   Kari f. 1711.
h.   Kari f. 1714.


Tosten Jonson. Truleg gm. e. Kari Mikkelsdtr. Hev funne dennar dødsår, men ikkje hans. Han må vera d. fyrr 1740. Han fekk skøyte hjå Svanenhielm 1725. Tosten er truleg frå Andvik, b.nr. 7. Sjå skøyte til Mikkel Basteson Kjetland.


Mikkel Basteson Kjetland, f. 1709, d. 1766, gm. Lutzie Monsdtr. Andvik, f. 1707 på b.nr. 7, d. 1755.
Born:       

a.   Kari f. 1738. Sjå under nr. 4 her på bruket.
b.   Kari f. 1743, d. 1809.


27/11 1838 tingl. skøyte frå Jon Andvik, Erik Hosteland, Hans Rossnes og Anders Kalliovda på ½ l. s. i Kjetland. I pantebøkene er utegløymt kven dei skøyter til. Men det må vera til Mikkel, for det er han som vert sitjande med bruket. NB. På Andvik b.nr. 7 budde ved denne tid Jon Monsson Andvik, altso bror til Lutzie.


Hans Larsson Nordland, f. 1738 på b.nr. 4, d. 1785. 1763 gm. Kari Mikkelsdtr. Kjetland, f. 1738, d. 1828.
Born:       

a.   Alis f. 1764, gm. Lars Einarson Myking. Kongel. bevilling. Dei var syskjenborn.
b.   Marta f. 1767, gm. Ivar Henrikson Brundtland i Lindås 1794.
c.   Mari f. 1769, d. 21/12 1855. Inderst.
d.   Mikkel f. 1771. Nr. 5 her på bruket.
e.   Lucie f. ?, gm. Mons Nilsson I. Haugsdal. Bust. Raunøy.
f.    Nils f. 1777, gm. Sygni Ivarsdtr. Fausdal. Bust. der.
g.   Ola f. 1779, d. 1798.
h.   Lars f. 1779, gm. Ingeborg Eriksdtr. Askeland frå Myking. Ho var dotter til Erik Larsson Totlandsdal, som 1775 var gm. Marta Johannesdtr. Odnekvam og 1776 fekk bygsel på eit bruk på Askeland. Lars og Ingeborg bygsla eit bruk på Bakka i Lindås hjå bødker Sellik. Etter segni vart han narra til å skriva under på eit papir der Sellik let han seia upp bygsli. Lars og Ingeborg fekk seg til plass på Leitet under Totlandsdal. Han gjekk under namnet Bakka-Lars.
14/10 1762 tingl. skøyte frå Mikkel Basteson Kjetland til Hans Larsson 1 på., 12  mk. s.


Mikkel Hansson Kjetland, f. 1771, d. 7/3 1840. 1804 gm. Marta Eriksdtr. Askeland, syster til Ingeborg, som var gm. broren Lars, f. 1781, d. 5/8 1862.
Born:       

a.   Steffen f. 1805. Nr. 6 her på bruket.
b.   Kari f. 1810, gm. em. Ola Torgeirson Odnekvamme på  b.nr. 1.
c.   Ola f. 1814, gm. Kari Nilsdtr. Fausdal. Bust. der.
d.   Hans f. 1817, gm. Henrikka Rasmusdtr. Kvamsdal. Bust. Molland, b.nr. 1.
e.   Nils f. 1819, gm. Marta Andersdtr. Odnekvam frå  b.nr. 1. Bust. Eikemo i Hosanger.
1801 tingl. skøyte frå Hans Larsson til sonen Mikkel på 1 pd., 12 mk. s. for 60 rdl. og kår til foreldri: 2 t. korn, 2 kyr og 6 smale.


Steffen Mikkelson Kjetland, f. 1805, d. 6/1 1903. 1842 gm. Brita Larsdtr. Totlandsdal, f. 1818, d. 2/2 1864.
Born:       

a.   Kari f. 5/2 1843, gm. Ola Olson Odnekvam på  b.nr. 1.
b.   Mikkel f. og d. 1846.
c.   Mikkel f. 2/4 1848. Nr. 7 her på bruket.
d.   Marta f. 22/11 1850, gm. Jon Nilsson Rebnor i Austrheim. Han son til Nils Kristianson. Dei var gifte 24/6 1876.
e.   Ragnhild f. 21/9 1853, gm. Rasmus Nilsson Eikemo i Hos­anger 4/4 1888.
f.    Lars f. 24/7 1858, gm. Ragnhild Johannesdtr. Odnekvamme frå b.nr. 2, 7/6 1887. Lars Kjetland var lærar i Skåre ved Haugesund. Sjå utflytte.
13/10 1832 skøyte frå Mikkel Hansson til sonen Steffen for 100 spd.


Mikkel Steffenson Kjetland, f. 2/1 1848, d. 14/11 1913. Kreft. 13/7 1882 gm. Marta Nilsdtr. Eikemo, f. 30/1 1862 i Hosanger.
Born:       

a.   Brita f. 2/4 1883. Reiste til Amerika.
b.   Steffen f. 19/12 1884. Nr. 8 her på bruket.
c.   Nils f. 29/9 1886. Bust. b.nr. 4, Storemyri, under Kjetland.
d.   Marta f. 25/10 1888, gm. gardbrukar Johannes Herfindal, Bruvik. Bust. Romslo, Haus.
c.   Erik f. 28/5 1892, g. og busett i Dal, Sandefjord. Har ein liten gard og er postbud.
f.    Martin f. 11/5 1898, gm.  Kari Kristensdtr. Odnekvamme, b.nr. 3. Bur der.
g.   Ola Bertin f. 31/5 1902, 5/11 1941 gm. Henrikke Kristendtr. Odnekvamme. Bur på Høyland, Hamre. Driv gardsbruk og verkstad.
28/5 1888 skøyte frå Steffen Mikkelson til sonen Mikkel for 1440 kr. og kår: (480 kr.).


Steffen Mikkelson Kjetland, f. 19/12 1884, (7b), d. 11/1 1980. Gift 5/7 1917 m. Brita Jonsdtr. Sletten f. 22/5 1889 på Stølen under Tverberg (1a), d. 12/7 1966.
Born:       

a.   Magnus f. 14/1 1919. Nr. 9 her.
b.   Ragna Matea f. 14/11 1922, g.m. Bjarne Kolaas frå Manger. Dei bur i Bærum.
Deira born:
a.     Jorun f. 29/7 1949, g. 29/4 1972 m. Kåre Strømsodd f. 6/2 1947. Bur ved Hønefoss. 3 born.
b.     Steinar Bjørn f. 3/9 1951, g. 1/10 1982 m. Elisabeth Nilsen f. 16/6 1953. Bur i Bærum. 3 born.
c.     Bjørg Ragnhild f. 18/1 1957, g. 14/8 1987 m. Harald Hauge f. 24/2 1953. Bur i Bærum. 2 born.
d.     Ingrid f. 22/12 1960
Skøyte 1/3 1916 frå Marta Nilsdtr. til sonen Steffen for 1200 kr og kår.


Magnus Steffenson Kjetland, f. 14/1 1919 (8a), g. 5/6 1949 m. Ellen Marie Landråen f. 21/9 1927 i Tysnes.
Born:       

a.   Sigfred Einar f. 27/2 1950. Nr. 10 her.
b.   Anny Berit f. 5/3 1956, g. 24/4 1976 m. Knut Lier frå Sveio f. 7/5 1956.
Deira born:
a.     Grethe f. 7/10 1976
b.     Lars-Magnus f. 16/5 1981
Skøyte 16/4 1953 frå Steffen Kjetland og kona til sonen Magnus og kona for 2000 kr og kår.


10  Sigfred Einar Kjetland, f. 27/2 1950 (9a), g. 2/7 1977 m. Ingebjørg Marie Eide f. 26/5 1955 i Eivindvik.
Born:       

a.   Bente f. 25/4 1979
b.   Åsmund f. 28/11 1983
Skøyte 31/5 1977 til Sigfred Kjetland for kr 5000.

 

Utflytte frå b.nr. 2

Nr. 6 f. Lars Mikkelson Kjedand, f. 24/7 1858, gm. Ragnhild Johannesdtr. Odnekvamme frå b.nr. 2, 7/6 1887.
Born:       

a.   Johannes f. ¾ 1888, bonde i Avaldsnes. 29/12 1932 gm. Astrid Wegner Svensdtr. Stange. Born: Ragnhild og Sven Bernhard.
b.   Steffen f. 5/1 1891. Agronom. D. 1919. Ugift.
c.   Bernhard f. 5/1 1894. Byggmeister. 31/12 1928 gm. Mally Kristiansdtr. Goa, f. 1896, d. 1938. Born:  Kari Maria og Lars Bernhard.
d.   Berta Maria f. 1896, d. s. å.
e.   Jørgen f. 1/10 1897. Bonde og handelsmann i Torvestad. 1924 gm. Kristine Kristensdtr. Goa. Born: Steffen, Kri­stian, Liv Ragnhild, Marie, Katrine og Karen Mally.
f.    Birger f. 20/8 1899. Lærar i Torvestad. 15/4 1933 gm. Asta Gustavsdtr. Goa. Ein son: Lars.
g.   Magnus f. 29/7 1901. Bonde i Tysvær. 6/11 1943 gm. Gudrun Gustavsdtr. Vikse. Dottera Randi f. 1944.
h.   Einar f. 18/6 1904. Lærar i Avaldsnes. 31/12 1926 gm. Hanna Elida Pedersen. Born: Ragnhild, Ingebjørg, Liv, Ledis og Harald Einar
i.    Ragna Lovise f. 17/4 1905, gm. lærer i Mosterøy, Lars Oma 1925. Born: Leiv, Ragnar, Steffen og Margot.

j.    Karolina Kristina f. 17/7 1908, gm. lærar i Torvestad, Kjølingstad, d. 1940. Born: Ragnhild og Ragnar.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen