MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 04.11.10 -

BRUKARAR. BRUK 1 (og 2)

 

Oluff nemnd 1620. Var brukar til 1649. 1645 er han skreven Oele Tomesen. Kona Berete og 2 døtre.


Tomas frå 1657 til 1691. Han er sikkert son til nr. 1. 1666 er han sagd vera 40 år og ha sonen Jens, 4 år.


Nils Åmundson budde på bruket 1701 og var då 26 år.


Nils Mikkelson.
Born:       

a.   Mikkel f. 1705.
b.   Maritte f. 1706.
c.   Maritte f. 1708, gm. Jon Trulsson Andvik på b.nr. 5.
d.   Synneva f. 1710.
e.   Guri f. 1712, gm. em. Halvard Monsson St. Matre på  b.nr. 1.
f.    Kari f. 17/3. Sjå under nr. 5 her på bruket.
g.   Nils f. 1718, gm. Marta Halvardsdtr. St. Matre 1742. Bust. Solheim, b.nr. 2.
h.   Knut f. 1721.
i.    Mons f. 1723.
j.    Synneva f. 1724.
22/10 1704 bygselsetel frå Mogens Knutson til Nils Mikkelsen. 1736 skøyte frå Ola Esem.


Knut Monsson Andvik, f. 1713 på b.nr. 3. 1749 gm.  Kari Nilsdtr. Bjørneklett f. 1713, d. 1785.
Born:       

a.   Mons f. 1751. Nr. 6 her på bruket.
b.   Nils f. 1752.
14/10 1749 skøyte frå Nils Nilsson Solheim m. fl. til Knut Monson 18  mk. s. i Bjørneklett.


Mons Knutson Bjørneklett, f. 1751, d. 1833. 1777 gm. Anna Jørgensdtr. L. Matre, f. 1750 på b.nr. 4, d. 1833.
Born:       

a.   Nils f. 1777, d. 1802.
b.   Jørgen f. 1779, d. 1802.
c.   Knut f. 1781. Nr. 7 her på bruket.
d.   Kari f. 1784, gm. Lasse Monsson Vågset 1815. Han må ha butt i Stegalvik ei liti tid, for 1816 var døypt barnet Mons. Foreldri: Lasse Monsson og  Kari Monsdtr. Stegalvik.
e.   Mikkel f. 1787, d. 1790.
f.    Kari, tvilling med e., gm. Lars Olson Mjanger på b.nr. 3.
g.   Mikkel f. 1790, d. 12/3 1840.
h.   Ingeborg f. 1794.
16/10 1875 skøyte frå Knut Monsson til sonen Mons, 18  mk. s.


Knut Monsson Bjørneklett f. 1781, d. 1810. 1810 gm. Ingeborg Henriksdtr. St. Matre, f. 1765 på  b.nr. 1.
1807 skøyte frå Mons Knutson til sonen Knut, 18  mk. s. for 50 rdl. og kår til foreldri. 2 kyr, 6 smale, 11 geit og 2 t. korn.


Anders Andersson Romarheim frå Modalen f. kr. 1785, d. 1868.1811 gm. e. Ingeborg Henriksdtr. Bjørneklett, d. 28/5 1835. 1835 gm. Randi Rognaldsdtr. L. Matre, f. 1802 på b.nr. 2, d. 11/2 1879.
Born:       

a.   Anders f. 1835. Faren var då kåremann. Anders d. y. gm. e. Engel Torgeirsdtr. L. Matre på  b.nr. 1.
1811 skøyte frå Mons Knutson til Anders Andersson Romarheim, 9 mk. s.9 mk. fekk han med kona.


Rasmus Hansson Hosteland, f. 1801 på b.nr. 5, d. 7/11 1877. 1834 gm. Aleth Ivarsdtr. Fausdal, f. 1805, d. 22/5 1888.
Born:       

a.   Henrikka f. 1835, gm. Ola Steffenson Haukeland. Bust. Rambjørg, b.nr. 2.
b.   Ivar f. 1839, gm. Botilla Monsdtr. I. Haugsdal frå b.nr. 2, 1/7 1865. Dei kjøpte seg gardsbruk på Hernes i Evanger. Sonen Rasmus fekk bruket etter dei der.
c.   Kari f. 1842, gm. Hans Jetmundson Totland på b.nr. 2.
d.   Brita f. 1847. Sjå under nr. 10 her på bruket.
e.   Anna f. 1850, gm. Mons Olson I. Haugsdal 28/6 1876. Han var son til plassmannen Ola Larson Haugsdal. Budde i Bergen.


1834 skøyte frå Anders Andersson Bjørneklett til Rasmus Hansson Hosteland, 18  mk. s. for 100 spdl. og kår til Anders og kona Inge­borg Henriksdtr.: 3 t. korn, 2 t. potetor, 3 kyr og 8 smale. Han skal ha rett å hogge i skogen so han kan skaffa seg skoty og salt. Når ein av kårefolki døyr, minkar kåret med 1/3, «men indtræder den gjenlevende i nyt ekteskab», er kåret det same.


10  Jon Monsson I. Haugsdal f. ¾ 1840 på b.nr. 2. 3/6 1866 gm. Brita Rasmusdtr. Bjørneklett, f. 1857.
Born:       

a.   Rasmus f. 1/11 1868.
b.   Brita f. 9/1 1870, gm. Erik Fuseson Eide, Gulen. Budde i I. Haugsdal, b.nr. 2.
c.   Mons f. 30/8 1871.
d.   Aletta f. 8/3 1874.
e.   Johannes f. 21/6 1876. Bonde på Eide i Gulen.
f.    Maria f. 17/6 1877.
g.   Anna f. 29/5 1879.


No vert bruket tumla med frå den eine til hin, so det er vanskeleg å seja korleis eigedomstilhøvet hev vore. 1864 vert tingl. eit kårebrev frå Ivar Rasmusson til Rasmus Hansson og Aleth Ivars­dotter. Altso frå son til foreldri. Men noko skøte til Ivar er ikkje tinglese. 1869 skøyte frå Jon Monsson til Ivar Rasmusson og eldre kår. Men noko skøyte til Jon Monsson finst ikkje. 1879 skøyter Ivar Rasmusson ved fullmektig bruket til Anders Andersson med påhefte av eldre kår. Bruket vart då betalt med 2 600 kr. Den tid bur Ivar Rasmusson på Hernes i Evanger, og den Anders han skøy­ter til, er son til nr. 8 her på bruket. Han bur på L. Matre og er gm. Ragnhild Botolfsdtr. Kringlebotten, og hev dotri Anna med henne. Nr. 10 bur på bruket frå kring 1866 til 1879. Då flytte han til Eide i Gulen og fekk seg gardsbruk der.


11  Bernt Olson Kringlebotten f. 1/8 1863 på b.nr. 2. 10/6 1889 gm. Anna Andersdtr. L. Matre, f. 29/10 1869 på  b.nr. 1.
1889 skøyte frå e. Ragnhild Botolfsdtr. L. Matre til dottera Anna Andersdtr. og mannen Bernt Olson for 1 900 kr. og kår: (525 kr.) til Ragnhild Botolfsdtr.
Nr. 11 sel bruket og kjøper seg jord att i Etne.


12  Annfinn Olson St. Matre, f. 13/5 1857 på b.nr. 1, d, 3/6 1936. 29/5 1891 gm. Ingeborg Johannesdtr. Elvik, f. 1859 på b.nr. 1, d. 31/7 1904. 13/11 1906 gm. Johanna Sjursdtr. S. Kvinge, f. 1/8 1864 på b.nr. 10, d. 15/10 1936.
Born:       

a.   Kaspar f. 22/2 1892. Utvandra til Amerika, d. 2/5 1969.
b.   Jonas f. 20/5 1894. Utvandra til Amerika.
c.   Dortea Sofia f. 4/10 1896. Ugift. Bur i Bergen.
d.   Ola f. 23/12 1898, gm. Ragna Monsdtr. Metreøy. Bustad: Matre.
e.   Torolf  f. 11/5 1901. Reiste til Amerika.
f.    Ingeborg Anna f. 26/7 1904, gm. Ola Jonson Sletten, Tver­bjørg.
g.   Ingvald f. 16/6 1909, gm. Bergit, dotter til Klara J. Haugs­dal. Han bur i Øystese i Hardanger og hev 2 søner.
22/5 1895 tingl. skøyte frå Bernt Olson til Annfinn Olson St. Matre for 4 000 kr. Då var det ingi kåreplikt.


13  Hermund Olaison Storsæter f. 31/8 1911 i Hosanger, d. 28/1 1986. Gift 6/11 1937 m. Magnhild Namdal f. 26/7 1912 i Eikangervåg, d. 26/3 1986.
Born:       

a.)   Olai f. 2/2 1938, g. 27/6 1964 m. Gerd Larsen f. 1/5 1939 i Roresand v/Grimstad. Bur der.
Deira born:
a.     Lars f. 26/7 1966, g. 2/6 1990 m. Barbro f. 5/9 1967. 2 born.
b.     Hermund f. 25/1 1969, g. 26/9 1992 m. Hilde Sivertsen f. 28/1 1969
c.     Anna f. 18/5 1971
d.     Magnhild f. 15/6 1972

---------------------------------------------------
b.)   Maria f. 4/3 1941, d. 3/7 1942
c.)   Signe Maria f. 16/4 1944, g. 23/6 1962 m. Gunnar Torsvik. Bur i Andvik b.nr. 6
d.)   Knut Arne f.7/6 1946,d.10/6 1947
e.)   Anna Karin f.12/11 1948,d.29/5 1949
f.)    Kåre f.12/6 1952. Nr. 14 her.
Skøyte 2/4 1937 frå Johanna Bjørneklett til Hermund Storsæter for 4500 kr og kår.


14  Kåre Storsæter f. 12/6 1952 (13f), g. 14/5 1977 m. Torill Karin Stusdal f. 25/4 1955 i Lindås.
Born:       

a.   Sølvi f. 13/10 1977
b.   Frøydis f. 24/6 1980
c.   Kathrine f. 19/7 1983
Skøyte 13/7 1976 frå Hermund Storsæter til sonen Kåre for kr 15000.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen