MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 29.10.10 -

PLASSET UNDER BRUK 1

Frå 1936 b.nr. 4 og 5 under Fosse.


B.nr. 4 er utskilt frå b.nr. 1.  og b.nr. 5 frå utmarki til b.nr. 1.  og 2.


1  Sjur Olson S. Kvinge, f. 1835 på b.nr. 5, d. 23/7 1875.17/4 1864 gm. Marta Trondsdtr. Kvingedal, f. 1830 på b.nr. 4, d. 14/2 1900.
Born:       

a.   Søren f. 2/11 1866. Sjå andre plasset i Stordalen.
b.   Torgeir f. 25/2 1869. Nr. 2 på denne parten.
c.   Olav f. 2/6 1871. Lærar i Lindås og jordbrukar på Fonnebust. og Våge i Lindås, d. 14/8 1938.
d.   Gjertrud f. 10/6 1873. Flytte til Fusa 1900. Gift på Sævareid.


20/5 1870 festesetel frå Torkjell Knutson Haugsvær til Sjur Olson og kona Marta Trondsdtr. på plasset Stordalen. (Torkjell Haugsvær hadde fenge skøyte på b.nr. 1.  på Fosse hjå faren Knut Solheim).


Torgeir Sjurson Stordal f. 25/2 1869 (1b), vart skoten av tyskarane 3/5 1945. Gift 30/6 1896 m. Karen Larsdtr. Haugsvær f. 12/11 1869 på b.nr. 1 (6g),d. 28/8 1913.
Attgift 1936 m. enkja Anne Mordal frå Grov i Sunnfjord, f. 23/4 1906, d. 27/11 1987.
Born:       

a.   Sigurd f. 1897, d. 14/7 1920 ved ulukke til sjøs.
b.   Julia Gunhild f.15/10 1899,g.m. Kaspar Zeiner frå Oslo. Reiste til Amerika. Ekteskapet oppløyst.
c.   Laura Kristina f.31/10 1901,d.17/9 1920.
d.   Magnus f.14/9 1904,d.1906.
e.   Magnus f.14/9 1907. Nr. 3 her.
f.    Sverre f.14/9 1907. Nr. 4 her.
g.   Tilla Konstanse f.26/2 1910,g.m. Sverre Fredheim frå Sævareid. Bustad:Laksevåg. Han er son til nr.1d.
Deira born:
a.     Håkon Torgeir f. 1948


19/10 1896 bygselbrev frå Erik Torkjelson Fosse til Torgeir Sjurson og kona Karen Larsdtr. på plasset Stordalen.


Magnus Torgeirson Stordal, f. 14/9 1907, d. 31/8 1987. Gift 27/6 1937 m. Gyda Berentsen f. 11/11 1912 i Stavanger. Far hennar dreiv ei tid hermetikkfabrikk på Nordland.
Born:       

a.   Thor Kåre f. 13/6 1942, g.m. Astrid Thunestvedt f. 25/2 1947 i Samnanger. Bur på Askøy.
Deira born:
a.     Arne f. 21/12 1968
b.     Frøydis f. 15/7 1970


26/11 1936 tvangsforretning der Johannes Erikson Fosse vert “satt ut av besiddelse og Masfjorden herred blir satt inn” mot at Johannes får 1530 kr for eigedomen.

Skøyte 5/1 1938 frå ordføraren i Masfjorden til Magnus Stordal på b.nr. 4 og 5 .


5/1 1938 skøyte frå ordføraren i Masfjorden på b.nr. 4 og 5. Ved­teke av Torgeir Sjurson Stordal til Magnus Torgeirson.


Husa på bruket var påbygde og innreidde slik at dei kunne ta mot kring 20 gjester. Og turistar søkte dit både i påske- og sumarferi.


Under krigsherjingane i 1945 vart alle husa nedbrende. Dei bygde oppatt ei stor tidhøveleg fjellstove. Og har dreve den som hovudnæring sidan.


Sverre Torgeirson Stordal f. 14/9 1907 (2f), d. 21/12 1988.
Gift 10/10 1941 m. Henny Lovise Skagen f.11/4 1919 på Veitastrond i Sogn.
Born:       

a.)   Kjellaug f. 9/10 1942, g. 7/3 1970 m. Kåre Waage f. 22/4 1947 i Narvik. Bur der.
Deira born:
a.    Solveig f. 12/7 1970
b.    Jarle Agnar f. 20/3 1973

----------------------------------------------
b.)  Berit f. 25/3 1944. Nr. 5 her.
c.)  Torbjørg-Julie f. 13/12 1945, g. 5/4 1969 m. Håkon Solbakken f. 14/9 1942 i Austevoll. Bur der.
Deira born:
a.     Jostein Sigurd f. 1/10 1970
b.     Håvard f. 23/6 1972

-----------------------------------------------
d.)   Laila f. 27/12 1948, g. 21/6 1969 m. Norvald Austrheim f. 11/3 1947 i Austrheim. Bur der.
Deira born:
a.     Hilde f. 21/11 1969
b.     Kari f. 22/8 1971
c.     Nina f. 22/8 1971
d.     Rita f. 26/10 1973

-----------------------------------------------
e.)   Torgeir f. 12/3 1962
Skøyte 29/11 1947 frå Magnus Stordal til Sverre Stordal på halve eigedomen.


Berit Stordal f. 25/3 1944 (4b), g.m. Roy Phillips f. 15/2 1941 i England.
Born:       

a.   Olav Stordal f. 3/3 1975

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen