MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.12.10 -

BRUK 1

 

Mons Ivarson N. Haugsdal, f. 1812 på b.nr. 6, d. 19/12 1853. 1840 gm. Olina Rasmusdtr. Eikemo f. 1812 på b.nr. 1, d. 1841.1843 gm. Marta Olsdtr. Eikemo f. 1818 på b.nr. 2. Då mannen d., vart ho gm. em., plassmann, Jørgen Jørgenson Kalhovda, og 1881 vart ho gm. em., kormann, Rasmus Olson Haugsvær. Mons Ivarson Haugsdal var lærar for gardane på nordre sida av Masfjorden.
Born:       

a.   Ivar f. 1841, d. 30/5 1867.
b.   Ola f. 1844, d. 15/8 1864.
c.   Rasmus f. 1846. Reiste til Amerika.
d.   Gjertrud f. 1/9 1852, d. 8/1 1875. «Sindssyg Pige».
e.   Olai f. 1852.
f.    Monsina f. 1853, gm. Gunnar Jørgenson Kalhovda 19/6 1872. Sjå under handverkarar på Sandnes.


1840 skøyte frå Rasmus Ivarson Eikemo til Mons Ivarson på 6 mk. s. for 60 spdl. og kår: Kvart tredje år fo til ei ku og kvart år fo til ein sau med lam. Årleg 2 v.korn og 6 skj. potetor fritt tilsend.


Jon Andersson Hosteland, f. 1816 på b.nr. 3, d. 28/8 1890. 18/6 1849 gm. Gjertrud Rasmusdtr. Kvamsdal f. 1821 på plasset Teigane, d. ¾ 1903.
Born:       

a.   Mons f. 1850. Nr. 3 her på bruket.
b.   Anders f. 1852, d. 12/4 1876.
c.   Rasmus f. 1856. Sjå under inderstar på Eikemo.


27/5 1859 bygselbrev frå Ivar Monsson, som 1841 hadde fenge bruket utl. på seg ved skifte etter mori, Olina Rasmusdtr.


Mons Jonson Sætre, f. 1850. 24/6 1874 gm. Brita Jørgensdtr. Kalhovda f. 1851 på b.nr. 1.
Born:       

a.   Jon f. 5/2 1875. Nr. 4 her på bruket.
b.   Jørgen f. 12/3 1883. Bust. Kalhovda, b.nr. 1.


3/6 1869 skøyte frå Rasmus Monsson til Mons Jonson Sætre for 255 spdl. Denne Rasmus Monsson som no skøyter bruket burt, må vera sonen til Mons Ivarson frå N. Haugsdal. Sjå c. under brukar nr. 1 her på bruket. Mons Jonson selde bruket her og flutte til  b.nr. 1 på Kalhovda, der han d. 6/7 1912.


Jon Monsson Sætre, f. 5/2 1875. 18/6 1898 gm. Anna Malena Jakobsdtr. Bratland f. 26/11 1873 i Rådal i Fana. Barn fødde i Masfjorden a. Brita f. 7/5 1899, b. Jakob f. 27/12 1901.
Jon er agronom frå Stend jordbruksskule. Han styrde bruket her nokre år, men kjøpte ikkje. Flytte til Laksevåg, der han pakta gard ei tid og dreiv visstnok vognmannsforretning.


Ingvald Andersson Mjøs. 14/12 1903 skøyte frå Mons Jonson Sætre til Ingvald Andersson Mjøs for 3 200 kr.


Søren Sjurson Stordal, f. 2/11 1866 i Stordal under Fosse, d. 8/11 1934. 15/6 1890 gm. Ragnhild Helena Annfinnsdtr. Fure­botten f. 17/1 1867 på b.nr. 3.
Born:       

a.   Sofia f. 17/1 1892, gm. Bernt Olson Fosse 1041 1917. Bemt f. på ein plass under Fosse.
b.   Annfinn f. 29/6 1895, gm. Brita Thorseth og bur på Sunn­møre.
c.   Martin f. 1898, d. 28/8 1919. Tuberkulose.
d.   Rasmus Andreas f. 15/4 1901, d. 13/6 1906.
e.   Dagny f. 18/10 1904. Sjå nedanfor.
f.    Agnes Johanna f. 3/3 1909, d. 4/5 1924.


5/12 1906 auksjonsskøyte etter tvangsauksjon til Søren Sjurson Stordal for 2 700 kr.
Dagny Sørensdtr. Sætre, f. 18/10 1904. 20/5 1927 gm. Hans Rasmusson Fosse f. i Ålesund 1906, son til Rasmus Olson Fosse frå Fosse i Masfjorden. Dei fekk dotteri Agnes 18/6 1927.


Gabriel Ingvaldson Sandnes,  f. 23/3 1908 på gn 10, b.nr. 1. Gm. Borghild Andreasdtr. Vabu frå Fossdalshaugen f. 24/5 1909.
Born:       

a.   Dorthea f. 1931, gm. Henrik Langhelle, Kalhovde.
b.   Klara f. 18/7 1933, gm. Reidar Birkeland. Sjå Frøyset b.nr. 23.
c.   Ingvald f. 19/9 1934. Sjå Frøyset b.nr. 5.
d.   Olav f. 1935. Ugift. Bur i Bergen.
e.   Gardar f. 1938, gm. Liv Hauge. Bur i Fana.
f.    Laila f. 1945, gm. Terje Myrvang, Risnes.
19/11 1934 skøyte frå Søren Sjurson til Gabriel Ingvaldson Sandnes for 2 400 kr. og kår.


Arne Ivarson Eikemo,  f. 26/11 1909 på g.nr. 40.
26/6 1952 grbf. skøyte frå Gabriel Ingvaldson Sandnes til Arne Ivarson Eikemo for 5 000 kr.

Arne har ikkje butt på bruket. Det er nedlagd.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen