MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 01.11.10 -

BRUKARAR. BRUK 1.

 

Lars Tørrisson, f. kr. 1701. Budde fyrst på Lillejord i Eksingedalen, d. 1872. Han hadde Kringlebotten åleina. Fyrste kona hev ein ikkje funne namnet på. Ho heitte k.h. Anna. 1765 gm. e. Ragnhild Johannesdtr. Veland frå Myking, f. 1721, d. 1784.
Born:       

a.   Ingebrigt f. 1728 på Lilejord. Nr. 1 på b.nr. 2.
b.   Ivar f. 1731 på Lillejord. Bust. Fosse b.nr. 2.
c.   Anders f. ? Nr. 2 her på bruket.
d.   Anna f. ?, gm. Steffen Monsson St. Matre. Bustad Fure­botten, b.nr. 3.
e.   Halvard f. 1740. Bustad Fosse, b.nr. 1.
f.    Anna f. og d. 1767. (Her er truleg namnet på fyrste kona til Lars Tørrisson.
g.   Anna f. 1769, gm. Nils Andersson Furebotten 1821. Hev ikkje funne kven Nils Andersson Furebotten er.


Anders Larsson Kringlebotten, f. ?, d. 1787, gm. Ingeborg Nilsdtr.. Fødestad ukjent. D. 1816. Anders hev fyrst butt utanfor Masfjorden på ein gard som heiter Ærvik.
Born:       

a.   Brita f. ?, gm. Lasse Andersson S. Kvinge. Sjå Hopsøyri, Vågset.
b.   Lasse f. ?, gm. Oline Jonsdtr. Løvervik 1796. Kvar Løver­vig finst, hev det ikkje vore råd å finna
c.   Marta f. ?, gm. Sjur Henrikson St. Matre. Bustad Fosse, b.nr. 2.
d.   Anna f. ?, gm. Annfinn Steffenson Furebotten, b.nr. 3. Desse 4 er fødde fyrr Anders kom att til Masfjorden
e.   Jon f. 1738, gm. e,. Marta Magnesdtr. Sandnes på Neset.
f.    Gunhild f. utanbygds. Sjå under nr. 3 her nå bruket.
g.   Ingeborg f. utanbygds, gm. Ola Knutson Trodal. Bustad Mjanger, b.nr. 4.


Ivar Hansson L. Matre, f. 1768 på b.nr. 3, d. 1818. «Faldt fra en Høyslette udi Vandet og døde». Høyslette tyder her ein utslått. 1797 gm. Gunhild Andersdtr. Kringlebotten, f. 1770, d. 1820.
Born:       

a.   Hans f. 1797, d. 26/6 1880. Legdslem.
b.   Marta, tvilling med a, gm. Hans Sjurson Verås, Reknesøy.
c.   Ivar f. 1801. Sjå lenger nede.
d.   Sjur f. 1803.
e.   Sjur f. 1805, gm. Anna Rognaldsdtr. L. Matre. Bust. der, b.nr. 1.
f.    Anders f. 1808, gm. e. Randi Torgeirsdtr. Haugsvær på eit plass der.
g.   Ola f. 1812, gm. Siri Annfinnsdtr. Furebotten. Bustad der. b.nr. 2.
h.   Annfinn f. 1815. Flytte til Eivindvik prestegjeld 1842.


13/5 1797 skøyte frå Anders Larsson Kringlebotten til Ivar Hansson L. Matre, 6 mk. s., en af mig opryddet og 1789 skyldsatt Plads Kringlebotten for 15 Rdl. Samstundes skøyte frå Jon Andersson Kringlebotten odels- og løsningsretten til 6 mk. s.  til Iver Hansen for 4 rdl.


Ivar Ivarson Kringlebotten f. 1801, flytte til Hosanger prestegjeld då foreldri døydde, kom att til Masfjorden og heldt seg då i Trodalen. Var gift og fekk sonen Ivar 1825, og dotri Gunhild 1827. Sonen Ivar vart gm. Malena Magnesdtr. Nordland. Bustad Hamnen under Rambjørg. E. etter Ivar Ivarson vart attgift då mannen var død. Budde sidan på ein stad i Sunnfjord.


Sjur Nilsson Fonnebost, gm. Anna Gudmundsdtr..
Born:       

a.   Anna f. 1822.
b.   Maria f. 1824.
1821 auksjonsskøyte til Sjur Nilsson Fonnebust, 6 mk. s.  i Kringlebotten for 149 spdl.


Lars Hansson Holum frå Aurland i Sogn, gm. Thorbjørg Olsdtr..
Born:       

a.   Metta f. 1826, d. 1840.
b.   Ola f. og d. 1828.
c.   Hans f. 1829, gm. Torbjørg Torsdtr. Holum, som 1839 kom til tenesta til Kringlebotten. Dei unge fekk sonen Lars 23/3 1842.
d.   Ola f. 1833, d. 1834.


1826 skøyte frå Sjur Nilsson Kringlebotten til Lars Hansson Holum, 6 mk. s.  for 195 spdl.
Lars Holum med huslyd flytte 1832 attende til Leikanger preste­gjeld. Aurland høyrde då til Leikanger.


Matias Henrikson S. Matre, f. 1822 på b.nr. 1, d. 14/7 1912. 17/10 1851 gm. Brita Johannesdtr. Kringlebotten, f. 1828 på b.nr. 2.
Born:       

a.   Henrik f. og d. 1853.
b.   Johannes f. 8/12 1834, d. 8/8 1862.
c.   Henrik f. 9/1 1858. Nr. 7 her på bruket.
d.   Anna f. 5/12 1860, gm. Hans Larsson Haukeland. Bust. der.
e.   Johannes f. 5/12 1863, gm. Malena Arnesdtr. Fosse frå b.nr. 1. Sjå lenger nede.
f.    Gina f. 1865, d. 1871.
g.   Martinus f. 23/2 1868, d. 27/4 1901.
h.   Gina f. 1874, d. 1879.
28/12 1851 skøyte frå Lars Hansson til Matias Henrikson for 200 spdl.


Johannes Matiasson Kringlebotten, f. 5/12 1863. 19/4 1890 gm. Malena Arnesdtr. Fosse, f. 28/10 1858 på b.nr. 1. Sonen Agnar, f. på Solheim 29/11 1892, d. 1/11 1972. Han var departementsråd.
Johannes gjekk underoffiserskulen og vart sersjant og steig til furer. Attåt si militære tenesta var han fyrst handelsmann på Solheim saman med bror til kona, Kristen Arneson Fosse. Sidan var han ei tid handelsmann på Myking, men flytte so til Bergen og fekk plass på underfutkontoret.


Nr. 6 b. Anders Knutson Otterstad frå Modalen, gm. Marta Knutsdtr.
Born:       

a.   Knut f. 26/8 1867.
b.   Gurina f. 18/6 1870.
c.   Andreas f. 14/5 1873.
d.   Nils, tvilling med c.
23/6 1866 bygselbrev frå Matias Henrikson til Anders Knutson for 15 år «mod at svare kår til eieren, samt med ret til efter udløbet af 15 aar at faa feste for seg og hustru paa pladset Næshaugen med Bustøen».
Anders Knutson flytte frå Kringlebotten og vart buande på Straume i Mo soku, Hosanger.


Henrik Matiasson kringlebotten f. 9/1 1858 (6c). Gift 7/11 1880 m. Sygni Arnedtr. Fosse f. 22/12 1859 på b.nr. 1 (5f).
Born:       

a.)   Martin f. 25/4 1881, g.m. Brita Johannesdtr. Areklett f. 7/5 1876 på b.nr. 3 (1d). Utvandra til Amerika.
b.)   Anna f. 18/8 1882, g. 21/6 1907 m. Martin Henrikson Matre på Storematre b.nr. 1.
c.)   Gina f.20/11 1883,d.1942.G.m.Knut K.Tokheim f. 1886, d. 1959. Budde i Odda.
Deira born:
a.     Ranveig f. 18/3 1912, d. 9/3 1989. G.m. Henrik Lote f. 28/6 1913. Br på Vines. 3 born.
b.     Knut Harald f. 18/12 1913, g.m. Anna Tveit f. 11/8 1920. Bur på Sandeid. 3 born.
c.     Signy f. 26/4 1916, g.m. Tobias Gard f. 6/6 1911, d. 25/11 1991. Bur på Talgje. 4 born.
d.     Arne f. 26/5 1918, g.m. Klara Haavik f. 17/8 1918. Bur i Odda. 4 born.

------------------------------------------------
d.)   Brita f. 9/7 1885, d. 30/11 1951. G. 14/10 1910 m. Jakob Bjordal f. 12/2 1886 i Bjordal, d. 15/11 1968. Budde på Minde.
Deira born:
a.     Tormod f. 27/8 1911, d. 26/4 1972. G. 27/11 1937 m. Martha Haraldsdtr. Fosse f. 11/6 1914 i Alversund. Budde i Bergen. 2 born.
b.     Aaslaug f. 15/1 1913, g. 1/6 1941 m. Hjalmar Matre. Bur på St. Matre b.nr. 1.
c.     Harald f. 4/6 1915, d. 28/11 1969. G. 8/8 1951 m. Unni Elise Larsen f. 1/5 1930 i Haugesund. Budde i Uganda. 2 born.
d.     Sverre Henrik f. 24/4 1918, g. 17/3 1953 m. Aasta Grønning f. 9/2 1926 i Fana. Bur i Fana. 2 born.
e.     Birgit f. 4/1 1921, d. 25/6 1964. G. 2/10 1948 m. Johannes Tarlebø f. 6/11 1919 i Bergen, d. 1992. Budde i Bergen. 3 born.


Arne Henrikson Kringlebotten, f. 19/10 1886, d. 1957. 5/7 1918 gm. Laura Johanna Larsdtr. Standal f. 8/7 1898, i Høyvik, Svanøy sokn, Kinn.
Born:       

a.   Helga Signe f. 29/6 1919, gm. Sverre Ulven f. 8/5 1917.
Deira born:
a.     Arne Johan f. 23/10 1952.
b.   Liv Johanna f. ¾ 1921.
c.   Aslaug f. 21/12 1925, gm. Malvin Hodnesdal, f. 7/3 1910, d. 2/3 1969.


Dei budde ei tid i Kringlebotten. Men då faren selde garden til Bertin Nikolai Johannesson Innsylta 5/9 1923, og kjøpte gard att i Sunnfjord, flytte dei med dertil. Seinare vart den seld, og alle flytte til Odda, der Arne vart fabrikkarbeidar.


5/9 1923 skøyte frå Henrik Mathiasson Kringlebotten til Bertin Nikolai Johannesson Innsylta, Hordabø, på d.b. med hus for 6 200 kr.


22/6 1929 auksjonsskøyte til Johannes Andreasson Vågset for 4 000 kr. Han dreiv ei tid geitesti der. Han selde heimebruket i 1943 til Hjalmar Henrikson Matre. Men skilde frå Fagredalsbeitet som b.nr. 6, grbf. 5/11 1941.

 

Kringlebotten vart nedbrend av tyskarane i 1945. Hus er delvis oppførde seinare.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen