MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 44. SOLHEIM

 

BRUK 1 BRUK 2 KNAPPEN UNDER SOLHEIM
SOLHEIMSNESET BRUK 3 OG 4 BRUK 5
BRUK 6 - 8 BRUK 9 INDERST
BRUK 12 - 21 BRUK 23 - 57 YMSE

 

Solheim, Solheimsneset

Solheim, Solheimsneset

 

 

Um namnet seier O. Rygh at det kjem av sol og heimr.


Ymse skrivemåtar: 1567 Soleim. Likeeins 1624 og 1629. Solum var det skreve 1563, 1603, 1610, 1612, 1618, 1620 og fleire gonger. 1621 Saalum. 1612 og fleire gonger Sollum. 1608, 1613, 1615 og fleire gonger Sollum. 1614 og 1627 Sollemb. 1611, 1623 og 1648 Solemb. 1641 og 1645 Soelem. I matriklane 1665 Sollenib. 1718 og 1723 Solem. 1828 Soleim. 1886 og sidan Solheim.


Grensor: I sud til fjorden, i vest til Eikemo, i nord til Kalhovda og Furebotten og i aust til Vågset.


Eigedomstilhøvi: 1624 er garden benefisert Korskyrkja i Bergen. 1686 er det sagt at garden er benefisert Lektoratet, men det er sagt berre det året, og neste gong eigedomstilhøvet er nemnd, 1691, då er det sagt Korskyrkja, so det med lektoratet er vel helst feil. Bruki vart skøytte til leiglendingane 1833.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645: Soelem. Iffuer Lauritzen. Ko.: Randi. Th. Dreng Anders. Joen. Ko.: Anne. Th. Dreng Oele. Huusmand Johannes. Ko.: Agota.


Kvegskattmanntal 1657: Sollem. Michel 1 Hest, 3 Kiør, 2 Gieder, 3 Faaer. Knud 1 Hest, 4 Kiør, 1 Quie, 3 Gieder, 2 Faaer.


Matrikler etter reskript frå 1665: Sollemb. Landsk. Smør ½ Løb. Malt 3 Meler. Saar 4 Td., afler 71/2 Td. Føder 18 Nød, 1 Hest. Kan tiende 3 Meler. Brendeskoug og noget til husbehoef. Kan skatte af ½ Løb 18 Mk. Smør.


Skattemanntal 1666: Soleimb. Skylder ½ Løb, Malt 3 Meler. Knud bruger 1 Sp. Smør, 1 ½ Mele Malt. 40 Aar g. Tienestedreng Bertel 15 Aar g. Joen 12 Aar g. Johans bruger 1 Sp. Smør, 1½ Mele Malt, 40 Aar g. Stiffsønn Niels Miehelsen 12 Aar g.


Manntal 1701: Sollem. Jørgen Larsen 35 Aar g. Olle Johansen 60 Aar g. Soldat Ifuer Hansen Tuerberg 26 Aar g.


Prøvematrikel 1721: Soleni. Jørgen Larsen og Steffen Erichsen. Saar 2 2/7 Td., høster 9 Td. Føder 12 Nød, 9 Faaer, 2 Hester. Korskirken i Bergen allernaadigst beneficeret. Ligger ved Søen, maade­lig jordart men tungvunden, tager skade af fjeldskreder for hvilken den er befrøktelig fare undergiven. Furuskoug til fornøden Bren­defang og lidt til husbehoef. Udgifter 6 Rdl. 1½ Mk. 11/5 Sk.


Matrikeltaksten 1723: Solem. 2 Mand. Landsk. ½ Løb Smør, 2 Meler Malt. Korskirken i Bergen med bøxel tilhørende. Intet Sætter. Brendeskoug og Fureskoug til husfornødenhed. 1 flom­qvern. Ligger ved Søen 8 Mil fra Bergen. Maadelig Kornart og Schels letvunden, men lider fare for fjeldskred. Saar Havre 3 Td., afler 10 Td., føder 8 Kiør, 8 Ungnød, 12 Faaer, 2 Hester. Skyldi sett upp frå 2 til 3 pd., 6 mk. med 6 mk. Lever af qvegets Afling og lit Brendeved at selge.

 

BRUKARAR

Axelnemnd 1519 og 1522. Einebrukar.


Nielsnemnd 1563. Einebrukar.


Johansnemnd fyrste gong 1603, siste gong 1631. Einebrukar til 1624.


Niels attåt Johans frå 1624. Frå då er det alltid 2 mann på garden. Nils er nemnd siste gong 1636.


Joen kjem etter Johans frå 1631. Han er nemnd 1649. Ved manntalet 1645 hev han kona Anna.


Iffuer er den eine brukaren frå 1640. Ved manntalet 1645 hev han kona Randi. Attåt dei 2 bøndene 1645 var der det året husmann Johans med kona Agota.


Michel og Knud 1657. Michel nemnd berre det året, og ettermannen Johannes er nemnd fyrste gong 1662. Han hev vore gm. e. etter Michel, for 1666 hev han styksonen Niels Michelsen. Knud er nemnd siste gong 1668. So er det ikkje råd å finna namni på bruka­rane fyrr 1691. Johannes er då framleis brukar og attåt han er det Ole Johannesen.


1701 er det komen Jørgen Larsen på bruket etter Johannes.
Ola Johannesen er brukar framleis. 1771 heitte den eine brukaren Lars. Jørgen Larsson var framleis den eine. Han er nemnd siste gongen 1720, då han fær bygsli uppattnya. Steffen Erikson var då på det andre bruket.

 

 

 

 

 

Foto: Ivar Helge Matre

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen