MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 55. HAUKELAND

 

BRUKARAR BRUK 3 - 5  

 

Haukeland

Haukeland

 

O. Rygh seier at namnet kjem av elvenamnet Hauka samansett med land.


Ymse skrivemåtar: 1604 Huchland. 1611 Houchland. 1620 Houcheland. 1645, 1657, 1666, 1691, 1701 og matriklane 1665, 1718 og 1723 Houcheland. Sidan Haukeland.
Grensor: I vest til Kjetland og Tverbjørg, i nord til Bjørne­klett og L. Matre og i aust og sud til Gardane i indre Hosanger.


Eigedomstilhøvi: Frå 1624 til 1668 høyrde garden til Munkeliv jordegods. Åri 1664 og 1668 er sagt so: «Munkeliv Gods som Hermand Garmand nu eier og bøxler». 1668 er Mogens Essem vorten eigar. Han eig til 5. september 1708, då Steffen Hansson fekk kjøpa. Tradisjonen seier at Mogens Essem (No Eidsheim i Hamre) hadde havt folk til å hogga mykje fint furetimmer innafor Haukelandsvatnet, og so skulde han freista å fløyta det gjenom elvi ned til Haugsdalen. Han stræva med fløtinga dag etter dag, men meste­parten av timmeret vart attliggande nedetter elvi i urdar og avhol. Då Esseimen ein kveld kom sliten, trøytt og modlaus innatt til Haukeland, vilde han selja garden. Men Steffen let ikkje um at han var so forhippen på å kjøpa. Esseimen slo då av på prisen, til Steffen til slutt fekk garden sers billeg. Nokon sum er ikkje nemnd i panteregisteret.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645: Houcheland. Stephen Jacobsen. Ko.: Dordi.


Kvegskattmanntal 1657: Tommes. (Det er feil, for Tommes skal vera i Bjørneklett og Steffen på Haukeland. Sjå merknad under Bjørneklett). 1 Hest, 1 Oxe, 1 Quie, 6 Gieder, 5 Faaer. (Kreatur haldet er for Haukeland).


Matriklar etter reskript frå 1665: Haucheland. Landsk. Smør 1 Sp. Saar 5 Meler, afler 2½ t., føder 10 Nøed, 1 Hest. Kan tiende 1 Mele. Smaaskat 2 Mk., 5 Sk., Smaatiend 2 Sk. 1 Hv. (2 skilling 1 kvitt.). Kan skatte af 1 Pd. Smør. Skyldi altso uppsett.


Skattemanntal 1666: Haucheland. Skylder Smør 1 Pd. Op­sidder Joen bruger, 30 Aar g. Tienestedreng Baard Stephensen, 20 Aar g. Under titelen Knechte (Soldat) Ole Stephenson 30 Aar g.


Manntal 1701: Houcheland. Hans Steffenson, 60 Aar g. Sønner: Steffen Hansen hiemme, 16 Aar g. Lars Hansen hiemme, 9 Aar g. Soldat Steffen Olsen Houcheland, 26 Aar g.


Prøvematrikel 1721: Houcheland. Steffen Hansen. Saar 1 ¼ Td., høster 2½, føder 8 Nød, 6 Faaer, 1 Hest. Opsidderens eget gods, ligger høit tilfjelds, slet Jordart, tungvunden, meget uvis til Korn. Ingen herlighed uden smaa furuskong til brendefang og gjerdsel. Aarl. Skat: 2 Rdl., 3 Mk., 1 3/20 Sk.

 

Matrikeltaksten 1723: Houcheland 1 Mand. Landsk. 1 Pd. Smør. Opsidderen med bøxel tilhørende. Intet Husmandssede. Intet Sætter. Brændefang og fureskoug til husfornødenhed. 1 flomqvern. Ligger 1 Mil fra Søen, 9 Mil fra Bergen. Ganske uvis til korn og tungvunden. Saar 1¼ Td., afler 2½ Td., føder 6 Kiør, 4 Ungnød, 9 Faaer, 1 Hest. Skyld 1 Pd. Smør. Lever af Qvegets afling og litt næver at selge.

 

 

 

 

 

Foto: Ivar Hlege Matre

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen