MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 30.11.10 -

BRUK 6. STRANDBERG

Utskilt frå b.nr. 1, tingl. 23/5 1908.


Knut Johannesson Otterstad, f. 28/8 1873, d. 6/4 1950. Sjå Selvågen under Reknes og Lauvvik.
10/5 1898 g.m. Olufina Eriksdtr. Totlandsdal, f. 5/8 1874, dotter til Erik Monsson Totlandsdal og Dortea Olsdtr. Kvamme f. i Haus, d. 3/12 1960.
Born:     

a.)  Anna f. 31/10 1899, g.m. Lars Guttormson Nordland på b.nr. 4.
b.)  Johannes f. 10/2 1902, d. 21/4 1960, 20/6 1930 g.m. Helga Gerhardsdtr. Daae frå Frøyset. Dei var nr. 2 her på bruket.
c.)   Dortea f. 9/8 1903, g.m. Jonas Tormodson Torsvik, f. på Dragøy under Torsvik. Bustad Andvik b.nr. 6.

d.)   Erik f. 10/4 1905, g.m. Olga Knutsdtr. Andvik frå b.nr. 5. Dei bur på Tjøme.
Deira born:
a.    Ele Tori.
b.    Kåre.
c.    Otto.
Erik er småbrukar og forskalingssnikkar.

-----------------------------------------
e.)  Johan f. 29/3 1907. Maskinist i utanriksfart. Bur no (1973) på b.nr. 8.
f. )   Kari f. 23/3 1910. 21/10 1934 g.m. Anton Martin Andreasson Krossnes. Bustad Bergen.
Deira born:
a.    Åsa Margit.
b.    Kari Ovidia.

-----------------------------------------
g.)  Gunhild f. 10/10 1912, d. 9/10 1914.
h.)   Gunnar f. 2/8 1915. Omkom med motorskøyta «Viking» på veg til Shetland (England) 1942.
i.)    Konrad f. 3/8 1917, g.m. Borghild Johnsen frå Bergen 1946. Dei bur i Bergen. Sjå b.nr. 34.


30/1 1909 skøyte frå Arne Erikson Sandnes til Knut Johannesson Otterstad for 300 kr.
Knut sette opp hus med smedverkstad og dreiv fyrst som smed. Men etter kvart utvida han og la drifta om til motorfabrikk med slipp. Han kjøpte også b.nr. 6 på Andvik. Det stelte kona og borna med.


Johannes Knutson Otterstad, f. 10/2 1902, d. 21/4 1960, g. 20/6 1930 med Helga Gerharddtr. Daae frå Frøyset b.nr. 4, f. 20/1 1908.
Johannes tok over eigedomen etter faren og dreiv den mekaniske verkstaden med slipp i alle år.
Born:     

a.)  Nini f. 21/9 1930, g. 28/6 1952 med Olav V. Holmefjord. Bustad Samnanger.
Deira born:
a.    Aud f. 21/10 1952.
b.    Gunn f. 10/5 1958.
c.    Janne Helen f. 25/7 1960.

----------------------------------------
b.)  Bjørn Eilif f. 7/6 1935, d. 19/7 1940.
c.)   Bjørn Gerhard Daae f. 6/5 1941, g. 7/11 1964 med Ruth Jensen frå Oslo, f. 28/10 1941. Bustad Oslo.
Deira born:
a.    Rune f. 26/9 1966.
b.    Merete f. 3/7 1972.

-----------------------------------------
d.)  Odd Kåre f. 29/4 1945, g. 24/1 1970 med Marit Duesund frå Solheim, f. 12/6 1947 på b.nr. 6.
Skøyte, grbf. 12/2 1947 gjev Johannes Knutson Otterstad grunnbokh. for 4000 kr. og kår.
Heimelsdokument, datert 7/3 1962 til Helga Otterstad på dette bruk og b.nr. 14 for 12 000 kr. utlagd på summarisk skifte av hennar avlidne mann Johannes Otterstad’s fellesbu mot å svara panteretts­utlegg til arvingane, grbf. 9/3 1962.
Helga Otterstad er gift 2. gong med Magnus Madsen. Bustad Bergen.


Masfjorden kommune.
Skøyte, dat. 23/2 1965 frå Helga Madsen til Masfjorden kommune for 50 000 kr. Grb f. 8/3 1965.
Utskilt 22/11 1965 b.nr. 30 Garasjevegen.
Huset vert nytta til bustad for formannskapssekretæren.
1. Formannskapssekretær Ragnvald Våtevik budde her frå 1965 til mai 1968.
2. Halistein Midtun, f. 3/2 1938 i Gulen, g. 1963 med Oddny Hildur Larsdtr. Svaberg, f. i Gulen 2/10 1943. Han er no kontorsjef.
Born:     

a.  Jostein f. 19/4 1964.
b.  Odd f. 22/6 1965.
c.  Lars f. 6/11 1968.


Skøyte grb.f. 20/8 1976 til Einar Kvinge for kr 80000.
Einar Kvinge reiv huset som stod på tomta, og sette opp nytt forretningsbygg der.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen