MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.12.10 -

BRUKARAR. BRUK 1 (og 2)

 

Oluff nemnd 1590.


Joennemnd fyrste gong 1604, siste gong 1611.


Peder Oelsen svarar fyrste bygsel 1609/10. Han er truleg son til nr. 1 og stykson til nr. 2.


Knud Haagensen (Hogneson) fekk 1612 bygsla 12 mk. s. i Eikemo for 1 Dlr. Knud svarar vanleg skatt 1612/13 og 1613/14. Skattåret 1614/15 heiter det at Knud Haagensen leiget ½ pd. Smør for 3 Dlr. Han er nemnd siste gong 1632. Enchen svarar skatten 1632/33.
Samstundes med Knud finn ein 1617/18 nemnd Søffren, og 1626 og 1629 Lauritz.


Hermod frå 1632 til 1668 og k. h. lenger. Nanmet er stundom skreve Hermod, so Haldour, se Hermoe og seinare Hermand, men det er sikkert same mannen.


Ola og Mogens brukar 1666 kvar sin halvpart av garden, og Hermand er då førd under husmenn og strandsitjarar og er 60 år gamal. At Hermod (Hermand) er nemnd so seint som 1668, må ha seg slik at han hev site i bygsel og Ola og Mogens hev site i hans bygsel og styrt garden saman.


Rasmus Monsson er einebrukar 1691 og brukar ½ 1. s. Han må vera son til Mons som er førd under nr. 6. Ved manntalet 1701 er han sagd vera 40 år gamal, og hev då heima sonen Arne, 9 år. Arne fær 1711 dotteri Marite på Eikemo. Men han vert ikkje buande på Eikemo. Han kjem til Furebotten. Sjå der  b.nr. 1. Rasmus sit med heile hruket til 1726. Rasmus hadde forutan Arne dotteri Marta som var f. 1699. Sjå her på bruket under nr. 8.


Erik Ivarson Fausdal, f. 1700, d. 1772, gm. Marta Ras­musdtr. Eikemo, f. 1699. Gm. Brita Jørgensdtr. frå Kringlen, f. 1724.
Born:       

a.   Brita f. 1727.
b.   Kari f. 1730.
c.   Mons f. 1731, gm. e. Marta Totland på b.nr. 1, 1756.
d.   Randi f. 1733.
e.   Ivar f. 1735, gm. e. Marta Tomasdtr. Totland på b.nr. 2, 1761.
f.    Brita f. 1738.
g.   Marta f. 1745. Truleg uppkalla etter fyrste kona. Sjå brukar nr. 9.
h.   Jørgen f. 1749.
i.    Gyri f. 1752, gm. em. Jørgen Steffenson Solheim 1786 på b.nr. 1.
j.    Lasse f. 1754, d. 1783.
k.   Klaus f. 1758, gm. Brita Bastesdtr. I.Haugsdal 1787 på b.nr. 5.
l.    Ola f. 1760, gm. Anna Klausdtr. Furebotten 1786. Bust. Eikemosætren, b.nr. 2.
m.  Orlaug f. 1763, d. 1766.
n.   Orlaug f. 1766.
o.   Jon f. og d. 1767.


Dagsett 29/10 1726 og tingl. 29/10 1728 bygselsetel frå e. etter Lars Johannesen, Torbror, til Erik Ivarson på 18 mk. s. og dagsett 19/1 1744 og tingl. 7/8 1744 skøyte frå Hans Eriksen til Erik Ivarson på ½ l. s. for 31 Dln og 3 Mk.


Ola Klausson Furebotten, f. 1745 på b.nr. 1, d. 1784. 1773 gm. Marta Eriksdtr. Eikemo f. 1745.
Born:       

a.   Ingeborg f. 1777. Sjå under nr. 12 her på bruket.
b.   Erik f. 1778. Nr. 11 her på bruket.
Dagsett 15/6 1772 og tingl. 18/5 1773 skifte etter Erik Ivarson Eikemo. Då vart bruket utl. på Ola Klausson «for sin fordring» for 31 rdl., 3 mk. og kår til Brita Jørgensdtr.: 1 ku, 2 smale og 2 geit. (Ikkje nemnd noko um korn og potetor.)


10  Jon Olson Bakke frå St. Sleire, b.nr. 7, d. 1832. 1785 gm. e. Marta Eriksdtr. Eikemo, d. 1816.
Born:       

a.   Ola f. 1786. Nr. 1  på b.nr. 2.
b.   Brita f. 1789.
21/10 1784 tingl. skifte etter Ola Klausson. ½ l. s. utl. på e. Marta Eriksdtr. 18 mk. s., på sonen Erik 12 mk. 5. og på dotteri Ingeborg 6 m. s., verdsett til 39 rdl. og 6 mk. Den halvparten som var utl. på borni, vart bygsla til stykfaren, Jon Olson.


11  Erik Olson Eikemo, f. 1778, d. 1802. 1800 gm. Helga Klausdtr. Furebotten frå b.nr. 2. Erik Olson fekk skøyte på halve garden 1798, og ved skifte etter han, tingl. 1805, vart mesteparten av bruket utl. på Johannes Henrikson Solheim «for fordring og resten på arvingane.»


12  Rasmus Ivarson Totland, f. 1781 på b.nr. 2, d. 1860.1806 gm. Ingeborg Olsdtr. Eikemo f. 1777, d. 1838.
Born:       

a.   Kari f. 1807, gm. Erik Andersson Hosteland. Nr. 13 her på bruket.
b.   Marta f. 1810, d. 1830.
c.   Olia f. 1812, gm. Mons Ivarson N. Haugsdal. Bust Eikemosætren.
d.   Ingeborg f. 1815, d. 1830.


1805 fekk Rasmus Ivarson skøyte frå Johannes Henrikson Solheim og frå formyndarane for arvingane etter Erik Olson på 12 mk. s. Med kona fekk han 6 mk. Altso hadde han fenge halve garden.


13  Erik Anderson Hosteland, f. 1810 på b.nr. 3, d. 1867. 1836 gm.  Kari Rasmusdtr. Eikemo, f. 1807, d. 1879. 1840 skøyte frå Rasmus Ivarson på 12 mk. s. Med kona fekk han 6 mk.
Då Erik Anderson døydde, vart systersonen til kona hans odelsarving. Han heitte Ivar Monsson Eikemosætren. Då Ivar Monsson døydde og det vart tingl. skifte etter han 16/10 1868, vart bruket utl. på Brita Henriksdtr. Solheim. Det var nok meiningi at ho skulde vorte gm. Ivar Monsson.


14  Rasmus Mikkelson Haugsvær f. 1847, d. 10/5 1925. 29/6 1869 gm. Brita Henriksdtr. Solheim f. 1848 på b.nr. 1, d. 24/8 1928.
Born:       

a.   Ivar f. 2/4 1870. Nr. 15 her på bruket.
b.   Marta f. 17/3 1872 var ei tid i Amerika, sjå g.nr. 44 b.nr. 7.
c.   Karen f. 26/5 1874, gm. Jon Johannesson Byrkjeland på b.nr. 2.
d.   Ivar Mikal f. 2/9 1876. Var ei tid i Amerika. Sjå g.nr. 44 b.nr. 7.
e.   Mathilde Henrikka f. 29/5 1879, gm. Kaspar Sørenson Kvamsdal. Bustad: Kalhovde b.nr. B.
f.    Sigrid f. 28/5 1882. Ei tid i Amerika. Sjå g.nr. 44 b.nr. 7.
g.   Kaspar Martin f. 11/3 1885. Sjå Haugsvær b.nr. 5.
h.   Ragna Emilie f. 1888, d. 1889.
i.    Ragnvald f. 26/5 1890, d. 5/11 1965.1/9 1950 gm. Josefine Fanavoll f. 23/5 1896 i Bergen. Han var ingeniør ved Hordaland Vegkontor.


15  Ivar Rasmusson Eikemo f. 2/4 1870 (14a), d. 20/6 1958. Gift 22/9 1893 m. Anna Kristensdtr. Bergsvik, f. 28/9 1869 (13h), d. 9/11 1919.
Born:       

a.)   Rasmus f. 31/10 1893, g. 27/9 1916 m. Oletta Torkjellsdtr. S. Kvinge f. 18/11 1892 på b.nr. 7 (2h). Budde i Bergen.
Deira born:
a.))     Ivar f. 1/10 1916, g. 14/4 1941 m. Ingrid Synnøve Hansen f. 8/10 1920 i Råde. Bur i Bergen. 4 born.
b.))     Anna f. 15/2 1918, g. 19/5 1945 m. Arne Birger Alver f. 1/6 1919. Bur i Alversund. 5 born.
c.))     Aksel Reidar f. 7/5 1821, d. 2/8 1944. Flyoffiser. Nedskoten av tyskarane ved Jæren.
d.))     Trygve Ingvar f. 3/8 1927
e.))     Rolf Kåre f. 23/6 1933, g. 1954 m. Agnes Jenny Årskog f. 23/6 1931. Bur i Bergen. 5 born.

--------------------------------------------------
b.)   Marta f. 1895, d.s.å.
c.)   Kristen f. 12/8 1896, d. i Berlin.
d.)   Berent f. 20/1 1899, d. i Amerika 1949.
e.)   Magnus f. 9/4 1902. Nr. 16 her på bruket.
f.)    Karl f. 28/7 1904. Sjå Solheim b.nr. 6.
g.)   Marta f. 3/6 1907, g.m. Olav Hafstad. Bustad Førde.
Deira born:
a.     Arne Kristen f. 29/5 1936
b.     Ivar f. 21/8 1940
c.     Anne Turid f. 1/3 1944

--------------------------------------------------
h.)   Arne f. 26/11 1909. Sjå b.nr. 2 (Nr. 3)
i.)    Ragnvald f. 30/7 1913, g. 9/7 1943 m. Borghild Jørgensdtr. Sætre f. 11/3 1921 på Kallhovda b.nr. 1 (16c). Dei bur i Australia.
Deira born:
a.     Reidun f. 6/12 1943, g. 8/7 1972 m. Leidulv Solheim. Sjå I. Hope b.nr. 4.
b.     Berit f. 6/12 1945, g. 21/1 1972 m. Orest Keywan frå Sydney. Bur i Australia. 2 born.
c.     Jean Dagmar f. 20/7 1956, samb. m. Andrew Nott frå Sydney. Bur i Australia. 1 barn.

----------------------------------------------------
j.)    Ingrid Alise f. 31/12 1916, g.m. Gunnar Brekkhus.Bur på Evanger.
Deira born:
a.     Anngunn f. 26/9 1954
b.     Eivind Idar f. 8/9 1958


Ivar Eikemo gifte seg att 11/11 1921 m. Oliva Johanna Martinsdtr. Lauvik f. 17/1 1884, (9d), d. 28/10 1959.
Born:
k.)   Kristina Dortea f. 3/2 1922, g. 1/4 1947 m. Kåre Duesund. Sjå Solheim b.nr. 37.
l.)    Ragnar f. 21/6 1923, d. 7/7 1993
Skøyte 3/6 1907 til Ivar Rasmusson Eikemo på b.nr. 1,2 og 3 for 4000 kr og kår.
Ivar Eikemo var ordførar i Masfjorden frå 1917 til 1919


16  Magnus Ivarson Eikemo f. 9/4 1902 (15e), d. 19/12 1950. Gift 1/7 1928 m. Jorun Jonsdtr. Birkeland f. 4/2 1902 på Byrkjeland b.nr. 2 (8c), d. 17/6 1958.
Born:       

a.)   Anna Kirsten f. 27/6 1929,g.m. Arne Brekkhus. Bur i Åsane.
Deira born:
a.     Jan Magnus f. 29/8 1955, g. 1991 m. Trude Marie Nilsen. Bur i Oslo. 1 barn.
b.     Jorun Pernille f. 2/10 1959, g. 1983 m. Jens Berntsen Møllerup. Bur i Lindås. 4 born.
c.     Grete f. 16/2 1961, g. 1983 m. Allen Henrik Vedeler. Bur i Fana. 1 barn.

----------------------------------------------
b.)   Jon f. 29/10 1934. Nr. 17 her.
c.)   Ivar f. 25/12 1942. Nr. 18 her.
Skøyte.


17  Jon Eikemo, f. 29/10 1934 (16b), g. 29/12 1955 m. Laura Solhaug f. 6/12 1933 på gnr. 39, b.nr. 2 (3e).
Born:       

a.)   Magnus f. 11/5 1956
b.)   Berit Jorun f. 16/6 1958, g. 26/4 1980 m. Svein Aven frå Lindås. Bur i Lindås.
Deira born:
a.     Tor Erik f. 1/9 1980
b.     Øystein f. 23/9 1982

----------------------------------------------
c.)     Kjartan f. 25/3 1960
d.)     Unni f. 22/12 1964, g. 4/8 1990 m. Sveinung Buene f. 5/10 1960. Bur på Myking.
Deira born:
a.    Jonas f. 16/10 1991
b.    Ida f. 14/8 1993
Skøyte 15/9 1955 frå Jorun Eikemo til sonen Jon for 6500 kr og kår. Denne familien flytta sidan til Lindås.


18  Ivar Eikemo f. 25/12 1942 (16c), g.m. Wenke Karin Ekroll f. 12/1 1948 i Ålesund.
Born:       

a.   Siw f. 1/7 1967, sambuar m. Johannes Rosnes. Bur i Fana.
Deira born:
a.     Andrea f. 16/4 1991
b.     Svein Ove f. 11/9 1972
Skøyte 9/1 1984 til Ivar og Wenche Eikemo for kr 130000 for b.nr. 1 og 3.
Dei flytta inn same året og overtok bruket som då hadde vore fråflytta ei tid.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen