MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 49. MATRE STORE

 

BRUK 1 (og 2) BRUK 2 BRUK 3 (og 4)
BRUK 4 MATRESØY BRUK 5 OG 6
BRUK 7 - 23 BRUK 33 - 69 RABBANE OG EINEKAV.

 

Matre store

Matre store

 

Um namnet seier O. Rygh: «Matr. Genetiv Matrs, synes å være beslektet med, matr., mat.».


Ymse skrivemåtar: 1519 Mathert. 1535 Mathre. Det same 1563. I 1567 Matrem. 1604 Store Matter. 1611, 1620 og fl. gonger Mattre. 1645, 1657, 1691 og dei fleste gonger sidan Matre. Men innimellom kjem andre former. 1666 Mattre. Ved matrikel frå 1665 og ved alle matrikkeltakstar sidan Matre.


Grensor: I sud til fjordbotten, i vest til Trodal, i nord til Haugsvær og Fosse, i aust til Kringlebotten og L. Matre.


Eigedomstilhøvi: 1535 høyrer garden til Vinsents Lunge. 1624 Vinsents Lunges jordegods. 1648 Axel Mouat. 1664 Axcl Mouats arvingar. Det same 1668. 1686 baron Rosencrantz. 1701 magister Niels Smed (Smidt) til kring 1714.1717 Jens Hoffmands enke. 1723 bispinne Smidt. 1732 Peder Hoffmand. 1744 Bergitte Margrethe, eukja etter Johan Smed (Smidt). 5/10 1744 skøyte frå Bergithe Margrethe Sal. Smed (Smidt) til Sjur Knutson 18 mk. s., ¼ får og det same til Nils Hogneson, og 21/10 1744, tingl. 2/8 1745 skøyte frå same enkjefru Smed til Mons Halvardson ½ l. s. ½ får. Sidan hev bruki vori bøndenes eiga til Matrefallsselskapet fekk kjøpa det meste.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645: Store Matre. Haldor Knudson: Ko.: Sidzele. Th. Dreng. Th. Thøs. Oelle Jørgensen. Ko.: Kari.


Kvegskattmanntal 1657: St. Matre. Olluff 1 Hest, 4 Kiør, 1 Quie, 3 Gieder, 3 Faaer. Olluff 1 Hest, 4 Kiør, 1 Quie, 3 Faaer.


Matrikel etter reskript frå 1665: Store Matre. Landsk. Smør 1 Løb. Saar 3 ½ Td., afler 7 ½ Td., føder 16 Nød, 1 Hest. Kan tiende 3 Meler. Smaaskat ½ Rdl. Smaatiend 7 Sk, 1 Hv. Kan skatte af 2 ½ pd., 6 Mk. Smør. Brendeschoug og noget til husbehoef.


Skattemanntal 1666: Store Matre. Skylder Smør 1 Løb. Op­siddere: Olle Jørgensen bruger ½løb Smør, 66 Aar g. Olle Half­fuorsen bruger lige meget. Haldor som er nemnd 1645 og Halffour, far til Ola, er sikkert same mannen.


Manntal 1701: St. Matre. Halvor Olson 40 Aar g. Søn Mons Halvorsen 2 Aar g. Tieneste Karle eller Drenge Johanis Olsen Store Matre 16 Aar g. Michel Hansen 49 Aar g. Søn Hans Michelsen 20 Aar g.


Prøvematrikel 1721: Store Matre. Sjur Knudsen. Halvor Olsen. Saar 4 ½ Td., høster 12 Td., føder 10 Nød, 1 Hest. Proprietærgods, ligger ved Søen under et field og er stor skade og fare undergiven af sneskred og elveflom. Taaler ei forhøielse, er ellers tungvunden og ei synderlig jordart. Lidt Bierkebrendefang og smaafuru til gjerdsel. Skyld 2 Pd., 6 Mk. Smør. Aarl. Skat 7 Rdl., 1 Mk., 11 Sk.


Matrikeltaksten 1723: Store Matre. 2 Mand. Landsk. 1 L. Smør. Fru bispinde Smidts med bøxel tilhørende. Ingen Husmand. Intet Sætter. Brendevedskoug og lidt fureskoug til hushjelp. 1 flomqvern. Ligger ved Søen 8 Mil fra Bergen. Maadelig kornart og sehels let­vunden. Saar Havre 3 Td., afler 10 ½ Td., føder 8 Kiør, 6 Ungnød, 9 Faaer, 1 Hest. Gamal skyld 2 Pd., 6 Mk. Vart sett upp med 6 Mk. Lever af qvegets afling og Brendefang at selge.

 

BRUKARAR

I fyrste tidi ein finn Matregardane nemnd, er det ikkje skild millom St. og L. Matre. Brukarane er nemnde slik at det vert sagt namn på dei og so på eller i Matre. Soleis 1519 Laffris, Mons og Arne paa Matre. 1522 Mogens, Mogens og Arne i Matre. 1603 Erich og Elling Mattre.

 

 

 

 

 

Foto: Ivar Helge Matre

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen