MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 30.11.10 -

BRUK 10 - 16

 

BRUK 10. Sjå under b.nr. 5.

 

BRUK 11. NESHEIM.

På b.nr. 11 har nok opphaveleg Trond Kolbeinson Fjellanger budd (sjå side 435, band 1 1950). Då han laut flytta frå Sandnesneset, grov han ut ei hole i sandbakken ovanfor Nesehusa og innreidde henne til bustad og fjøs. For dette fekk han som påskyning av det Nyttige Selskap 4 riksdalar. Dette huset stod der så seint som i 1860-åra eller seinare, kunne gamle, litande folk fortelja. Og i dette huset budde Peder Larsen (Per i Urdi), sjå under Lausarbeidarar, (side 445, b. 1 1950). Han har på ei eller onnor vis vorte eigar av huset, med di sonen Anders får kjøpekontrakt på det i 1879. Då Anders fekk bygsla plasset i Solheimsøya, sel han huset til Sjur Nilsen. Han var frå Kalhovda, b.nr. 4. Sjur var utlærd fargar og hadde etter opplys­ningar av ein bror hans vore tenkt å driva handverket her. Huset er av han truleg vorte ombygd til det føremålet, men av ymse grunnar kom han ikkje til å bu der. Han må seinare ha overdrege huset til Johan Berntsen (son til Bernt Furebotn) som og var fargar. Sjur og Johan var syskenborn. Huset datt ned, men tomten vart i 1930 seld til Malvin I. Kvinge av Guri Berntsen, enkja etter Johan Bemtsen.


Skøyte, dagsett og tingl. 17/2 1930 frå Guri Berntsen til Malvin I. Kvinge for 400 kr. Malvin I. Kvinge sette opp cit materialskur på tufta.

 

BRUK 12. BAKERIPLASSEN.

Skyld 1 øre. Utskilt frå b.nr. 9, 14/8 1933.


Arvefestekontrakt der Erikka M. Kvinge og Malvin M. Sandnes bortfester dette bruk til Malvin I. Kvinge og etterfylgjarar mot årleg avgift kr.10.-, dat. 17/?, tingl. 28/8 1933.
Skøyte, grbf. 26/7 1938 frå Malvin M. Sandnes gjev Malvin I. Kvinge grunnbokh. til «en ideell» halvpart i dette bruk og b.nr. 9. Den andre halvpart må framleis sjåast som arvefeste.


Ivar Andreasson Kvinge, f. 12/12 1879. Sjå b.nr. 8 N. Kvinge, d. 6/12 1915. 10/5 1904 g.m. Erikka Laurentse Monsdtr. Sandnes f. 21/12 1883. Sjå brukar nr. 1 e på bruk 9.
Born:     

a.  Malvin f. 31/1 1905. Nr. 3 her på bruket. Sjå framanfor.
b.  Bergit Olga f. 8/7 1907, g.m. Emanuel Andreasson Sandnes på b.nr. 2.
c.  Lisa Dagmar f. 22/8 1909, g.m. telefonarbeidar Ola Glosvik frå Gulen 11/12 1938. Sjå under b.nr. 3.
d.   Audhild f. 29/3 1912. Sjå b.nr. 22.
e.   Ivar Erling f. 28/5 1916. Dreiv ein trevarefabrikk i bakeribygget. Sjå b.nr. 22.
Ivar Andreasson Kvinge var smed og budde her på dette bruket. E. Erikka eig bruket saman med sonen Malvin. Ho bur i huset og er telefonstyrar. Sjå også b.nr. 9.


Desse bur her no (1973):
1. Bakar Anders Olsen Toft, f. 17/1 1925 i Øygarden, g. 12/10 1957 med Kristine Antonsdtr. Fromreide, f. 13/10 1927.
Barn:     

a.  Alice f. 4/12 1959.

-------------------------------------------
2. Lærar Terje Rasdal frå Evanger, f. 24/5 1950.
3. Lærar Laila Borge frå Osterøy, f. 5/11 1952.

 

BRUK 13. FRIHAVN.

Utskilt frå b.nr. 1 og 2, 3/3 1936.


Erik Andreas Otterstad, f. 13/5 1894, d. 14/6 1956. Han reiste som maskinist. Sjå nr. 4 Selvågen under Reknes. 23/3 1936 arvefestekontrakt frå Erik Arneson og Andreas Emanuelson Sandnes til maskinmeister Andreas Otterstad for årleg avgift 15 kr.
Otterstad sette opp sumarhytte på tufta.
5/10 1957 merknad om at Erik Andreas Otterstad døydde 14/6. 1956 og etterlet seg dottera Annie Riisnes og sonen Finn Otterstad, som har overteke buet. Grbf. 10/10 1957.


Finn Otterstad, f. 5/9 1931.
Skøyte, dat. 19/9 1957 frå Annie Riisnes til bror og medarving Finn Otterstad på hennar halvdel av denne eigedomen på bygsla grunn for 5 000 kr. Grbf. 10/10 1957.


Bergljot Birkeland, f. 15/11 1903 og Asta Birkeland, 7/11 1905 på g.nr. 11, b.nr. 2. Bergljot har vore lærar i Masfjorden og Åsta sjukepleiar i Bergen.
Skøyte, dat. 4/4 1960 frå Finn Otterstad til Bergljot og Åsta Birkeland for 24 000 kr. Grbf. 12/4 1960.

 

BRUK 15. SOLSTAD.

Utskilt frå b.nr. 1 Grbf. 30/7 1948.


Leif Bernhardson Sandnes f. 11/2 1914 på bruket “Ved Olderen”(3c), d. 23/11 1971. Gift 13/10 1945 m. Bertha Holmås f. 3/5 1914 i Lindås.
Born:     

a.)  Margot Helene f. 21/8 1946, g. 2/8 1969 m. Trygve Gjerde f. 26/7 1946 i Austrheim. Bur der.
Deira born:
a.    Kjetil f. 27/4 1970
b.    Britt Mari f. 1/5 1972
c.    Stina Sandnes f. 11/5 1979
d.    Leif Thomas Sandnes f. 24/9 1981

-----------------------------------------
b.)  Berit Mathilde f. 12/6 1949, g. 26/5 1971 m. Knut Torsvik. Sjå Andvik b.nr. 24.
Skøyte 2/6 1955 frå Erik A.Sandnes og kona Aletta til brorson Leif Sandnes utan vederlag.

 

BRUK 16. SANDNES DAMPSKIPSKAI.

Utskilt frå b.nr. 1 Grbf. 28/4 1950.


Skøyte, dat. 17/4 1950 frå Erik Arneson Sandnes og k. Alétta til Sandnes Dampskipskai, utan vederlag. Grbf. 28/4 1950.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen