MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 52. MATRE LILLE

 

BRUK 1 BRUK 2 (og 1) og 12 BRUK 3
BRUK 4 BRUK 24 - 26 SÆTENE OG MATERSØYI

 

Matre litle

Matre litle

 

Um namnet, sjå Matre store.
Skrivemåtane var nokolunde dei same som for St. Matre. Det var skreve Store framfor eine og Lille framfor den andre Matre­garden. Men 1567 hev dei slumpa til å skrive Little. 1620 vart L. Matre skreve Indre Mattre.


Grensor: Garden grensar til St. Matre, Kringlebotten, Haukeland, Bjørnekletten, Tverbjørg og I. Haugsdal og Matrevågen.


Eigedomstilhøvi: Garden høyrde 1535 til Vinsents Lunge og er skreven Lylle Matthre. 1624 Gölder. Det er Galde. Um Galde sjå jordeigarar i eldre tid. 1648 var Rosencrantz eigar. 1664 Herman Garman. 1686 Iffuer Christensen. 1696 Hans Hemmingsen. 1696 Johan Friman. 1710 Johan Frimans arvingar. 1714 Henrich Friman. 1717 amtmann Friman. 1723 stiftsamtsskrivar Svanenhielm.
15/10 1725 skøyte frå Severin Svanenhielm «til Stephan Nielsøn paa 2 Pd. Smør». Same år og dag vart frå Svanenhielm tingl. skøyte til Johannes Olsøn og Niels Amundsøn på 1 pd. s. til kvar.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1675: L. Matre. Johannes Pedersen. Ko.: Marite. Ole Michelsen. Ko.: Agote.


Kvegskattmanntal 1657: Lille Matre. Johanis 1 Hest, 1 Oxe, 6 Kiør, 1 Quie, 6 Gieder, 6 Faaer. Olluff 1 Hest, 1 Oxe, 6 Kiør, 6 Gieder, 5 Faaer.


Skattemanntal 1666: Lille Mattre. Skylder Smør 1 Løb, Faaer 1. Opsiddere: Ole Mielielsen bruger ½ Løb Smør, ½ Faaer, 44 Aar gl. Fostersøn Ole 4 Aar gl. Johans bruger 1 Sp.  Smør, ¼ Faaer, 60 Aar gl. Tienestedreng Johans Olson 8 Aar gl. (Han er førd under tenestedrenge.:) Niels Olsen bruger 1 Sp.  Smør, 1 Faaer, 26 Aar gl.


Matrikel etter reskript frå 1665: Lille Matre. Landsk. 1 Løb Smør, 1 Faaer. Saar 4 Td., afler 7 ½ Td., føder 20 Nøed, 1 Hest. Kan tiende 3 Meler. Smaaskat ½ Rdl., 13 sk. Smaatiend 8 Sk. Kan skatte af 1 Løb Smør. Brendesehoug og noget til husbehoef.


Manntal 1701: L. Matre. Hans Olsen 44 Aar gl. Sønner: Joen Aamundsen 18 Aar gl. (Altso stykson). Niels Olsen 60 Aar gl. Sønner: Olle Nielsen. Seiler Udenlands, 36 Aar gl. (Han kom til Bauge.) Stephan Nielsen 16 Aar gl. Lars Nielsen 10 Aar gl. Under Tieneste­karle eller Drenge: Joen Toresen Osmundsbotten 42 Aar gl. Rasmus Andersen Totlandsvig 12 Aar gl. Olle Michelsen 92 Aar gl. Dei 2 tenestegutane tente hjå Ola Mikkelson.


Prøvematrikel 1721: Lille Matre. Niels Olsen, Steffen Nielsen, Niels Aamundsen, Johannes Olsen. Saar 5 Td., høster 24 Td. Føder 24 Nød, 24 Faaer, 2 Heste. Formedelst den Fare Gaarden er under­given af fieldskred og elvebrud kan den ei mere i Skat og Landskyld forhøies. Proprietærgods, ligger ved Søen, maadelig jordart, men tungvunden. Bierk- og Furuschoug til Brendefang og husfornøden­hed, samt en flomqvern til Gaardens behof. Skat 9 Rdl., 6 Sk. Matrikeltaksten 1723: Lille Matre 4 Mand. Landsk. 1 Løb Smør, 1 Faar. Stiftsamtsskriver Svanenhielm med Bøxel tilhørende. Intet Husmandssede. Intet Sætter. Brendefang og Furre til husbehof. Tvende flomqverner. Ligger ved Søen 8 Mil fra Bergen. Maadelig Kornart, men tungvunden ved at samle Høe og lider nogen skade af Elvebrudt. Saar 5 Td., afler 17 ½ Td. Føder 16 Kiør, 8 Ungnød, 24 Faar, 2 Heste. Lever af Qvegets afling og brendeved at selge. Skyldi vart sett upp med 12 mk. s.  Var fyrr 1 laup s.

 

BRUKARAR

Fyrr 1603 er det ikkje gjort skil millom St. og L. Matre i rekneskapi. Sjå under St. Matre um menn som var nemnde fyrr.

 

1603 Arne på L. Matre. Nemnd berre det året. 1603 er ogso nemnd Erich. 1608 Joen, og so kjem Erich att 1610/11. Det året er ikkje Joen nemnd. Jon kjem att 1612 og er nemnd siste gongen 1636. (At Erik er nemnd 1610/11 må ha seg so at ein hev treft på ei gamal skattelista.) Attåt Joen er frå 1617 Anders til 1628 og Johannes frå 1615 til 1668. 1645 er det Johannes Pederson. Men um det er same Johannes heile tidi, kan ein ikkje seia. 1645 er det attåt Johannes Pederson Ole Michelsen. Han hev bruket ogso 1701. Han er då 92 år og hev 2 tenestegutar.

 

 

 

Foto: Ivar Hlege Matre

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen