MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 35. MJØANGER

 

BRUK 1 BRUK 3 (OG 4)  
BRUK 2 BRUK 4 - 22  

 

Mjøanger

Mjøanger.

 

Um namnet seier O. Rygh at det kjem av mjor - smal og angr.-fjord.

 

Ymse skrivemåtar: 1519  Medanger.  1522 Miøanger.  1563 Manger og Mioanger. 1567 Mioanger. 1624 Mø Anger. 1645 Miøanger. 1657 i Miødanger. 1666 Meioanger. So og 1691 og 1701. Matriklane: 1665 Mioanger. 1718 Mjødanger. D.s. 1838, og sidan Mjøanger. Bygdeuttalen er Mjångcr. Det vert no jamnaste skreve Mjanger. Burde hclst verta skreve Mjonger.

 

Grensor: I sud til N. Kvinge og Mjangervågen, i vest til S. Hope, i nord til Sandnes og Andviks utmark og i aust til Kvingedal.

 

Eigedomstilhøvi: Fyrste gongen ein finn noko nm eigedomstilhøvi i 1624, og då er garden benefisert Lindås prestebol, og det tilhøvet varer til leiglendingane fær kjøpa.
1832 fær Lars Steffenson kongel. skøyte på 1 bp., 3 mk. s., 1 mele, 1½ kd, malt for 180 spdl. og årlig jordavgift 1 t., 2 skj., 2 ¾ fjdk. bygg til Lindås prestebol. Same året kongel. skøyte til Ivar Erikson på 18 mk. s., 9 kd. malt for 150 spdl. og jordavgift 7 skj., 3 fjdk. bygg. 1834 kongel. skøyte til Ingcborg Andersdtr., 13 ½ mk. s., 6¾ kd. malt for 100 spdl. og jordavgift 6 skj., 1 fjdk. bygg. 1839 fær Mons Olson kongel. skøyte på 13 ½ mk. s. ¾ kd. malt for 100 spdl.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntall 1645: Mjøanger. Endre Rasmusen. Ko.: Ingeborg. Hanns Hansen. Ko.: Mareta. Søn: Magne. Hogne Hansen. Ko.: Agote.

 

Kvegskattmanntal 1657: Mjødanger. Hans 4 Kiør, 2 Gieder, 2 Faaer. Hans 3 Kiør, 1 Quie, 3 Gieder, 4 Faaer. Olluff 5 Kiør, 1 Quie, 6 Gieder, 6 Faaer. Endre 3 Kiør, 1 Quie, 1 Gied.

 

Skattemanntall 1666: Mjøanger. Skylder Smør 1 Løb, Malt 3 Meler. 4 Opsiddere bruger lige meget: i Sp. Smør, 9 Kd. Malt. Hans Jacobsen, 60 Aar g. Søn Hans 6 Aar g. Endre 60 Aar g. Sønner: Erich 12 Aar g., Arne 8 Aar g. Ole Siursen 45 Aar g. Søn Hogne 6 Aar g. Hans Hansen 30 Aar g. Fostersøn Jon 10 Aar g.

 

Matrikel etter reskript frå 1665: Mionger. Landsk. Smør 1 Løb, Malt 3 Meler. Saar 4 Td., afler 10 Td. Føder 20 Nøed. Kan tiende 1 Td. Smaaskat 4 Mk., 13 Sk. Smaatiend 10 Sk. Kan skatte af 1 L. 18 Mk. S., Brendesehoug til.

 

Manntal 1701:  Miøanger. Knud Knudsen 22 Aar. Jakob Endresen 40 Aar. Søn Sifur Jacobsen 6 Aar. Sifur Olsen 49 Aar. Sønner: Olle Sifuersen udenlands 25 Aar. Mons Sifuersen udenlands 19 Aar. Joen Sifuersen udenlands i Nordland 16 Aar.

 

Prøvematrikel 1721: Mioanger. 3 Mand. Brendeved og Fureskoug til Gaard og Grund. Ligger lidt fra Søen og 6 ½ Mil fra Bergen. Aarvant til Korn og tungvunden. Saar 4 Td., høster 12 Td.Føder 14 Kiør, 8 Ungnød, 18 Faaer, 1 Hest. Skyld 1 Løb 18 Mk. Smør.

 

Matrikeltaksten 1723: Miøanger. 3 Mand. Knud, Jacob og Siur. Landsk. 1 Løb Smør, 3 Meler Malt. Lindaas Prestebol tilhørende. Intet Husmandssede. Intet Sætter. Brendeskoug og Fureskong til Gaard og Grund. Ingen Qvern. Intet Fiske. Ligger lit fra Søen. 6½ Mil fra Bergen. Aarvant til Korn og tungvunden. Saar 4 Td., afler 12 Td. Føder 14 Kiør, 4 Ungnød, 18 Faaer, 1 Hest. Skyldi som fyrr 1 L. 18 Mk. S. Lever af Qvegets afling og Brendeved at selge.

 

BRUKARAR

Tomes og Antonius 1519 og 1522.
Olluff og Jacob 1563.
Siden 1600 stundom 3 og stundom 4 brukarar.
Hans 1619 og 1628.
Unge Hans nemnd saman med Hans Nr. 1 1628. Det må vera han som 1645 hev kona Marit og sonen Magne, og er ein av bru­karane frå 1657.


Hans Hansen ein av 4 brukarar 1666, er då sagd vera 30 år gamal og hava fostersonen Joen, 10 år.

 

Då det av dei 4 brukarane 1691 er 2 som heiter Hans, er vel Hans Hansen som var 30 år 1666 den eine. På eit anna bruk ser disse ut til å koma etter einannan: a. Knut nemnd 1611, b. Jacob nemnd berre 1612, e. Siffuer 1619 til 1636, d. Endre Rasmusen nemnd fyrste gong 1645. Kona Ingcborg. Han er ein av dei 4 brukrarane 1657 og 1666. Sistnemnde år er han sagd vera 60 år gamal og hev heima sonen Erich 12 år og Arne 8 år. e. Jakob Endresen nemnd som ein av 4 brukarar 1691. Han er 1701 sagd vera 40 år og har sonen Siur 6 år heima. Bur på bruket ogso 1723.

 

På eit tredje bruk ser disse ut til å koma etter einannan: a. Hogne Hansen ein av 3 brukarar 1645. Hev då kona Agote, b. Olluff (Olle) Sifuersen er ein av 4 brukarar 1657. Han er truleg gm. e. etter Hogne Hansen. Han er 45 år 1666 og hev då sonen Hogne 6 år. (Uppattkalla etter fyremannen til Ola). e. Siffuer Olsen 49 år 1701. Han hev då sønene Olle 25 år - udenlands og Mons 19 år - udenlands og Joen udenlands i Nordland 16 år. Olluff bur på bruket ogso 1723. Eit fjerde bruk: a. Hans Jacobsen nemnd fyrste gong 1664, er 1666 sagd vera 60 år og hev sonen Hans 6 år. b. Hans er ein av 4 brukara 1691. Truleg er han son av Hans Jacobsen. c. Knud er ogso nemnd 1691 som ein av 4 brukarar. d. Knud Knudson nemnd som ein av 3 brukarar 1701, er då 22 år gamal.

 

 

 

 

 

Foto: Svein D. Viken

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen