MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.12.10 -

BRUK 4

Utskilt frå b.nr. 3 ved skifte etter Klaus Rasmusson 1838.


Rasmus Klausson N. Kvinge, f. 1800 på b.nr. 3, d. 1847. 8/7 1832 gm. e. Anna Bertelsdtr. Kikald, 35 år gamal Ho hadde før vore gm. Sjur Kikald og hadde med han Gudmund, som kom til Kvingedal. Anna Bertelsdtr. var gift tredje gongen i Trodalen på b.nr. 2 med em. Jon Monsson. Då vert det sagt at ho var dotter til Bertel Erikson Hindenes, Myking.
Born:       

a.   Sjur f. 1832, gm. Anna Torkjellsdtr. Natås. Dei fekk sonen Torkjell på Kvinge. Kom sidan til Rossnes i Lindås.
b.   Klaus f. 1833. Sjå Plasset og ein lut av Vågsbotten på N. Kvinge. Gm. Anna Torkjellsdtr. S. Kvinge.
c.   Knut f. 1835. Bustad Elvik, Sætre.
d.   Lars f. 1838, gm. Olina Nilsdtr. Kvinge S. frå b.nr. 7, 29/9 1873. Bust. Mjåneset (b.nr. 16 Bergheim) Kvinge N.
e.   Marta f. 1842. Utv. til Amerika.

 

Ved skifte etter Klaus Rasmusson fekk Rasmus Klausson utl. på seg halvparten av det bruket faren hadde hatt, for 150 spdl. Han skulle vera med og svara halvparten av den skulda som kvilte på bruket.


Torkjell Sjurson Kikald f. 1821 i Kikald b.nr. 1 (13a), d. 26/3 1875. Gift 16/4 1869 m. Maria Nilsdtr. S. Kvinge f. 27/7 1841 på b.nr. 7 (1a), d. 22/11 1928.
Born:       

a.)   Gabriel Severin f. 22/9 1969. Utv. til USA.
b.)   Ananias Mikal f. 5/2 1872, g. 1894 m. Anna Jensen frå Tromøya, Arendal. f. 4/5 1877, d. 19/7 1947.
Deira born:
a.     Ingeborg Leonora f. 16/5 1896, g. 1925 m. Arthur Amundsen, f. 5/10 1882. Budde på Nøtterøy.
b.     Trygve Martin f. 10/11 1897, d. i USA 1957.
c.     Arthur Morits f. 29/12 1898, d. 1917,var sjømann på skip som blei torpedert.
d.     Judith Therese f. 4/7 1901, g. 16/6 1929 m. Fridolf Braathen, f. 9/2 1899. Budde i Oslo.
e.     Manfred Nicolas f. 22/5 1903, g. 1945 m. Asta Olsen f. 25/10 1913. Budde i Oslo.
f.     Gunnar Erling f. 16/7 1904, g. 7/11 1936 m. Borghild Undeberg f. 8/6 1909. Bur i Lørenskog.
g.     Sverre Leif f. 17/12 1907, d. 1919.

---------------------------------------------------
c.)   Torkjell f. 12/4 1875. Utv. til USA.


Enkja Marie Nilsdtr. vart attgift 8/7 1887 m. Jon Jonson Kleiven frå Myking.
Skøyte tingl. 3/3 1847 til Torkjell Sjurson.


Arne Rognaldson L. Matre f. 17/4 1850 på b.nr. 2, d. 7/1 1937. 19/4 1876 gm. Brita Arnesdtr. Fosse, f. 1854 på b.nr. 1, d. 15/9 1881. 15/8 1884 gm. Randi Andrea Rognaldsdtr. Solheim, f. 1858 på b.nr. 2, d. 44 1933.
Born:       

a.   Bertina f. 19/4 1877, gm. Alfred Jerimias Jenssen 13/1 1913. Han son til lausarbeidar Johs. Andersen, stend det.
b.   Anna f. 1/12 1878. Utvandra til Amerika.
c.   Johanna f. 29/3 1880, gm. Johan Njøten, bur i Bergen.
d.   Andrea f. og d. 1881.
e.   Rognald Bertin f. 17/4 1885. Utvandra til Amerika 1902.
f.    Robert f. og d. 1886.
g.   Aletta f. 31/7 1890, gm. German Johan Larson Sande 13/10 1909, son til bonde Lars Gjertson Sande (Gulen) og f. 1888. Dei fekk desse born på Kvinge: Leif Konrad f. 14/6 1910. Ragnhild Andrea f. 14/10 1911. Både mori og dei tvo borni drukna ved D.s Masfjord sitt forlis ved Solensjøen i Austrheim 1918.
h.   Ragna Elisabet f. 16/11 1892. Utvandra til Amerika.
i.    Ida Susanna f. 7/7 1895. Utvandra til Amerika.
j.    Robert Johan f. 18/7 1898, gm. Alma Bergitta Jonasdtr. Kversø 12/3 1920. Ho f. i Gulen, dotter til Jonas Klauson. Dei fekk desse born på Kvinge: Artur f. 30/6 1920, Rut Amanda f. 21/9 1921.
4/11 1876 auksjonskøyte til Arne Rognaldson for 752 kr.


Ola Severinson N. Kvinge f 28/9 1909 på b.nr. 14. 6/6 1932 tingl. skøyte frå Arne Rognaldson Kvinge til Ola Severinson Kvinge for 4000 kr. og kår (500 kr.).


Ivar Severinson Kvinge f. 28/9 1909 på b.nr. 14 (3a), d. 1992. Gift 10/8 1946 m. Guro Gjertveit, f. 22/10 1911 på Nå i Hardanger.
Born:       

a.   Liv Svanhild f. 28/9 1947, g. m. Arne Hosteland. Bur der på bruk 14.
b.   Magnhild Sønnøve f. 18/11 1948. Nr. 6 her.
Skøyte 1940 til Ivar Kvinge for 4000 kr og kår til foreldra.


Magnhild Kvinge f. 18/11 1948 (5b) er brukar no.
Born:       

a.   Gro Ingvild f. 30/12 1973
Skøyte 27/5 1983 til Magnhild Kvinge, vederlagsfritt.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen