MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 26.10.10 -

BRUK 1

 

Siurd nemnd herre 1563.


Mogens Olsen nemnd fyrste gongen 1603, siste gongen 1645. Kona heitte då Thorgun. 1645 bur Johannes Mogenson med han på bruket. Det er truleg sonen. Kona heitte Eli.


Johans, truleg den same som var nemnd 1645. Han er nok son til Mogens. Nemnd 1648. Han vert ein gong kalla Hans. Men det henda at ein som heitte Johannes vart skreven anten Johans eller berre Hans.


Knud nemnd fyrste gongen 1657, siste gongen 1691.1666 var det ein husmann på garden. Han heitte Johans og var 66 år g.


Mikkel nemnd berre 1691.


Aamund Johannesson. Han er 44 år gamal 1701. Kan vera son til nr. 3. Han hev styksonen Nils Mikkelson. Altso er han gm. e. etter nr. 5.
Søner 1701: Johannes, 4 år. Kom truleg til Rambjørg. Knut 2 år. Nr. 8 her på bruket.
1701 budde det på garden forutan Aamund ein mann til. Han heitte Ole Christophersen, var 36 år gamal og hadde sonen Daniel, 2 år. Han er nemnd herre det året.


Mons Phillipsen. Etter det overlærar Engesæter hev funne under sitt arbeid med Brekke, skal Mons vera frå Åsheim i Brekke. Mons hev nok vore gm. e. etter Åmund. Han fær ikkje born. Mons er nemnd fyrste gongen 1711. Han fær bygsli uppattnya 1720 hjå Peder Hoffmand.


Knut Åmundson Trodal, f. 1699, d. 1743. Henretta. Fyrst gm. Dordi Nilsdtr.. Skifte etter henne 1731. 1742 gm. Dordi Olsdtr. I. Haugsdal f. 1714 på b.nr. 5.
Born i ekteskapet:
a.   Truls f. 1737.
b.   Mons f. 1742.
Mons er nemnd ved skifte etter mori tingl. 1807. Han vart 1766 gm. Botilde Jonsdtr. Hodne i Myking.
Fyrr Knut var gift og medan han var soldat, vart han skulda for å ha barn med ei Siri Jakobsdtr. Han var stemnd 2 gonger 1720, 1 gong 1721 og 1 gong 1722 for «at fragaa eller tilstaa» um han var far til barnet, men han møtte aldri, og nokon dom i saki finn ein ikkje. 23/8 1727 var han stemnd for «barneavl med Synneva Anders­dtr. Duesund». Då var han gm. Dordi Nilsdtr. Han vart dømd til å svara 12 rdl. «leiermaalsbøter», og dei skulde svarast innan 15 dagar. 16/12 1731 er han stemnd for «anden gang i sit ekteskab at have begaaet leiermaal og barneavl. Denne gongen var det med  Kari Sevatsdtr. Kjetland, «beslektet med Knud Trodals nulevende hustru Dordi Nilsdtr. i andet og tredje led». Dommen på han lyder: Straffes paa yderste formue, og efter udstaaet kirkens diceplin forvises fra Landet.» Kan skulde «efter skriftestaaelse henskikkes Findmarken udi tvende Aar at arbeide».
1743 fekk han barn med Marite Bertelsdtr. Holmaas. Ho var dotter til halvsystri hans. Både Knut og Marite vart dømde til døden. Ekteskapet til Knut med Dordi Olsdtr. vart uppløyst av Konsti­torialaretten, ein geistleg domstol.


Barnet han fekk med Siri Jakobsdtr. finn ein ikkje namn på. Barnet han fekk med  Kari Kjetland heitte Åmund, f. 1731. Han vart 1758 gm. Randi Monsdtr. Matre og fekk same året sonen Nils. Nils budde i I. Haugsdal.


Barnet han fekk med Synneva Andersdtr. Duesund er ikkje uppgjeve namn på. Barnet han fekk med Marite Holmås heitte Ingeborg.


Em. Ola Johannesson Nordland, f. 1682 i Holsøy, d. 1766. Sjå b.nr. 1.  på Nordland. 1746 gm. e. Dordi Olsdtr. Trodal.
Born:     

a.   Randi f. 1746. Sjå b.nr. 2 i Trodal.
b.   Eli f. 1748, d. 1751.
c.   Ola f. 1748, d. 1751.
d.   Ola f. 1753, gm. Anna Hansdtr. L. Matre. Bust der b.nr. 3.
e.   Eli f. 1753, gm. Lars Hanson Nordland på b.nr. 4.
f.    Kari f. 1757, gm. Anders Johannesson Holsøy. Bust. der.
g.   Nils f. 1761. Levde ved skifte etter faren 1766.
1746 skøyte frå Nils Olson Fammestad til Ola Johannesson Nordland på garden Trodal 1 pd.  s., 1 får for 42 rdl.


10  Lars Olson Andvik, f. 1744 på b.nr. 3, d. 1808.1767 gm. e. Dordi Olsdtr. Trodal, d. 1795.1795 gm. Marta Nilsdtr. I. Haugsdal, f. 1773 på b.nr. 3.
Born:       

a.   Dordi f. og d. 1796.
b.   Marita f. 1797. Sjå under nr. 12 her på bruket.
c.   Botilla f. 1801, d. 1802.
d.   Botilla f. og d. 1803.
e.   Dordi f. 1806, gm. Hans Rasmusson Åmundsbotten. Bust. Tverbjørg.
Ved skifte etter Ola Johannesson, tingl. 26/6 1766, vart bruket utl. på e. Dordi Olsdtr., sønnene Ola og Nils og døtrene Randi, Eli og Kari. 12/10 1767 tingl. skøyte frå arvingane etter Ola Johan­nesson til Lars Olson Andvik på 12 mk. s., ½ får for 19 rdl.


Ved skifte etter Dordi Olsdtr. (som døyr 1795), skifte tingl. fyrst 1807, vert bruket utl. på ein. Lars Olson og sønene til Dordi:
Mons Knutson og Ola Olson og døtrene Eli og Kari. 1801 tingl. skøyte frå Mons Knutson og dei andre arvingane til Lars Olson, so han med sin eigen part vert eigar av 12 mk. s., ½ får. Hin halvparten av Trodal hadde Lars Olson selt til broren Knut 1772.


11  Nils Olson L. Matre, f. 1781 på b.nr. 3.1810 gm. e. Marta Nilsdtr. Trodal, d. 1835. 1836 gm. e. Anna Rognaldsdtr. L. Matre på b.nr. 4 og flytte dit.
Born:       

a.   Anna f. 1812.
b.   Olia f. 1817, d. 23/3 1861.
c.   Brita f. 1822, d. 26/6 1845.
Ved skifte etter Lars Olson tingl. 1809, vart bruket utl. på e. Marta Nilsdtr. og døtrene Marta og Dordi Larsdtr. 1810 tingl. byg­selbrev frå Marta og Dordi Larsdtr. og e. Marta Nilsdtr. til Nils Olsen på 6 mk. s., 1/2 får til Marta Larsdtr. sjølv vil ta bruket.


12  Hans Olson L. Matre f. 1793 på b.nr. 3. Bror til nr. 11, d. 17/7 1877.1817 gm. Marta Larsdtr. Trodal, f. 1797, d. 12/11 1854.
Born:       

a.   Lisbet f. 1819, gm. Lars Steffenson Haukeland. Bust. der.
b.   Ola f. 1821. Nr. 13 her på bruket.
c.   Knut f. og d. 1824.
d.   Kari f. 1829, gm. Mons Olson Andvik på b.nr. 2.
e.   Anna f. 1832, d. 29/5 1839. «Satte livet til ved at en sten kom ned fra fjeldet over hende.»
1817 tingl. skøyte frå Marta Larsdtr. Trodal til Hans Olson L. Matre på 6 mk. s., ¼ får for 48 spdl. i sølv. 1834 skøyte frå Nils


Olson til broren Hans på 6 mk. s., ¼ får for 48 spdl. Samstundes kårebrev frå Hans Olson til broren Nils og dotteri Olina: «frit hus, lys og brende, tilsyn og opvartning, samt et udværelse til klædernes og fødevarenes opbevarelse, dog kun når han opholder sig på min Gaard. 1 ½ t. potetor, 1 ½ t. korn, som han selv maa afhente 1 ½ ko, 4 smaler, hvoraf han selv maa hente afdrotten. Skal han have til Afbenyttelse et skovstykke norderst paa Stranden kaldet Steneteigen, hvori han kan hugge efter behag. Saa forplikter jeg mig til at skaffe Oline (Olia) Nilsdtr. Trodal for hendes levetid følgende vilkaar: 1 t. korn, 1 t. poteter, 1 ko og 3 smaler.»


13  Ola Hansson Trodal f. 1821, d. 22/11 1901. 4/7 1854 gm. Marta Monsdtr.  S. Hope , f. 1815 på b.nr. 1, d. 9/3 1855. 13/l0 1856 gm. Johanna Larsdtr. Haugsvær, f. 1815 på b.nr. 1, d. 25/5 1882.
8/10 1884 gm. Synneva Larsdtr. Haugsvær, f. 16/2 1851 på b.nr. 1, d. 8/6 1933.
Born:       

a.   Josef f. 23/7 1885, d. 23/1 1965.
b.   Salamon f. og d. 1888.
c.   Salamon f. 1890. Nr. 14 her på bruket.
7/8 1856 tingl. skøyte frå Hans Olson Trodal til sonen Ola for 200 spdl. og kår (100 spdl.).


14  Salamon Olson Trodal, f. 26/7 1890, d. 15/1 1968. 6/8 1921 gm. Ragnhild Rognaldsdtr. Førde frå Førde i Høyanger f. 14/6 1892, d. 29/2 1940.
Born:       

a.   Olav Sverre f. 18/6 1922.
6/8 1839 tingl. «udskiftning i mindelighed af D. G.» 4/6 1917 tingl. «utskiftning over denne gårds indmark og en del av utmar­ken». B.nr. 1 skulde svara Mons Olson på b.nr. 2, 553 kr. i «flytnings­bidrag» og 150 kr. i «rydningsbidrag, samt for mottatt opført gjerde 51 kr. ligeledes til Mons».
Nr. 15 Olav Sverre Trodal f. 18/6 1922 (14a), g. 20/6 1953 m. Brita Matre f. 10/1 1929 på b.nr. 4 (4b).
Born:       

a.)   Ragnhild Sollaug f. 3/4 1957, g. 14/6 1986 m. Jan Stusdal f. 5/4 1955 i Osterøy. Bur i Knarvik.
Deira born:
a.     Jeanette f. 26/2 1991
b.     Madeleine f. 16/1 1994

-------------------------------------------------------
b.)   Annlaug Jorun f. 25/1 1959, g. 27/8 1983 m. Øystein Ådlandsvik f. 10/12 1956 i Askøy. Bur der.
Deira born:
a.     Raymond f. 24/7 1988

-------------------------------------------------------
c.)   Marit Karin f. 29/11 1963, g. 26/5 1990 m. Arnold Andvik f. 7/7 1960 på b.nr. 1.Bur der.
Skøyte 20/10 1966 frå Salamon Olson til sonen Olav og kona vederlagsfritt,med kår til faren.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen