MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 12.10.10 -

YMSE

 

Rasmus Rognaldson L. Matre, f. 1787 på b.nr. 3. 1825 gm. Gun­hild Olsdtr. Hope. Truleg frå Hopsøyri under Vågset. Dei fekk sonen Lars på Solheim. Kallast då tenarar. Ein finn dei sidan på L. Matre.
23/5 1889 f. Arne. Foreldre: inderst Johan Karlson og Gunhild Olsdtr.


Erik Arneson Fosse, f. 1855 på b.nr. 1 24/7 1885 gm. Tilla Jør­gensdtr. Kringlen.
Born:             

Arne f. 17/6 1886.
Erik kom sidan til Midttun i Gulen.
Martin Knutson Furebotten frå b.nr. 2, gm. Engel Gudmundsdtr. Kvingedal, b.nr. 1.
Born fødde på Solheim:
a.   Kaspar f. 10/8 1883.
b.   Malena f. 4/8 1885, gm. Matias Hansson Haukeland.
c.   Ananias f. 19/6 1888. Bust. Bergen.
d.   Aletta f. 5/4 1891.


Martin Furebotten var inderst på Solheim. Flytte sidan til Haukeland. Sjå der.
29/3 1879 f. Olai. Foreldre: gdbr. Bemt Olson og Brita Larsdtr. Solheim. Kven dette er, gjeng ikkje fram av det som finst i bøkene for Masfjorden


Karl Johannesson S. Hope, f. 16/9 1872 på b.nr. 4. 29/12 1894 gm. Bertina Sofia Nilsdtr. Kalhovda f. 7/5 1873 på b.nr. 4.
Barn f. på Solheim: Johannes f. 4/12 1897.
Dei flytte sidan til Vaksdal. Han skomakar.


Sersjant Johannes Matiasson Kringlebotten og kona Malena Arnesdtr.., f. Fosse frå b.nr. 1.
Barn f. på Solheim: Agnar f. 29/11 1892. Jurist. Byråsjef i deptet.


Kringlebotten dreiv landhandel i Jørgen Nilsson bud ei liti tid. Flytte so til Myking og var handelsmann der ei tid. So vart han tilsett på underfutkontoret i Bergen, der han døydde. E. etter han bur no, 1944, på Leirvik på Stord.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen