MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 30.11.10 -

LAUSARBEIDARAR OG HANDVERKARAR

 

Peder Larsson, innflyttar frå Oster, f. 1809, d. 8/6 1882. g.m. Marta Lassesdtr. f. 1809, d. 30/9 1879.
Born:     

a.  Lasse f. 1833.
b.  Ragnhild f. 28/10 1837, d. 4/2 1918.
c.   Anders f. 1841, g.m. Ragnhild Eriksdtr. I. Haugsdal. Bustad Solheimsøy.
d.   Jakob f. 26/4 1844, g.m. Erika Eriksdtr. I. Haugsdal. Bustad der.
e.   Ingeborg f. 4/12 1846, d. 22/7 1904.


Peder Larsson budde ei tid i Stordalen, der sume av borni er fødde. Sidan fekk han seg hus på Sandnes og reiste ikring på arbeid, med anna vegarbeid. Han vart kalla Per i Urden, etter der huset stod. Men kvar huset stod, kann ein ikkje seia, men det var på b.nr. 2.


24/1 1879 kjøpekontrakt frå Peder Larsson til sonen Anders på seljaren sine hus for 240 kr. Peder skulle framleis ha rett å bu i husi.


26/10 1885 kjøpekontrakt frå Anders Pedersson til Sjur Nilsson på same husi for 500 kr. Husi hev truleg vorte rivne og flytta. Kven Sjur Nilsson var, er ukjend.


Gunnar Jørgenson Kalhovda f. 1/10 1842 på b.nr. 4, d. 5/5 1905. Tæring. 19/6 1872 g.m. Monsina Bertina Monsdtr. Eikemosæteren f. 1843 på b.nr. 2.
Born:     

a.  Jørgen f. 7/4 1873. Bakar og handelsmann på Vågseidet i Lindås.
b.  Marta Sofia f. 5/4 1875, d. 17/4 1899.
c.   Martha Olevina f. 22/10 1877, g.m. ein bonde og bur i Hals­vik, Gulen.
d.   Lisa Maria f. 27/3 1880, d. som vaksi.
e.   Gurina Monsina f. 3/8 1883, d. 18/8 1913.
f.    Orlaug Aletta f.8/2 1886, g.m. sjåffør Andersen. Budde ei tid på Minde.
g.   Mons f. 29/4 1888.
h.   Benedikte Elisabet f. 12/5 1890.
i.    Bergit Josefina f.30/12 1892. Fekk sonen Harald med ein Helland.
j.    Martin f. ?, d. som vaksen. Ugift.
k.   Solveig f. 14/5 1896, d. ung.

Gunnar var skomakar. Han budde ei tid i Bernt Rasmusson Furebotten sitt hus, men bygde sidan eit lite tett ned med sjøen, litt innanfor prestbryggja. Huset er no rive.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen