MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 30.09.10 -

BRUK 4 (og 5)

 

Nils. Nemnd berre 1612. So er det berre ein brukar på garden til kring 1650.


Bertel frå 1657 til 1668 og kh. lenger. 1666 er han sagd vera 52 år gamal Han brukte då halve garden.


Halstein brukte halve garden 1691.


Nils Monssener 1701 32 år og hev desse styksøner:
a.   Guttorm Halsteinson 7 år.
b.   Mons Halsteinson 5 år. Nr. 5 her på bruket.
c.   Gullik Halsteinson 3 år.
Nils Monsson hev altso vore gm. e. etter Halstein.


Mons Halsteinson Kalhovda f. 1694, d. 1765. Det hev ikkje vore råd finna namnet på kona til Mons.
Born:       

a.   Ragnhild f. 1728, gm. Jørgen Steffenson Solheim 1757 på b.nr. 1.
b.   Guttorm f. 1731, gm. lngeborg Rognaldson Odnekvanune. Bust. der.
c.   Knut f. 1734, gm. Brita Johannesdtr. Odnekvamme. Bust. der.
d.   Brita f. 1736. Sjå under 6 her på bruket.
1728 fekk Mons Halsteinson bygslet på ½ 1. s.


Hans Larsson Haugsvær f. 1728 på b.nr. 1. 1758? gm. Brita Monsdtr. Kalhovda f. 1736, d. 1791.
Born:       

a.   Marta f. 1771. Sjå under nr. 7 her på bruket
b.   Mons f. og d. 1773.
c.   Lars f. 1773, gm. Ragnhild Olsdtn N. Kvinge 1803. Bust. der på b.nr. 1.
d.   Ragnhild f. 1777, gm. Steffen Jørgenson Hindnes i Myking.
e.   Kari f. 1782.
Hans Larsson fær bygsel 1762 på ¼ 1. s. NB. Som ein ser er Hans Larsson gift 1758, men fær ikkje born fyrr 1771. Men etter høkene er det heilt rett. Truleg må årstalet for giftarmålet vera feil.


Baste Jørgenson Ytre Hindnes frå Myking f. 1763, d. 1811.
1792 gm. Marta Hansdtr. Kalhovda f. 1771, d. 1802. 1802 gm. e. Randi Ingebrigtsdtr. Kringlebotten f. 1761, d. 28/5 1844. Randi hadde vore gm. Gullik Halvordson Fosse og hadde med han dotteri Marta. Sjå under Nr. 1 på b.nr. 5.

Born:       

a.   Brita f. 1792, d. 1822. Tenestegjenta.
b.   Hans f. 1796, d. 1805.
c.   Ingeborg f. 1799, d. 1843.
d.   Marta f. 1803, gm. Lars Olson Kvamsdal 1826. Han frå b.nr. 1. Dei fekk sonen Sjur på Kalhovda 1826. Fekk bygsel på eit plass under Hodneland i Myking.
e.   Kari f. 1806, gm. em. Anders Ivarson Haugsvær. Han var frå Kringlebotten og var plassmann under b.nr. 5 på Haugs­vær.
1792 bygsel på 14 1. s. fyrr brukt av Hans Larsson. Kva tid Hans fekk bygsel på den siste ¼ l., hev ein ikkje funne noko um.


Sjur Anderson Torsvikd. 30/4 1861. Han må vera son til ein plassmann i Torsvik. Ved folketeljingi 1801 budde der ein plassmann, som heitte Anders Nilsson. Men han hadde ikkje sonen Sjur heima då. 1812 gm. e. Randi Ingebrigtsdtr. Kalhovda, d. 12/5 1844. 13/6 1845 gm. e. Kari Jørgensdtr. Kjetland, d. 11/8 1871. Ho var e. etter Lars Sevatson Kjetland, som 1827 fekk bygsel på 18 mk. s. hjå Anders Sevatson Kjetland på Kjetland. Ho fekk kår av Kjetland. Sjur Andersson fekk fyrst «forpaktningskontrakt» for 3 år, og 1832 fekk han kongel. skøyte på ¾ l. s. Bruket selde han same året til myntling Orlaug Olsdtr. Sætre, men fekk bygsla på 18 mk. 5. Han sikra seg med det same kår til seg og kona, når han gav frå seg bruket.


Um hin halvparten av den halve laupen som Orlog kjøpte, vil ein finna under b.nr. 5.


Nils Jørgenson Kalhovda f. 1829 på b.nr. 2, d. 22/6 1902. 24/6 1850 gm. Marta Henriksdtn St. Matre f. 1829 på b.nr. 1, d. 8/8 1867. 29/6 1868 gm. e. Ågot Jensdtr. f. Kringlen frå b.nr. 5.
Born:       

a.   Jørgen f. 7/1 1851, gm. Anna Martina Klausdtr. Kalhovda. Bust Solheim. Sjå under handelsmenn der.
b.   Henrik f. 16/9 1854. Nr. 10 her på bruket.
c.   Martin f. 17/2 1857. Sjå under plassmenn på Kalhovda.
d.   Gunnar f. og d. 1859. Tvilling med ein dødfødd.
e.   Ein Gunnar d. 23/3 1861, men han kan vera son til Nils Henrikson. Sjå under inderstar.
f.    Sjur f. 18/1 1864.
g.   Tilla Marta f. 6/10 1870. (Gift på Mongstad.)
h.   Bertina Sofia f. 7/5 1873, gm. skomakar Karl Johannesson S. Hope frå b.nr. 4. Karl var fyrst ei liti tid skomakar på Solheim, men flytte so til Vaksdal.
i.    Jens Severin f. 8/8 1876. Militær våpensmed. Han hev ogso havt smedverkstader ymse stader, sist Hordasmidja i Isdalstø i Hamre. D. 30/9 1952.
1851 bygsel frå Orlaug Olsdtr. Sætre til Nils Jørgenson. Nils svara kår til Sjur Andersson og kona og til Orlaug.


10  Henrik Nilsson Kalhovda f. 16/9 1854, d. 2/11 1918. 13/11 1875 gm. Sigrid Larsdtr. Haukeland f. 1853, d. 30/l2 1888. 3/7 1891 gm. Kari Arnesdtr. Kringlen frå Brekke f. 1866.
Born:       

a.   Marta Elisabet f. 16/10 1876, gm. Ivar Jonson Kvamme på b.nr. 5.
b.   Lars f. 21/9 1877, d. 9/5 1902.
c.   Nils f. 1879, d. 1881.
d.   Agate Kristina f. 9/1 1881. Utvandra til Amerika 1900.
e.   Elisabet f. 1884, d. 1885.
f.    Elisabet f. 10/10 1885, d. 4/2 1972, gm. glasblåsar Marius Olson f. i Larvik 1886, son til murararbeidar Martin Olson. Marius Olson og kona bur på Flesland i Fana.
g.   Nilsina Martina f. 28/3 1883. Utvandra til Amerika.
h.   Sigurd Stefan f. 8/3 1892. Utvandra til Amerika. d. 10/6 1960.
i.    Orlaug Regina f. 9/4 1895, gm. Otto Ottoson Solheim, sjå Solheimneset.
j.    Tilla Laurentse f. 8/10 1897.1920 gm. Ingvald M. Haukøy f. 15/11 1888. Bur i Alberta, Canada.
k.   Arne Andreas f. 6/12 1900. Utvandra til Amerika.
l.    Larsina Agate f. 8/5 1902. Sjå under nr. 11 her på bruket.
m.  Sigrid Bertina f. 16/2 1905, gm. Lars Ellingson Langhelle 24/1 1925.
n.   Jørgen Nils f. 17/6 1907. Utvandra til Amerika.


30/11 1872 skøyte frå Ola Klausson Kalhovda, broren til Orlaug Sætre, til Henrik Nilsson for 310 spdl. 3/6 1875 kårebrev frå Henrik til faren og stykmori Ågot Jensdtr.


11  Joakim Jonson Hennøy f. 15/10 1899 i Hjelma, d. 18/9 1988. Gift 4/8 1932 m. Larsina Agate Henriksdtr. Kalhovda, f. 8/5 1902 d. 7/8 1990. (10l).
Skøyte 16/11 1925 til Larsina Henriksdtr. for 5000 kr og kår  til Kari Arnesdtr.


12  Henrik Larsson Langhelle f. 9/12 1928 i Vaksdal (son til nr.10m ovanfor), g. 16/6 1951 m. Dorthea Gabrielsdtr. Sandnes, f. 23/8 1931 på St. Sleire b.nr. 9 (8a).
Born:       

a.   Lars f. 31/10 1951. Sjå b.nr. 10.
b.   Rune f. 19/2 1955, g. 2/6 1979 m. Margrete Duesund. Bur på Kvamme b.nr. 12.
c.   Frode f. 20/6 1960, g. 29/6 1985 m. Magnhild Rørtveit. Bur på Store Matre b.nr. 5.
Skøyte 8/5 1957 til Henrik og Dorthea Langhelle for kr 10000 og kår til Joakim og Larsina Hennø.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen