MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 53. TVERBJØR

 

BRUK 1 (og 2) BRUK 2 BRUK 3 - 10

 

Tverbjør

Tverbjør

 

Um namnet seier O. Rygh at det kjem av adjektivet Tverr samansett med bjørg. Altso ei bjørg som gjeng eller stend på tvert. Bjørg av same stomnen som berg. «Ei rekke af lavere klipper», seier Ivar Aasen. «En lang og ikke ganske lav aasrygg», seier Ross. Bjørgi som garden hev fenge namnet av, må vera den åsryggen som nedanfor sjølve garden gjeng ut frå nordsida av dalen og stikk fram mot elvi.


Ymse skrivemåtar: Tuerbergh etter ein «fortegnelse i Bjørgynjar Kalfskinn uppteken kring 1360. 1522 Twerberig. 1604 Thuerberrig. 1611, 1620, 1645 og fl. gonger Thuerberg. 1657 Tuerberg. 1666 Twerberrig. Matriklane 1665, 1723 og 1838 Tverberg, 1886 og sidan Tverbjør. Burde skrivast Tverbjørg.


Grensor: Mot nord til Haugsdal, i vest og sud til Kjetland, i aust til Bjørneklett.


Eigedomstilhøvi: Kring 1360 høyrde garden til Munkeliv Kloster. Og so seint som 1668 heiter det at «Munkeliv eier og bygsler». Det vil seia at garden høyrde til det jordegodset som i si tid hadde vore i Munkeliv si eiga. 1686 Obriste (oberst) V. Hatten. Den same eigar 1691. Men 1696 Hr. Amptmand von Ahnen. Same eigar 1705. 1710 Hr. Laugmand Knag. Den same 1723, men no heiter han Laugmand Knagenhielm. (Han er vorten adelsmann). Sidan var garden i ætti Knagenhielm si eiga til Johannes Olson fekk kjøpa bruket. Skøyte er utstedt av kaptein Hans Knagenhielm 15/10 1776 og lyder på 1 pd. s., 1 får og vert betalt med 160 rdl. «Dansk Sølv Klingende Mynt».

 

Gamle matriklar og teljingar.

Kopskattmanntal 1645: Thuerberg. Peder. Ko.: Kari. Datter Aassa.


Kvegskattmanntal 1657: Tuerberg. Peder 1 Hest, 1 Oxe, 6 Kiør, 1 Quie, 5 Gieder, 5 Faaer.


Skattemanntal 1666: Twerberrig. Skylder Smør 1 pd., Faaer 1. Opsidder Peder bruger alt, 66 Aar g. Fostersøn Mogens Mognsen 4 Aar.


Matrikel etter reskript frå 1665: Tverberg. Landsk. Smør 1 Pd., 1 Faaer. Saar 3 Td., afler 6½ Td., føder 14 Nøed, 1 Hest.  Kari tiende 2 ½ Mele. Smaaskat ½ Rdl., 4 Sk. Smaatiend 6 Sk., 2 Huid. Kan skatte af 2 ½ Pd. S. Brendeskoug til.


Manntal 1701: Tuerberg. Hendrich Philipsen 30 Aar g. Sønner: Anders Hansen, hiemme, 7 Aar g., Michel Hansen, hiemme, 6 Aar g.

 

Prøvematrikel 1721: Rognel Joensen. Saar 3 Td., høster 8 Td., føder 12 Nød, 9 Faaer, 1 Hest. Proprietærgods, ligger til fjelds, nogenledis maadelig jordart, men tungvunden og kan ei taale forhøjelse. Ingen herlighed uden fornødent Bierkebrendefang. Lidt Furuskog til husbehoef og gjerdsel. 1 Flomqvern til husfornødenhed. Skat 5 Rdl., 5 Mk., 12½ Sk.


Matrikeltaksten 1723: Tverberg 1 Mand, Landsk. 1 Pd., 1 Faaer. Laugmand Knagenhielm med Bøxel beneficeret. Intet Husmands­sede. Intet Sætter. Brendeved og Furuskoug til husfornødenhed. 1 flomqvern. Ligger fra Søen ¼ Mil. 8¼ Mil fra Bergen. Ringe kornart og tungvunden. Saar Havre 3 Td., afler 9 Td. Føder 10 Kiør, 3 Ungnød, 9 Faaer, 1 Hest. Skyldi sett til 2 pd., 12  mk. s.

 

 

 

 

Foto: Ivar Hlege Matre

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen