MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 30.09.10 -

BRUK 6 - 10

 

BRUK 6. HOLEN

Utskilt frå b.nr. 1, 3, 4 og 5, tingl. 9/9 1916


Klaus Olson Eikemosæteren, f. 1798, d. 21/6 1856, 1839 gm. Anna Nilsdtr. Kalhovda f. 1808 på b.nr. 3.
Born:       

a.   Ola f. 16/12 1843, d. ung.
b.   Olina f. og d. 1844.
c.   Ola f. 19/10 1846. Flytte til Bergen. Sjå utflytte.
d.   Anna Martina f. 9/12 1854, gm. Jørgen Nilsson Kalhovda. Bust. Solheim. Sjå under handelsmenn der.
Klaus var plassmann.


Johannes Knutson Solheim, f. 1829 på b.nr. 1, d. på Sol­heim 16/9 1903.18/10 1857 gm. e. Anna Nilsdtr. Kalhovda, d. 28/8 1891. Dei budde ei tid i Holen, men flytte sidan til Solheim og budde der i ei timbra bud, Joans på Buen. No b.nr. 7 på Solheim.


Jon Rognaldson Solheim, f. 9/4 1852 på b.nr. 2, d. 7/1 1913. 17/5 1875 gm. Kari Rasmusdtr. Skjeggedal f. 28/3 1846 på b.nr. 1, d. 11/5 1918.
Born:       

a.   Rasmus f. 14/2 1876. Bonde på Leivestad i Seim.
b.   Ananias f. 6/9 1879, gm. Ida Jonsdtr. Tangedal 19/4 1901. Ho var frå Eikebotten under Tangedal. Ananias er ar­beidar i Bergen.
c.   Rognald f. 8/9 1883. Amerika.
d.   Ludvig f. 18/5 1887, d. 4/1 1897. Gjekk gjenom isen og drukna.
30/10 1875 festesetel frå eigarane av b.nr. 1, 3, 4 og 5 til Jon Rognaldson Solheim på plasset Holen med påhefte av kår til Jo­hannes Knutson og Anna Nilsdtr.


Rasmus Larsson Skuggedal f. 29/3 1886 i Barlindbotn (2c), d. 13/9 1960. Gift 16/6 1914 m. Lovise Aletta Jetmundsdtr. Kalhovda, f. 15/9 1889 på b.nr. 5 (4a), d. 20/4 1966.
Sjå nærare om denne huslyden under b.nr. 5.
Kjøpekontrakt til Rasmus Larsson dagsett 20/5 1914 for 1000 kr.


Far til Rasmus Larsson, Lars Rasmusson Skuggedal f. 17/7 1855, kjøpte b.nr. 6 av sonen i 1921. Sonen flytte då til b.nr. 5.
Sjå nærare om denne huslyden i Barlindbotn under Skuggedal.
Etter at Lars Rasmusson var død,styrte tre av borna bruket.
Det var:
b.   Malena f. 27/6 1884, d. 4/10 1965
e.   Sigrid f. 19/7 1890, d. 28/1 1969
f.    Baste f. 12/2 1893, d. 5/12 1980.
Skøyte 15/11 1974 til Magnus og Laura Skuggedal. Verdi kr. 8000.
Skøyte 16/12 1987 til Henning Skuggedal for kr 6000 for b.nr. 6 og 5.

 

Utflytte frå b.nr. 6.

Nr. 1 c. Ola Klaussen Kalhovda f. 19/11 1846, d. 23/9 1930. 3/11 1872 gm. Emilie Elisabeth Martens, Bergen f. 1845, d. 1880. 18/4 1881 gm. e. Augusta Karine Sørensen, f. Bosse f. 1844, d. 1915.
Born:       

a.)   Claus Emil f. 1873, d. 1874.
b.)   Claus Emil f. 1875. Utvandra til Amerika.
c.)   Fredrik Marius f. 1876. Utvandra til Amerika.
d.)   Astrid f. 1878, d. 1884.
e.)   Nicolai f. og d. 1880.
f.)    Olaf f. 1882, d. 1884.
g.)   Astrid Marie f. 5/6 1884. ¾ 1912 gm. Konrad Olseth.
Deira born:
a.     Erna Olseth f. 10/1 1913.
b.     Kristen f. 30/4 1916.

-------------------------------------------------------
h.)   Olaf August f. 1886, d. 1944. 11/9 1915 gm. Agnes Fuhr­meister. Barnlaust ekteskap.
Ola Klaussen var 50 år i firmaet Kroepelins Enke (sjef for vinlageret). Olaf August Klaussen var avdelingssjef hjå Berstad, Bergen.

 

Bruk 10. UTSIKTEN

Utskilt frå b.nr. 4


Lars Langhelle f. 31/10 1951 på b.nr. 4 (13c), g. 26/11 1977 m. Lillian Helga Ynnesdal, f. 19/2 1956 på Molland b.nr. 7 (6a).
Born:       

a.   Roger f. 6/4 1978
b.   Ørjan f. 3/10 1980
c.   Lene f. 19/5 1986
Skøyte 9/2 1979 til Lars og Lillian Langhelle utan vederlag.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen