MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 20.10.10 -

YMSE FRÅ HAUGSVÆR

 

1703 vart døypt Jens Haugsværs dotter Ingeborg. Bl. fedrane u. Jørgen.
1706 døypt Jens Haugsværs dotter Alis. U. Jørgen, fadder.


Her kan det vera spørsmål um det ikkje er feilskrift: Jens for Jørgen, for der budde 2 med namnet Jørgen på garden då. Då kan dette vera borni til den eldre Jørgen. Jens hev i alle høve ikkje butt på nokon av gardsbruki.


Ivar Hansson Tverbjørggm. Siri Nilsdtr. I. Haugsdal budde ei tid på Haugsvær, der han fekk dotteri Marita 1705 og Dordi 1707. Han kom sidan til L. Matre, b.nr. 3.


Jørgen Klausson Furebotten, f. 1747 på b.nr. 1. 1794 gm. Guri Knutsdtr. I. Haugsdal, f. kring 1760 på b.nr. 4.
Born:       

a.   Ola f. 1795, gm.  Kari Gullaksdtr. Hellestveit i Lindås.
b.   Klaus f. 1799, gm.  Kari Eriksdtr. Lauvvik. Bust. der.
c.   Lars f. 1802, d. 1827. Kom burt i snjoskrida.
d.   Ragnhild f. og d. 1804.


Jørgen Klausson hadde eige hus på Haugsvær og dreiv handel. Han var so pass pengemann at han lånte pengar ut på tingi. Segni seier at han hadde 1 fjerding (1/4 tunna) full med småpengar. Ei liti treausa hadde han liggjande i fjerdingen. Den nytta han når han skulde ta upp småpengar.

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen