MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 12.10.10 -

BRUK 6 - 8

 

BRUK 6. NESSET

Utskilt frå b.nr. 1. Grbf. 9/7 1936.


Karl Ivarson Eikemo, f. 28/7 1904 på Eikemo b.nr. 1 (15f), d. 18/10 1986.
Skøyte til Karl Eikemo i testamentet til Marta Kristensdtr. Solheim.
Skifteskøyte 17/2 1989 til Kristen B. Solheim.

 

Feste under b.nr. 6

Karstein Bjarne Duesund, f. 2/7 1934 på Solheim b.nr. 8 (2f), g. 13/2 1963 m. Doreen Robinson f. 4/4 1933 i Newcastle, England. Før dette ekteskapet hadde Doreen dottera:
a.   Marie Bernadette, f. 22/12 1960
Saman har dei desse borna:
b.   Ingrid Joan f. 9/7 1963
c.   Valli Karin f. 29/6 1964
d.   Karstein Bjarne f. 8/6 1965, d. sept. 1965
e.   Kristen John f. 14/6 1966
f.    Karstein Bjarne f. 14/6 1966.
Ekteskapet er oppløyst.
Festekontrakt 28/11 1964 til Karstein Bjarne Duesund for 99 år mot ei årleg avgift på kr 100.
Grunnen overført frå Kristen Solheim til Doreen Robinson utan vederlag.

 

BRUK 7. SJØHOLA

Utskilt frå b.nr. 6, 12/5 1938.


Her sette pensjonert lærar Rasmus Mikkelson Haugsvær (sjå Eikemo) upp hus og budde her på sine eldre dagar. Marta og Mikal Eikemo, born til Rasmus M. Haugsvær, fekk festesetel på husetufti 7/9 1926. Ved tvangsforretning vart sidan tufti oreigna til Marta og Mikal og 29/9 1938 er grbf. skøyte til dei for 650 kr. Johannes K. Solheim (sjå b.nr. 6 Kalhovde) budde i ei bud i fjøra på denne staden fyrr Rasmus Mikkelson flytte her til. (Johans på Buen).
Marta Eikemo f. 17/3 1872, d. 12/4 1964.
Mikal Eikemo f. 2/9 1876, d. 21/6 1957.
Sigrid Eikemo f. 28/5 1882, d. 15/5 1965 budde i dette huset i sine eldre år til dei døydde.
Dessutan budde Ragnvald Eikemo her ofte.
Ved testamente vart eigedomen overdregen til brorsonen Ragnar Kasparson Eikemo.

 

BRUK 8. STEMMEMYREN

Utskilt frå b.nr. 1, 21/8 1939.


1  Erik Magneson Askeland frå Myking, f. 1859, d. 3/10 1928. Drukna. 19/11 1886 gm. Malena Henriksdtr. Solheim, f. 18/4 1856 på b.nr. 1, d. 24/6 1924.
Born:       

a.   Maria Kristina f. 19/6 1899. Mor Marta Berntsdtr. Sjå under nr. 2 her på bruket.


Kristen Kristenson Duesund, f. 24/8 1896, d. 17/5 1970. 24/8 1921 gm. Maria Kristina Eriksdtr. Askeland f. 19/6 1899, d. 25/6 1947. Mor til Maria: Marta Berentsdtr. budde der til ho døydde den 14/10 1962.
Born:       

a.   Erik f. 8/3 1922. Nr. 3 her på bruket.
b.   Kåre Alf f. 19/2 1923. Gm. Kristina Eikemo. Bur på b.nr. 6. Sjå der.
c.   Ragnar f. 15/4 1926. Gm. Maria Furebotten. Bur på b.nr. 17.
d.   Margun f. 30/7 1928 gm. Kristian Fjell. Bur der.
e.   Joan Olufina f. 15/11 1931 gm. Jermund Haugsvær. Bur der på b.nr. 25.
f.    Karstein Bjarne f. 2/7 1934, gm. Doren Robinson, sjå b.nr. 6.
21/8 1939 skøyte frå Kristen Henrikson Solheim til Kristen Duesund og kona Maria Eriksdtr. for 600 kr.


Erik Duesund f. 8/3 1922, (2a) g. 11/9 1954 m. Gerd Duesund f. 17/6 1922 på Tverberg, b.nr. 3 (1i).
Skøyte tingl. 17/7 1970 frå arvingane etter Kristen Duesund til medarving Erik Duesund for kr 5000.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen