MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 30.09.10 -

INDERST ELLER HUSMANN

 

Nils Henrikson St. Matre f. 1826 på b.nr. 1. 4/7 1854 gm. Anna Jørgensdtr. Kalhovda f. 1826 på b.nr. 2, d. 22/4 1882. 10/6 1887 gm. e. Andrea Bertelsdtr.  I Haugsdal.
Born:       

a.   Marta f. 14/7 1855.
b.   Henrikka f. 1856, gm. Rasmus Arneson I. Hope. Bust. Solheim. Sjå der under handverkarar og handelsmenn.
c.   Gurina f. 1861, gm. Ola Olson I. Haugsdal på b.nr. 4.
d.   Malena f. 14/9 1870.


Nils Henrikson kallast stundom husmann og stundom inderst. Han kjøpte seg gardsbruk på garden Støldal i Sogn(?) Han hadde nok  born  fødde på Støldal. På sine eldre dagar kom han attende til Masfjorden og budde i I. Haugsdal, visstnok på eit stykke som kallast «Vångjæ».


Ymse, som det ikkje hev lukkast å få sett i samanheng med det ein elles hev funne um garden og folket der:
1756 jordfest Anders Kalhovda 63 år gamal
1752 jordfest Jørgen Nilsen Kalhovda 67 år gamal
1755 jordfest Gjertrud Kalhovda 70 år gamal
17/5 1848 død husmanns kona Anna Larsdtr. Kalhovda, 78 år g.
6/5 1857 død Ingeborg Ivarsdtr. Loftås, Kalhovda, 30 år gamal
15/6 1863 død inderst Nils Andersen Kalhovda, 71 år gamal.


Den siste kan vera bror til Sjur Andersson frå Torsvik. Husmann. Sjur Andersson Torsvik hadde ein 3 år gamal son ved folketeljingi 1801. Men då er alderen ved dødsfallet feil uppgjeve.


Johannes Johannesson Haugland frå Brekke f. 1851, var gm. Agate Johannesdtr. Frambrekke. Fekk desse born i Masfjorden
a.   Johannes Gjertin f. 1892.
b.   Johan Olai f. 1894.
c.   Mari f. 1896.
Han budde sidan ei tid på Sognefest og sidan Gryten i Gulen.

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen