MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 30.11.10 -

BRUK 3. HUMLEGARDSTIEN (ogso kalla URDI)

Utskilt frå b.nr. 1, 11/11 1848.


Christen Rasmussen, f. i Bergen, d. 15/7 1859. g.m. Anne Marie (gjentenamn ukjend), f. 1803, d. 2/6 1867.
Born:     

a.  Rasmus f. 1834, d. 3/8 1861.
b.  Ei dotter Berta.


Dei hadde fleire born. Men dei er ikkje nemnde i Masfjord-bøkene.
Foreldri til Christen Rasmussen var frå Masfjorden Rasmus Jonson Totlandsvik vart 1806 g.m. Brita Kristensdtr. Sandnes. Sjå Sandnesneset. Dei fekk sonen Jon på Sandnes 1806, d. 1 time gamal.
Brita Kristensdtr. lever ved skifte etter morbror sin 1842. Men skifteprotokollen gjev ikkje greie på kvar ho bur. Truleg i Bergen.


4/6 1849 tingl. skyld delingsforretning: «En under Erik Monssen Sandnæs brug liggende tomt, som er bleven solgt gesel Christen Ras­mussen af Bergen». 5/6 1849 tingl. skøyte frå Erik Monsson Sandnes til Christen Rasmussen på eit jordstykke «kaldet Humlegaardsstien Gd. Sandnæs, for 50 Spdl. Dateret 2. d.m.»


Bruket hev ikkje fenge skyld, endå det er skyldsett.
Christen Rasmussen sette upp eit etter måten stort hus på bruket. Huset skulde vera kjøpt på Evanger til nedrivings og flytt hit. Christen sette ogso upp ei stor sjøbu av timmer og bakeri av stein. Han dreiv bakeri og landhandel.


Helge Olsen. Hadde vore jekteskippar. Fødestad ukjend. g.m. Karoline Madsdtr..
Born:          

Helene Gunhild f. 25/9 1869.
Helge Olsen pakta eigedomen etter Rasmussen, og dreiv bakeri og handel.


Christoffer Hanssen. Fødestad ukjend. g.m. Ellen Johanne Berntsen.
Born:          

Hans Christoffer f. 13/3 1870.
Christoffer Hansen hev ogso berre pakta eigedomen.


16/5 1873 tingl. skøyte «fra Kristen Rasmussen og hustrus eneste arving, datteren Berthe Rasmussen, til Martinus Arnesen på d.b. med Huse for 1400 Spdl.»
3/9 1900 tingl. skifte etter Martinus Arneson og kona Brita Ivarsdtr. Då vart bruket med hus utl. på Erik Kristenson for 2000 kr.


Martinus og Erik budde ikkje i huset, men leigde det burt. Største romet var brukt til tingsal. Huset vart difor gjerne kalla tinghuset. Inga Maria Sandnes reiv det gamle huset og sette upp eit nytt på tufti. Maria Sandnes leigar burt ei tuft til Elisabet jelmeland på hennar levetid. Der hev fru Hjelmeland sett upp eit hus og bur der. Grunneigaren hev forkjøpsrett til huset. Fru Hjelmeland, sjå skulen på Matre.


Enkja Inga Maria Sandnes f. 28/6 1874, d. 2/7 1960.
Born:     

a.)  Britta f. 8/12 1898, d. 4/8 1959. Sjukesyster i Bergen.
b.)  Laura f. 7/6 1903, d. 30/4 1961, g. 31/3 1928 med Knut Olsnes frå Laksevåg, f. 6/10 1895, d. 6/7 1960.
Deira born:
a.))  Ellen Maria f. 21/11 1930 g.m. Magnus Malvinson Sandnes f. 25/2 1925. Bustad Laksevåg.
Born:
a.  Marita f. 4/9 1960.
b.  Kristin f. 13/7 1967.

-------------------------------------------
b.))  Britta Dorothea f. 8/5 1932, g.m. Knut Hovrud f. 13/9 1928. Bustad Oslo.
Born:
a.  Eivind f. 9/10 1959.
b.  Anne Liv f. 15/9 1961.
c.  Kari f. 7/2 1964.
d.  Britt f. 7/2 1964.

--------------------------------------------
c.))  Karin Liv f. 7/12 1936, g.m. Ottar Jarle Fanebust frå Lindås, f. 18/2 1928. Bustad Lindås.
Born:
a.  Frode f. 14/6 1956.
b.  Giske Vivi f. 26/2 1958.
c.  Knut f. 29/3 1961.


Karl Hjelmeland, f. i Bygstad i Sunnfjord g.m. Elisabeth Monsen f. 26/3 1880 på St. Sleire b.nr. 1, d. 27/3 1965.
Karl Hjelmeland var lærar i Haugsvær og Matre krinsar i mange år. Frå 1919 til han slutta som lærar grunna sjukdom var han lærar i Matre krins.
Dei bygde seg då hus på Sandnes og flytte dit. Han døydde 21/9 1927.
Feste nr. 1 under b.nr. 3: «Kontrakt hvormed landhandler E. K. Sandnes’s enke og arvinger bortleier til Elisabeth Hjelmeland et grunnstykke for hennes levetid mot årlig leie kr.10.-, dat. 20/10, tingl. 7/11 1927.»


Nordhordland Indremisjon og Norsk Misjonssamband.
«Begjæring, dat. 24/10 1966 om å anmerke at hjemmelen er gått over til Nordhordland Indremisjon og Norsk Misjonssamband etter påtegning på testament, dat. 22/9 1958 og 6/8 1962. Grbf. 3/11 1966.


Ola Glosvik f. 7/9 1905, d. 17/8 1972. Gift 11/12 1938 m. Lisa Dagmar Ivarsdtr. Kvinge f. 22/8 1909 på b.nr. 12 på Sandnes (1c), d. 27/1 1987.
Skøyte 5/6 1967 til Ola Glosvik på hus på festa grunn for 7000 kr.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen