MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 18.10.10 -

BRUK 2

Erik, nemnd 1603.


Anders, frå 1610 til 1631. Rekneskapsåret 1610/11 er attåt Anders her og Jørgen på b.nr. 1 nemnd ein Oluff. Men då han er nemnd berre den gongen, vert han ikkje førd under nummer.


Johannes Anderssen. Truleg son til nr. 2. Frå 1631 til 1668 og kh. lenger. Ved manntal 1666 er alderen hans uppgjeven til 70 år, og heime hev han sonen Mogens, 20 år.


Sifuer Toreson, bur på dette bruket 1691. Han er 40 år 1701. Under søner er då ført Mogens Toresen, 12 år. Dersom det ikkje er feuskrift for Mogens Siffuersen, må det anten vore ein Tor fyrr Sifuer, og då er Mogens stykson til Siffuer. Eller Mogens er ein bror til Siffuer og er feilaktig førd for son. Det rette er uråd å finna. Det trulegaste er at det hev butt ein Tor på bruket, og at Siffuer er gm. e. etter han. Siffuer brukar 1691 20 Mk. s.


Sjur Sjurson, er på bruket 1717 og 1721. 1720 fær han uppattnying av bygsli på ½ pd. s., ½ får.


Mons Toreson, d. 1740. Etter alderen som er uppgieve på han då, skulle han vera fødd 1685. Men då slike uppgåvor jamt er usetande, kan han likevel vera den Mogens som 1701 er sagd vera 12 år. Gm. Gjertrud Annfinnsdtr.. frå b.nr. 1.
Born:       

a.   Lisbet f. 1722, gm. Ola Larsson Innstefjord frå Brekke. Bust. Kilstraumen.
b.   Tore f. 1723, d. 1759.
c.   Mons f. ? Nr. 7 her på bruket.
d.   Ola f. ?, gm. e. Herborg Olsdtr. Kalhovda.
e.   Ei dotter f. og d. 1730.
f.    Lars f. 1733.
g.   Annfinn f. 1734.
h.   Sjur f. 1738.
1725 fekk Mons skøyte på bruket. Då han døyr, sel e. til Ole Lagesøn.


Mons Monsson Hope, f. kring 1725, d. 1777. 1751 gm. Marite Trondsdtr. Kalhovda, f. 1711 på b.nr. 1. Barnlaust ekteskap.


1749 skøyte frå Ole Lagesøn til Mons Monsson på 9 mk. s., ½ får for 22 rdl. Mons Monsson hadde 2 uekte born. 1763 sonen Mons med Agate Nilsdtr. Kvamme.


Bendik Bendikson. Fødest. ukjend, f. 1744, d. 1804. 1767 gm. Agate Nilsdtr. Kvamme, f. 1732 på b.nr. 5, d. 1791. 1791 gm. Marta Endresdtr. Instefjord frå Brekke, f. 1757.
Born:       

a.   Ola f. 1793.
b.   Nils f. 1794, d. 1802.
c.   Arne f. 1797, gm. Agate Monsdtr. Fonnebust i Lindås 1822.
d.   Guri f. 1800, gm. Lasse Sjurson Furebotten 1824, b.nr. 1.
e.   Brita f. 1804, gm. em. Anders Sjurson L. Sleire. Sjå Bjørkhaugen, L. Sleire.


1779 fær Bendik skøyte på bruket hjå e. etter Mons Monsson og andre som hadde utlegg i bruket, for 54 rdl.


Ved skifte etter Agate Nilsdtr., tingl. 1792, vert bruket utl. på em. Bendik og på bror til Agate, Mons Monsson Kvamme og på halvsystri Brita Pedersdtr. Kvamme og kreditorar, millom dei Jørgen Klausson Haugsvær. Taksten på bruket var 54 rdl. 1796 skøyter Jørgen Klausson m. fl. til Lasse Jensson Tynning i Brekke for 56 rdl. Lasse bygslar bruket til Bendik Bendikson same året. 1803 fær Jør­gen Klausson skøyte frå Lasse Jensson Risnefjord. Det er same Lasse som fyrr heitte Tynning.


Skoleholder Lars Klausson Fausdal,  f. 1772. 1805 gm. e. Marta Endresdtr. Hope. 1807 tingl. skøyte frå Jørgen Klausson Haugsvær til Lars Klausson.


10  Ola Jetmundson Haugsvær, f. 1777 på b.nr. 4, d. 11/12 1868. Gm. Gyri Arnesdtr. Hope frå b.nr. 1.
Born:       

a.   Siri f. 1812, gm. Rasmus Olson Skjeggedal. Bust. der.
b.   Arne f. 1814. Nr. 11 her på bruket.
c.   Kari f. 1817, gm. Hans Erikson Nordland på b.nr. 2.
1809 skøyte frå Lars Klausson til Ola Jetmundson for 100 rdl. og kår: 1 t. korn, 2 kyr, 8 smale. «Benyttelse af en liden røgstue som de selv eier og som er undtaget gaardskjøbet.»


11  Arne Olson Hope,  f. 1814, d. 18/11 1888.1841 gm. Kari Jonsdtr. Totland, f. 1813 på b.nr. 2, d. 4/3 1906.
Born:       

a.   Ola f. 1843. Bust. Solheim, b.nr. 2.
b.   Jon f. 1845. Nr. 12 her på bruket.
c.   Gyri f. 1847, d. som lite barn.
d.   Arne f. 1850, gm. Johanna Jonsdtr. Haugsvær. Bust. der, b.nr. 3.
e.   Gyri f. 1852, gm. Ola Mikkelson Haugsvær på b.nr. 5.
f.    Rasmus f. 1853, gm. Henrikka Nilsdtr. Kalhovda. Bust. Solheim.
g.   Marta f. 3/6 1860, gm. Magne Erikson Nordland på b.nr. 5.
5/5 1848 skøyte frå Ola Jetmundson til sonen Arne for 50 spdl.


12  Jon Arneson Hope, f. 1845, d. 1513 1904. 17/6 1871 gm. Marta Ivarsdtr. Kvamme, f. 1/10 1846 på b.nr. 5, d. 3/8 1871. 24/6 1874 gm. Kristiana Rasmusdtr. Skjeggedal, f. 2/10 1852, d. 11/1 1949.
Born:       

a.   Marta f. 31/7 1875. Gm. Knut Evenson Krokeide, d. 1949. Bust. Krokeide i Fana.
b.   Karen f. 6/7 1878, gm. Rasmus Johannesson Aridvik frå b.nr. 1.
c.   Arne f. 21/3 1880, gm. Ingeborg Johanna Evensdtr. Krok­eid frå Fana. Bust. Knappen under Solheim.
d.   Rasmus f. 8/6 1881. Nr. 13 her på bruket.
e.   Sigrid f. 7/6 1884.
f.    Gjert f. 29/3 1886, d. 4/8 1908 ved ei ulukke.
g.   Josefina Kristina f. 26/7 1887, gm. Ole O. Øvrebø, Måløy, d. 1955.
h.   Magne f. 6/7 1889. Bust. Solheim, b.nr. 2.
i     Ragna Lovisa f. 13/3 1893. Sjå utflytte.
j.    Olufina Larsina f. 1142 1895. Sjå utflytte.
k.   Kristina Maria f. 23/5 1897. Arb. på Hops fabrikk i Fana.
30/10 1875 skøyte frå Arne Olson til sonen Jon for 350 spdl. og kår: (190 spdl.).


13  Rasmus Jonson Hope, f. 8/6 1881, d. 18/6 1969. 5/7 1916 gm. Marta Johannesdtr. Nordland f. 8/10 1885 på b.nr. 1, d. 20/9 1963. Ved skifte etter Jon Arneson vart bruket utlagd på sonen Rasmus for 1 800 kr.


Dei var barnlause og tok til oppfostring 2 av borna til bror til Marta - Erik - busett på heimebruket: Judith Oliva f. 6/3 1911 og Einar f. 2/12 1916.
Judith vart 10/6 1942 gm. Ole P. Staveli frå Vesterålen. Dei hadde eit barn som døydde årsgamalt. Dei kjøpte gard på Aksnes i Kvam. Judith d.1945.


14  Einar Magne Nordland, f. 2/12 1916, d. 16/10 1991. Gift 10/6 1942 m. Borghild Stusdal, f. 1/5 1911 i Hosanger.
Born:       

a.   Willy Kristiansen f. 9/10 1943 på Askøy.
b.   Inger Johanne Rollstad f. 27/3 1948 i Bergen, g. 11/8 1973 m. Torstein Valland Tveit. Bur i Vikøy i Kvam.
Deira born:
a.     Nils Einar f. 23/7 1974
b.     Silje f. 27/3 1980
Skøyte grb.f. 23/3 1959 til Einar Magne Nordland og kona for 2000 kr og kår.


15  Willy Nordland f. 9/10 1943 (14a), g. 11/7 1970 m. Liv Jorun Asheim, f. 20/4 1949 i Gulen.
Born:       

a.   Bjørn Egil f. 8/12 1971
b.   Solfrid f. 9/10 1973
Skøyte 7/12 1979 til Willy og Liv Jorun Nordland for kr 35000.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen