MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 18.10.10 -

BRUK 4. NYHEIM

Utskilt frå b.nr. 1. Grbf. 2/11 1941.


Erling Larsson Solheim,  f. 15/5 1912 på b.nr. 9 (2c), d. 9/7 1992.
Gift 11/6 1937 m. Astrid Ludviksdtr. Indre Hope f. 5/10 1909 på b.nr. 1 (13d), d. 22/11 1993.
Born:       

a.)   Leiv Magnus f. 17/10 1937, g. 22/7 1972 m. Heidi Kahrs f. 20/5 1944 i Austrheim.
Deira born:
a.     Ove Andre f. 13/12 1972
b.     Ørjan f. 5/8 1975
c.     Anette f. 27/3 1979

--------------------------------------------
b.)   Leidulv f. 28/5 1939, g. 8/7 1972 m. Reidun Eikemo f. 6/12 1943. Nr. 2 her.
c.)   Jon f. 2/12 1942, d. 5/12 1942
d.)   Jon f. 24/8 1946, d. 26/8 1946
e.)   Eldbjørg Alvhild f. 28/4 1951, d. 19/6 1970 ved ei bilulykke i Alversund.
Skøyte 12/11 1941 frå Arne L.Hope til Erling Solheim for 250 kr.


Leidulv Solheim, f. 28/5 1939 (1b), g. 8/7 1972 m. Reidun Eikemo f. 6/12 1943. Sjå Eikemo b.nr. 1 (15i).
Born:       

a.   Anita Birgitte f. 24/6 1973
b.   Ruth Elise f. 16/5 1975
c.   Eva Louise f. 15/3 1978
Skøyte 26/3 1992 til Reidun og Leidulv Solheim for kr 40000.
19/2 1953 skøyte frå A/a Matrefallene under avvikling til Bergenshalvøen kommunale kraftselskap på dette og fleire eigedomar og rettar utan vederlag.


1839 festesetel frå Arne Arneson og Arne Olson til Lars Sjurson Furebotten på havnegangsrett i Dukefjellet. Uppattnyt 1851. 1859 febeitningsbrev frå Arne Arneson m. fl. til Søren Larsson Furebot­ten på Dukefjellet på same vilkår som 1851. 6/1 1908 tingl. eit dokument der mennene på Hope seier seg villige til å selja «den på eiendommen forefindende vandkraft for 3 000 kr. og årl. avgift 50 kr. indtil arbeidets begyndelse.» Mannen som kjøpte heitte H. Clausen.
1850 utskifning i mindelighet. 1957 offentleg utskifting.

 

Utflytte frå b.nr. 1.

Nr. 11 b. Mons Arneson Hope f. 1849, gm. Sisselie Gramshaug. Bust. Gramshang, Sunnhordland.
Born:       

a.   Brita, bur i Bergen.
b.   Ola, utvandra til Amerika.
c.   Bergitta, utvandra til Amerika.


Nr. 11 h. Henrik Arneson Hope f. 19/7 1859, gm. Synneva frå Sogndalsfjorden. Gards- og farsnamn ukjend, d. 1945. Kreft.
Born:             

Aletta, Hjalmar, Alfred, Ida, Anton, Harald, Sverre, Øyvind, Birger, Alma. Harald og Sverre kom burt ved bombing 1917. Ida er i Amerika. Alle dei andre er døde, dei fleste av tuberkulose.


Nr. 11 i. Andreas Arneson Hope f. 11/11 1861, gm. Kari O. Lindås frå Sunnhordiand. Bust. Fyrst i Sunnhordland, sidan på Wergeland i Brekke.
Born:       

a.   Arne, gm. Henrikka Hansdtr. Brekke. Bust. Wergeland. Born: a. Andreas, hev no yverteke garden på Wergeland. b. Hans, c. Sverre, d. Aslaug.
b.   Kristina. Bust. Førde i Sunnfjord.
c.   Ola Utvandra til Kanada.
d.   Berta. Utvandra til Kanada.
e.   Marta. Utvandra til Kanada.
f.    Martin, gm. Dorthea Børnes frå Risnes i Masfjorden. Bust. Kanada.
g.   Kari. Bur i Kanada, gm. Irgen Tynning.
h.   Karl, gift. Bur i Bergen. Sagmeister.

 

Utflytte frå b.nr. 2

Nr. 12 i. Ragna Lovise Jonsdtr. Hope f. 13/3 1893, gm. Alfred Skavhellen. Bust. Krokeide i Fana. Born: Jon, Gerd, Roald.

 

Nr. 12 j. Olufine Larsina f. 11/12 1895, gm. Dortin Boge frå Vaksdal.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen