MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 30.11.10 -

BRUK 7 OG 8

 

BRUK 7. NYHEIM.

Utskilt frå b.nr. 1, 12/9 1915.


Johan Martin Johannesson Otterstad, f. 24/12 1881 i Selvåg under Reknes og Lauvvik. Han reiste utanriks som maskinsjef. 2/9 1909 g.m. Berta Monsdtr. Sandnes, b.nr. 2, f. 31/7 1886, d. 9/1 1957. Johan d. 9/6 1969.
Born:     

a.  Alvhild f. 30/6 1910, utd. sjukepleiar, g.m. Kristoffer Ger­hardson Daae, Frøyset. Sjå Dalset under Frøyset.
b.  Magnus f. 7/6 1912. Omkom med ubåten «Uredd» på norskekysten 1940-45.
c.   Laura f. 30/12 1915, student og utd. sjukepleiar. 15/11 1948 g.m. Konrad Øvrebø Fyllingen. Dei har 3 søner.
d.   Jenny Erna, f. 10/4 1918, g.m. Magnus Åsheim frå Haus, f. 14/7 1940.
Deira born:
a.    Berit Johanna f. 10/2 1941.
b.    Margrete f. ?
20/12 1915 skøyte frå Erik Arneson Sandnes til Johan Otterstad for 500 kr.


15/11 1983 heimelsovergang til arvingane Alvhild Daae, Laura Øvrebø og Erna Aasheim , verdi kr 75000.
Nr. 3 Same dag skøyte til Berit og Torleif Lund. Kjøpesum kr 75000.

 

Leigebuarar

Lækjar Olav Braa, frå Melhus, 1/1 til 1/10 1954.


Lækjar Johannes Peter Lützov Holm, frå oktober 1954, mars 1955, g.m. Else frå Ringerike.
Born:     

a.  Ole.


Likningssjef Harald Sandal, budde her til 15/1 1963.


Kommuneingeniør Harald Bjørlo, frå Nordfjord, frå 1/3 1968, 1/5 1970.


Kommuneingeniør Viktor Wiggen, f. 14/5 1924 i Trondheim, g. 5/2 1949 med Mary Magnesdtr. Berg, f. i Trondheim 6/8 1921. Dei kom frå Frei kommune til Masfjorden 26/10 1970.
Born:     

a.  Hans f. 25/6 1943, bustad Malm i Verran.
b.  Ruth f. 13/3 1953, f.t. skuleelev Kristiansund N.

 

BRUK 8. SAGHOLMEN.

Utskilt frå b.nr. 1 og 2, 15/7 1918


som arvefeste. 7/8 1918 tingl. arvefestekontrakt frå Erik Arneson og Andreas Emanuelson Sandnes til Johan Johannesson Otterstad med årleg avgift 100 kr. Med feste fylgjer rett til delvis utnytting av vass­krafta i Sandneselva.


Johan Otterstad skipa A/S Sandneselvens Slip & Motorverkstad. 14/12 1921 tingl. kunngjering om at A/S var teke un der konkurshandsaming. 26/11 1921 skøyte frå styret for konkursboet til Masfjordens Sparebank, bygningar og maskinar og delvis rett til å nytta krafta av elva vart sett til 21 000 kr. 10/1 1923 skøyte frå Masfjordens Sparebank til Knut Johannesson Otterstad for 23 000 kr. Knut Otterstad har fenge istand elektrisitetsverk, som skaffar elektrisk energi til Sandnes. Maskinene er for det meste overførde til Otterstads gamle motorverkstad.
3/2 1947 skøyte frå Knut Johannesson Otterstad og k. Olufina til sonen Johan Knutson Otterstad, f. 29/3 1907 på b.nr. 6, for 7 000 kr. Grbf. 12/2 1947. Han har krigspensjon.


Johan Johannesson Otterstad. Sjå b.nr. 7 Nyheim.


Knut Johannesson Otterstad. Sjå b.nr. 6 Strandberg.


Johan Knutson Otterstad f. 29/3 1907 på b.nr. 6 (1e), d. 8/7 1983.


7/12 1983 heimelsovergang til arvingane Dorothea Torsvik, Erik Otterstad, Kari Krossnes, Konrad Otterstad, Knut Nordland, Gyda Totlandsdal, Leif Nordland, Bjørn Otterstad og Ninni Holmefjord.


Same dag skøyte til Konrad Otterstad. Kjøpesum kr 20 000.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen