MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 36. KVINGEDAL

 

BRUK 1 (OG 2) BRUK 3  
BRUK 2 BRUK 4 - 5  

 

Kvingedal, b.nr. 1, 2 og 3

Kvingedal, b.nr. 1, 2 og 3

 

Sjå under Nord-Kvinge um tyding av namnet.


Ymse skrivemåtar. Mest hev det vore skreve Quingedahl. Soleis 1603, 1610, 1612, 1613, 1614, 1615, 1616, 1617, 1618 og mange fleire gonger. 1608 og 1615 Quinngedall. 1609, 1617, 1618, 1619, 1626, 1628 og fleire gonger seinare: Qingedal. 1645 og fleire gonger Quingedahl. 1616 og 1617 Cuingedahl. 1626/27 Cingedall, 1616, 1617, 1618, 1619, 1628 Kvingedal. 1618/19 Chingedall. 1666 Cwingedall. Matriklane: 1665 Quinegdal. Det same 1723. 1718 Quingedahl. 1838 Quingedal. 1868 og sidan Kvingedal.

 

Grensor: I sud til N. Kvinge, i vest til Mjanger, i nord og aust til Andvik og vidare i aust til Reknes - Duesund -Totlandsdals fjellbeite.

 

Eigedomstilhøvi: 1624 høyrde garden til Kannikegodset. (Sjå dette). 1626 er garden benefisert Korskyrkja i Bergen. 1648 kap­pellanen i Domkyrkja, Bergen, og det heldt fram til leiglendingane fær kjøpa.

 

1835 fekk e. etter Bertel Magneson, Brita Olsdtr., skøyte på fjerdeparten av gården 9 mk. s., 9 kd. malt for 100 spdl. og jordavgift 5 skj., 3 fjdk. bygg til «Domkirkens kapellani». Same året fekk Baste Rasmusson skøyte på halve garden 18 mk. s., 18 kd. malt for 200 spdl. og jordavgift i t. 2 skj. bygg. 1838 fekk Ola Andersson skøyte på siste ferdeparten av garden for same pris som Brita Olsdtr.

 

Gamle matriklar og teljingar:

Kopskattmanntal 1645: Quingedahl. Niels Rasmusen: Ko.: Karen. Oelle Seuadsen. Ko.: Lusie.

 

Kvegskattmanntal 1657. Quingedall. Olle 6 Kiør, 1 Quie, 6 Faaer, 6 Gieder.
Matrikler etter reskript frå 1665: Quingedal. Landsk. Smør ½ Løb, Malt ½ Td., 1 Mele. Saaer 2 ½ Td., afler 6 ½ Td. Føder 15 Nøed. Kan tiende 2 ½ Mele. Smaaskatter ½ Rdl. 15 Sk. Smaa­tiend 7 Sk. Kan skatte af ½ Løb 27 Mk. S.


Skattemanntal 1666. Cwingedall. Skylder Smør ½ Løb, Malt ½ Td., Korn 1 Melc. Opsiddere Ole bruger 1 Sp. Smør, 1 Mele Malt, ½ Mele Korn, 60 Aar g. Søn Amund 30 Aar g. Rasmus bruger 9 Mk. Smør, 6 Kd. Malt, 3 Kd. Korn, 40 Aar g. Sønner: Niels 4 Aar g. Mogns 2 Aar g. Steffen bruger 9 Mk. Smør, 6 Kd. Malt, 3 Kd. Korn, 23 Aar g. Søn: Huusmands Søn Magne Siurssen 1½ Aar g. Under Huusmand og Strandsidder: Siur Olsen 36 Aar g.


Manntal 1701: Quingedal. Erich Knudsen 40 Aar g. Niels Knudsen 51 Aar. Søn Ole Nielsen hiemme, 20 Aar g. Joen Tostensen 85 Aar g.


Prøvematrikkel 1721: Quingedal. 2 Mand. Brendefang og lidt Furuskoug til Gaard og Grund. Ingen Qvern, ligger ¼ Mil fra Søen, 6 ¼ Mil fra Bergen, meget aarvand og tungvnnden og oftest ei for Korn. Lider stor fare ved Stormvind. Saaer 3 Td., høster 7¼ Td. Føder 9 Kiør, 5 Ungfæ, 12 Faaer, 1 Hest. Skyld 2 Pd. 15 Mk. S.


Matrikeltaksten 1723: Quingedal. 2 Mand. Bertel og Mons Anderson: Landsk. ½ Løb Smør, 3 Meler Malt.  Domkirkens Cappelan med bøxel benefisert. Intet Huusmandssede. Intet Sætter. Brendeskoug og Fureskoug til Gaard og Grund. Intet fiske. Ingen Qvern. Ligger 34 Mil fra Søen. 6 ¾ Mil fra Bergen. Meget aarvant og tungvunden og oftest ei saaes Korn. Lider stor fare ved Stormvind. Saar 3 Td., afler 7½ Td. Føder 9 Kiør, 5 Ungnød, 12 Faaer, 1 Hest. Gammel Landsk. 2 Pd. 15 Mk. Smør. Forhøies 9 Mk.

 

BRUKARAR

1603 Guri åleina på garden.
Rasmus nemnd fyrste gong 1608, siste gong 1628. Er einebrukar til 1612.
Nils Rasmussen frå 1627 til 1649. Kona heitte Karen, 1645.
Rasmus Olsen gm. e. etter Nils Rasmussen. Rasmus hev 1664 stykksonen Steffen Nilsen. 22 år. Rasmus er 1666 sagd vera 40 år og ha sønene Rasmus 4 år og Mogns 2 år. Han brukar då 9 mk. s., 6 kd. malt og 3 k. korn. Han hev då late halve bruket til styksonen Steffen.


Steffen Nilsen er 1666 sagd vera 23 år. Han brukar 9 mk. s., 6 kd. malt, 3 k. korn og hev i sitt brød husmanns son Magne Sjurson. Det året bur det på garden husmannen Sjur Olsen, 36 år g.


Frå 1612 til 1633 er nemnd Miehel. Han brukte ein liten lut av garden. Ole Seuadsen er komen i hans stad 1645. Kona hans heiter Luise. Han og Nils Rasmusen (sjå ovanfor) brukar kvar sin halvpart av garden 1649. Ola Seuadsen er 1666 sagd vera 60 år gamal og hev da heime sonen Aamund, 30 år.


1691 heiter brukarane: Nils, Lars og Jon. Men rekneskapen er 50 rotut skriven for Kvingedal at det er uråd å sjå kor mykje kvar brukar. Ved manntalet 1701: Nils Knutson, 51 år. Son Ola heima, 20 ar. Jon Tostensen 85 år og i Lars sin stad er komen Erik Knutson, 40 år. 1711 svara Erik skatt for seg, kona og 2 tenarar (Skoskatt), og «Enchen» for seg og eit barn. E. er truleg etter Nils Knutsen.

 

 

 

 

 

Foto: Svein D. Viken

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen