MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.12.10 -

BRUK 2

Utskilt frå b.nr. 1, 2/11 1857.


Åmund Erikson, truleg frå Rødland i Myking og bror til kona åt nr. 6 på b.nr. 1.1843 bygsel frå Baste Rasmusson (b.nr. 1) til Åmund Erikson på 9 mk. s., 9 kd. malt på levetidi. Kår frå Åmund Erikson til Baste og kona Anna Eriksdtr.: 1½ ku, 4 smale, 1 geit, 6 v. korn, 16 skj. potetor.


Torgeir Torgeirson Sandnes, f. på b.nr. 2 1820, d. 8/5 1882. 2/7 1858 gm. e. Anna Eriksdtr. Kvingedal, e. etter Baste Rasmusson på b.nr. 1, d. 15/10 1887.
B.nr. 2 må ved skifte etter Baste Rasmusson vorte utl. på e. Anna Eriksdtr. Skifteprotokollane etter 1857 hev ein ikkje granska.


Andreas Basteson Kvingedal, f. 15/5 1842, d. 17/2 1921. 9/11 1869 gm. Marta Monsdtr. Kvommen frå Myking, f. 29/11 1849, d. 10/9 1897. 2/12 1899 gm. e. Marta Arnesdtr. Rambjørg på b.nr. 2. Andreas budde der til Marta d. 1904. Flutte so att til Kvingedal 1907, gm. e. Gjertrud Åmundsdtr. Rød frå Myking.
Born:        

a.   Mons f. og d. 1870.
b.   Berta f. 1871, d. 1872.
c.   Mons f. 10/6 1873. Nr. 4 her på bruket.
d.   Aletta f. 27/9 1875. Reiste til Amerika 1902. D. 1924.
e.   Trina f. 1877, d. 1882.
f.    Andrina Bertina f. 1880, d. 1882.
g.   Andina Pernilla, tvilling med f, d. 1882.
h.   Bertin f. og d. millom 1880/82.
i.    Torgeir Bertin f. 17/4 1882, d. 31/8 1889.
j.    Trina f. 15/9 1884, d. 26/6 1899.
k.   Ananias f. 7/1 1887. Utvandra til U.S.A. Gift der og hev 5 born.
1.   Andrina Bertina f. 5/8 1889, d. i Bergen 1918.
m.  Bertin f. 6/5 1891. Utvandra til U.S.A.
n.   Karen f. 6/5 1891. Utvandra til U.S.A.
o.   Ragnvald f. 23/6 1896. Tannlækjar i Stjørdal. 3/6 1927 gm. Ruth Müller f. 25/7 1908, dotter til bonde og stortings mann Müller på garden Visth i Værdalen.


6/11 1865 skøyte frå Torgeir Torgeirson til styksonen Andreas Basteson for 250 spdl. og kår til Torgeir og kona Anna Eriksdtr. (203 spdl.) Ved skifte etter Marta Monsdtr. vart bruket utl. på Andreas Basteson for 1 800 kr. med påhefta pantretsutl. til borni.


Mons Andreasson Kvingedal, f. 10/6 1873, d. 17/6 1969. 19/6 1901 gm. Sofia Torgeirsdtr. Nordland, f. 11/4 1878, d. 18/8 1925. 1928 gm. Brita Eriksdtr. Feigum, f. 19/3 1886 i Luster. Død.
Born:        

a.   Ragnvald f. 20/7 1903, d. 29/7 1918.
b.   Alfred Teodor f. 17/6 1905, d. 27/2 1926.
c.   Torgeir Sigvald f. 27/4 1907, d. 15/1 1921.
19/9 1903 tingl. skøyte frå Andreas Basteson til sonen Mons for 1 700 kr. og kår (700 kr.).


Johannes Ludvig Severinson Solbakken, f. 16/11 1912 på b.nr. 14, Kvinge N. (3c), g.m. Anne Gjerstad frå Kinsarvik, f.?, d. 1960. Johannes attgift m. Gudrun Hodne frå Myking.
Born:        

a.)   Astri f. 6/5 1939, g.m. Ernst Eide frå Odda. Bur på Djønno i Hardanger.
Deira born:
a.    Jan Egil f. 5/4 1965
b.    Anne Lise f. 3/5 1967

---------------------------------------
b.)   Sigbjørn f. 1/9 1942, g.m. Ingebjørg Haugse frå Kinsarvik. Bur i Oslo.
Deira born:
a.    Kjetil f. 27/8 1971
b.    Tore f. 27/8 1971


Skøyte 15/3 1943 frå Mons Kvingedal til Johannes Solbakken for 8000 kr og kår.
Huslyden flytta seinare til Djønno i Hardanger,og det bur ingen på bruket no.


Skøyte 18/6 1974 til Astrid Eide og mannen Ernst Eide for kr 20000 og bruksrett.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen