MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 29.10.10 -

PLASSET UNDER BRUK 2

 

Peder Larsson. Vistnok frå Modalen. Gm. Marta Lassesdtr., f. 809, d. 30/9 1879.
Born:       

a.   Lars f. og d. 1836.
b.   Ragnhild f. 28/10 1837.
c.   Anders f. 2/8 1841.
d.   Lasse f. 1833. Far u.k. Peder Larsson Stordal. Mor: gj. Marta Lassedtr. Fosse. (Kven ho er, er uråd finna).


Per må ha vore inderst hjå Aksel Ivarson, og so hev han truleg fenge slege i utmarki og halde beist. Bygselsetel finn ein ikkje. Han forlet Stordalen og budde sidan på Sandnes (Per i Uren).


Annfinn Botolfson Kringlebotten, f. 12/5 1841. 27/6 1869 gm. Engel Rognaldsdtr. Fosse, f. 1850 på b.nr. 2.
Born:       

a.   Anna f. 1870, d. 1872.
b.   Brita f. 1871, d. 1872.
c.   Brita f. 17/2 1873.
d.   Bertina f. 22/4 1875.
e.   Ragnhild f. 1878, d. 1879.
f.    Rognald f. og d. 1880.
g.   Rognald f. 2/9 1881.
h.   Johannes f. 7/6 1884.
i.    Ragnhild f. 15/10 1886.
j.    Aletta f. 19/11 1888.
23/5 1876 festesetel frå Johannes Rognaldson Fosse til Anfinn Botolfson og kona Engel Rognaldsdtr. Dei reiste til Etne og fekk jord der.


Søren Sjurson Stordal, f. 1866. Sjå andre plasset. 15/6 1890 gm. Helena Annfinnsdtr. Furebotten, f. 1866 på b.nr. 3.
Born:       

a.   Sofia f. 17/4 1892, gm. Bernt Olson Fosse frå plasset under b.nr. 2, 10/11 1917.
b.   Annfinn f. 29/6 1895.
c.   Martin f. 1898, d. 28/8 1919. Tuberkulose.
d.   Rasmus Andreas f. 15/4 1901.
e.   Dagny f. 18/10 1904. Sjå Eikemosætren.
Hev ikkje funne tingl. festesetel til Søren, men han budde på dette tunet. Han kjøpte b.nr. 1.  på Eikemosætren.


Kristen Andersson Solheimøy, f. 24/3 1881, d. 2/2 1916. 19/11 1905 gm. Malena Olsdtr. Vågset frå b.nr. 2, f. 12/3 1885, d. 17/5 1948.
Born:       

a.   Anna f. 23/4 1906.
b.   Anders f. 1909, d. 1910.
c.   Ragnhild f. 18/8 1911.
15/5 1908 husmannskontrakt frå Rognald Johannesson Fosse til Kristen Andersson Solheim(øy) og kona Malena Olsdtr.


Sidan Kristen døydde, hev det ikkje butt folk på dette plasset. Malena flytte då til Vågset og budde der til ho døydde.


Ymse: 18/3 1840 d. plassmanns e. Ingeborg Pedersdtr. Stordal. Kven Ingeborg var, er ikkje godt å seia.

 

1835. Innflytte: U. k. Størk Andersson Hatlesund, 18 år. Frå Viks pgj. Y. Sogn «og der født for at bosettes paa plasset Stordahlen. Pige Synneve Thorsdtr. Huglegjerdet, 48 aar. Ligesaa, ligesaa.» Ein finn ikkje noko meir um dei.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen