MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 14.10.11 -

BRUK 1

 

Johannes Olson. Fødestad ukjend.
Dagsett 9/7 1714 og ting. 10/10 s. å. bygselsetel frå Severin Seehusen til Johannes Olson 1 pd. s.16 k. malt og 14/7 1725 dagsett og 15/10 s. å. tingl. skøyte frå Severin Svanenhielm til Johannes Olson 1 pd. s., 16 kd. malt. Svanenhielm er Seehusen sitt adelsnamn. Johannes Olson hadde ikkje born.


2 Ola Erikson. Fødestad ukjend. Gm. Synneva Nilsdtr. (dtr. av nr. 4 på br. 1 på Arekletten)
Born:        

a.   Erik f. 1738, gm. Kari Mikkelsdtr. I Haugsdal, b.nr. 1 Bust. der.
b.   Peder f. 1740, d. 1741.
c.   Knut f. 1742.
d.   Nils f. 1743. Nr. 3 her på bruket.
e.   Ragnhild f. 1746, gm. em. Ola Andersson S. Kvinge, b.nr. 5 og 6.
f.    Rasmus f. 1749.
g.   Ola f. 1752, d. 1800.
h.   Johannes f. og d. 1755.
1742 skøyte frå Johannes Olson til Ola Erikson 1 pd. s.16 kd. malt for 30 rdl.


Nils Olson Elvik, f. 1743, d. 1833. Prestens medhjelpar. 1769 gm. Marta Olsdtr. S. Kvinge. K. h. dotter til Ola Andersson på b.nr. 5 og 6.
Born:        

a.   Ola f. 1770. Nr. 7 her på bruket.
b.   Mari f. 1773, gm. Lars Nilsson Qvrås i Myking.
c.   Synneva f. og d. 1776.
d.   Synneva f. 1777, gm. em. Sjur Pederson Andvik på b.nr. 4.
e.   Ola f. 1780, gm. e. Brita Ivarsdtr. Hodne 1801. Bustad der.
f.    Rasmus f. 1784.
g.   Ingeborg f. 1787. Sjå under nr. 5 her på bruket.


30/5 1775 tingl. skøyte frå Ola Erikson til sonen Nils Olson på 12 mk. s., 8 k. malt for 25 rdl. og 20/5 1786 tingl. skøyte på resten - 12 mk. s., 8 k. malt for 25 rdl.


Ola Nilsson Elvik, f. 1770, d. 1809 - soldat på Kongs­vinger.
29/10 1807 skøyte frå Nils Olson Elvik til sonen Ola 12 mk. s., 8 kd. malt for 100 rdl. Ola var ikkje gift og ved skifte etter han 1810, vart parten (halvp. av heile bruket), utl. på faren.


Steffen Johannesson, f. 1790 på b.nr. 3, d. 19/10 1846. 1810 gm. Ingeborg Nilsdtr. Elvik f. 1787.
Born:        

a.   Olina f. 1811, gm. Nils Larsson Toft frå Myking. Dei budde ei liti tid på S. Kvinge, men flytte seinare til Einestrand i Myking.
b.   Marta f. og d. 1814.
c.   Marta f. 1815, gm. Einar Einarson Myking 1835.
d.   Johanna f. 1819, gm. Rognald Jonson Solheim på b.nr. 2.
e.   Johanna f. 1822, gm. Mons Nilsson N. Kvinge på b.nr. 3.
f.    Nela f. 1825, gm. Baste Larsson Kalhovda på b.nr. 5.
g.   Johannes f. 1829. Nr. 7 her på bruket.
h.   Ingeborg f. 1832, gm. u.k. gardbr. Jakob Hansson Fjell­anger, Lindås 1854.


1810 bygselbrev frå Nils Olson til Steffen Johannesson og «hans forlovede», Ingeborg Nilsdtr., for 16 år. 1820 fær han bygsel på heile bruket for levetidi, og skal då svara dette kår til Nils Olson og kona: 10 v. korn, 16 skj. potetor, 3 kyr, 6 smale, 3 geit, «og fri af­benyttelse af en Bod.» 1827 delebrev etter Nils Olson. Bruket utl. på sonen Ola Nilsson Hodne for 150 spdl. Same året skøyter Ola Nilsson Hodne bruket til Steffen Johannessen Elvik for 150 spdl. og kår til Ola Nilsson Hodne: 1 t. korn, 16 mk. smør, ½ t. mysa.


Magne Olson Skjeggedal, f. 1807, d. 20/9 1863. 2/7 1847 gm. e Ingeborg Nilsdtr. Elvik, d. 10/11 1861.


1847 skifte etter Steffen Johannesson. Bruket 1 pd. s., 1 mele, 4 k. malt vart for 400 spdl. utl. på e. Ingeborg Nilsdtr. mot at ho skulde svara pengar til broren Ola Nilsson Hodne. Same året vart det kommisjonsforlik. I det lovar Ingeborg Nilsdtr. at ho um 12 år skal lata sonen få den jordparten ho fekk ved skifte etter mannen, mot at ho då fekk kår. «For Enken møtte hennes tilkommende Mand Magne Olsen Skogedal.» Han fekk rett til å styra bruket i 12 år, sjølv um Ingeborg døydde fyrr, og Johannes skulde løysa bruket inn for 300 spdl. og svara dette kår: 3 kyr, 6 smale, 2 geit, 12 v. korn og 24 skj. potetor.


Johannes Steffenson Elvik, f. 1829, d. 10/8 1875.1854 gm. Dordi Torsdtr. Bergsvik f. 1832. Sidan 1777 på b.nr. 7, S. Hope.
Born:        

a.   Anna f. 1855. Sjå under nr. 8 her på bruket.
b.   Sina f. 1857, d. 1865.
c.   Ingeborg f. 1860, gm. Anfinn Olson St. Matre. Bustad Bjørneklett.
d.   Trina f. 1863, d. 1865.
e.   Tor f. 15/12 1866, d. 27/3 1872.
f.    Sofia f. 12/12 1871, gm. Ludvig Størksen S. Kvinge b.nr. 1
9/2 1853 skøyte frå Magne Olson til styksonen Johannes Stef­fenson for 300 spdl. og kår til seljaren og kona (500 spdl.).


Isak Andreas Basteson Kalhovda, f. 1857 på b.nr. 5. 4/7 1876 gm. Anna Johannesdtr. Elvik f. 1855, d. 3/1 1932.
Born:        

a.   Johanna f. 11/7 1877. Sjå under nr. 9 her på bruket.
b.   Dortea f. 28/7 1880. Reiste til Amerika 1902.
c.   Nella f. og d. 1883.
d.   Bernhard Nikolai f. 1884, d. 1887.
e.   Anton f. 1889, d. 1891.
f.    Astrid f. 2/10 1891. I Amerika.
g.   Anna f. 5/8 1895, d. ung.
h.   Borghild Nilida f. 13/4 1896, d. ung.

31/5 1877 skøyte fra e. Dordi Torsdtr. Elvik til Isak Basteson Kalhovda for 2 000 kr. og kår: (450 kr.). Isak var fleire turar til Amerika. Han d. der.


Ola Johannesson Holmaas, f. 27/6 1881, d. 6/8 1951. Gift 1. gong 8/7 1906 m. Johanna Isaksdtr. Elvik, f. 11/7 1877 her på bruket (8a), d. 17/2 1915.
Ola gifte seg att 1/9 1918 m. Erikka Olsdtr. Kvamme f.11/4 1889 på b.nr. 4 (9a),d.3/2 1962.
Born:        

a.)   Signy f. 21/10 1907, g. 6/6 1935 m. Georg Molland. Bur på St. Sleire b.nr. 7.
b.)   Aslaug, f. 17/12 1908, d. 29/4 1936
c.)   Ingolf f. 23/12 1910. Nr. 10 her.
d.)   Johanna f. 8/1 1919, g. 20/11 1949 m. Einar Magnus Engelson Gjøen, f. 25/4 1923 på Tysnes. Bur på Ulven,Os.
e.)   Johannes f. 8/7 1920. Bur på Kvamme, b.nr. 4.
f.)   Ole f. 9/1 1922, g. 22/7 1961 m. Arnlaug Olsdtr. Flesland f. 16/12 1932 i Fana. Nr. 11 her.
g.)   Sigrid f. 27/5 1924, g. 3/12 1966 m. Jon Jetmundson Hosteland. Bur på Hosteland,b.nr. 8.
h.)   Magne f. 13/6 1926, g. 5/2 1955 m. Gunvor Gerhardsdtr. Hope, f. 31/1 1931. Sjå Elvik b.nr. 8.

i.)   Ingeborg f. 11/3 1928, g. 9/2 1957 m. John Andreasson Hoshovde frå Hosanger.
Deira born:
a. Berge Andreas f. 5/9 1958, g.m. Åse Moberg f. 25/3 1963. Bur på Haljem. 2 born.
b. Elin f. 27/10 1962

-------------------------------------------
j.)   Oddlaug f. 7/5 1929, g. 1/8 1959 m. Olaf Ottoson Øksnes frå Austrheim.
Deira born:
a.    Heidi f. 10/10 1961, g.m.Aril Markussen f. 8/6 1956. 2 born.
b.    Otto f. 10/6 1963
c.    Eva f. 10/6 1963, sambuar m. Øystein Amland f. 2/9 1954. 1 barn.

---------------------------------------------
k.)   Per f. 11/6 1931, g. 16/7 1960 m. Bjørg Eriksdtr. Stavenes, f. 24/5 1935. Bur i Arna.
Deira born:
a.    Ole Erik f. 1/5 1961
b.    Ivar f. 3/1 1964. Sjå Kvamme b.nr. 4
c.    Eldbjørg f. 15/9 1969.
Skøyte 7/9 1912 frå Isak Basteson til Ole J. Holmaas og kona for 1600 kr og kår.


10  Ingolf Olson Holmaas, f. 23/12 1910, d. 21/7 1950.(9c)
Skøyte 13/2 1922 frå Ole Holmaas til sonen Ingolf.


11  Ole Olson Holmaas f. 9/1 1922, (9f) g. 22/7 1961 m. Arnlaug Olsdtr. Flesland, f. 16/12 1932 i Fana.
Skøyte 2/5 1949 frå Ingolf Holmaas til broren Ole for 4000 kr og kår.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen