MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.12.10 -

PLASSMENN OG INDERSTAR

 

Bendik Klausson Kvamsdal, f. 1830 på b.nr. 3, d. 10/5 1895.18/7 1856 gm. Åsa Rasmusdtr. Haugsvær f. 1830 på b.nr. 5, d. 30/5 1900.
Born:       

a.   Ivar f. 13/6 1853, fyrr foreldri var gifte. Ivar gm. Malena Ivarsdtr. Furnes frå Gulen 29/6 1882. Dei fekk desse born på Eikemo: Aletta f. 26/3 1883, Ivar f. 18/3 1885.
b.   Kristiana f. 1858, gm. Rasmus Jonson Sætre. Sjå nedanfor.
c.   Lars f. 28/12 1860. Budde fyrst i Gulen og sidan i Haus.
d.   Rasmus f. 8/5 1864. 20/5 1889 gm. Sygni Olsdtr. Haugsvær frå plasset Skaret f. 1861. Dei fekk dotteri Åsa 5/11 1889.
e.   Isak f. 6/4 1867, 30/6 1893 gm. Anna Kristina Eriksdtr. Sandnes f. på  b.nr. 1. Sjå under utflytte på Sandnes.
f.    Kaspar f. 20/6 1869, d. 26/12 1876.
3/11 1854 festesetel frå Erik Andersson m.fl. til Bendik Klausson Kvamsdal og Åsa Rasmusdtr. på Næpegjærdet m.m.


Rasmus Jonson Sætre, f. 1856 på b.nr. 1, Eikemosætren. 22/10 1884 gm. Kristiana Bendiksdtr. Eikemo f. 1858 på plasset.
Born:       

a.   Gjertrud f. 11/1 1885, g. og bur på Søylen i Fana.
b.   Åsa Bertina f. 12/12 1889, g. og bur på Laksevåg.
c.   Josefine Andrea f. 1892, gm. skipsførar Pedersen. Busett utanfor Oslo.
d.   Karen f. 1/9 1894, g. og bur i Bergen.
e.   Anders f. 10/7 1900, bur på Laksevåg.


Rasmus Jonson var inderst hjå verfar sin på Eikemo. Då sonen Anders var døypt, kallast Rasmus husmann. Fyrst dreiv han fehandel og var seinare steinarbeidar. Han flytte ut frå bygdi og døydde hjå dotteri Gjertrud på Søylen.


Brita, f. 29/7 1877. Foreldre inderst Anders Andersson og Brita (Berta?) Eriksdtr. Eikemo. Dette er nok Anders Andersson og Berta Eriksdtr. som sidan kom til St. Sleire, b.nr. 2, Sageleitet.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen