MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 29. BOGEN. (Bauge)

 

BRUK 1 BRUK 2 BRUK 2

 

Bogen (Bauge)

Bogen (Bauge)

 

Um namnet seier O. Rygh at det kjem av ei «rund bugt» og det stemmer med skapet på strandlina. I vanleg tale vert namnet sagt Bugjen. På Haugsdalsstrandi i Masfjorden er ein stad som heiter Lysebugjen. Bug er ei eldre form enn bog. I andre bygder i Nord­hordland er namnet vorte til Boge. Formi Bogen som no vert nytta i matrikelen, seier ingen i bygdi. Folk som er fødde på garden i sei­nare tid, skriv seg for Bauge.

 

Ymse gamle skrivemåtar: 1611 Bougen. 1617 Boge. 1624 Boug. 1645 Boegen. Elles kan ein finna fleire former. Soleis Bugen, Boje og fl. I matriklane: 1665 Bouge. 1718 Bouge. 1723 Boge. 1838 Bauge. No Bogen. Formi bauge hev ein ogso i Nordhordland: Soleis i gardsnamnet Baugstø i Manger. Matrikelen kunde difor godt ta formi Bauge. Vil ein helst koma nær seiemåten, måtte ein skriva Bugen.

 

Grensor: I sud til fjellmarki på S. Hope og Sandnes, i vest til Sandnes, i nord til fjorden og i aust til Andvik.

 

Eigedomstilhøvi: Fyrste gongen ein finn noko um eigedomstil­høvi er 1624, og då høyrde garden til Lindås prestebol. Og benefisert Lindås prestebol var garden heilt til leiglendingen fekk skøyte. 1834 kongeleg skøyte til Sygni Matiasdtr. ½ l. s. for 240 spdl. og jordavgift til Lindås prestebol: 1 Skj. 2 fjdk. bygg «der bliver at betale som renter af 87 Spdl.»

 

Gamle matriklar og teljingar

Køpskattmanntal 1645: Boegen. Iffuer Joensen. Ko: Unne.

 

Kvegskattmanntal 1657: Bouge. 1 Hest, 1 Oxe, 5 Kiør, 6 Faaer. Saar 1½ Td. Afler 2½ Td., føder 10 Nøed, 1 Hest. Lindans Prestebol allernaadigst beneficeret, ligger ved Søen, maadelig jordart, men tungvunden og aldeles uvis til Korn. Bierke- og Furuskoug til brendefang, 1 Flomquern, ellers ingen herlighed. Udgifter 2 Rdl. 2 Mk. 12 Sk.

 

Matrikel etter reskript frå 1665: Bauge. Landsk. Smør ½ Løb. Saar 1 ½ Td. Afler 2½ Td. Føder 10 Nøed, 1 Hest. Kan tiende 1 Mele. Smaaskat 1 Mk. 15 Sk. Smaatiend 4 Sk. Kan skatte af ½ Løb Smør. Brendefang til.

 

Skattemanntal 1666. Bogen. Skylder Smør ½ Løb. Opsidder: Rasmus bruger, 38 Aar g. Fostersøn Thommes Fusess, 5 Aar g.

 

Manntal 1701: Bauge. Rasmus Larsen, 79 Aar g. Sønner Lars Rasmusen hiemme, 25 Aar g. Aamund Rasmusen, hiemme, 9 Aar g. Erik Rasmusen, hiemme, 7 Aar g. Fuse Rasmusen, hiemme, 4 Aar g.

 

Prøvematrikel 1721: Bouge. Ole Nielsen. Saar 1 Td., høster 3 Td. Føder 9 Nød, 9 Faar, 1 Hest. Lindaas Prestebol allernaadigst beneficeret, ligger ved Søen, maadelig jordart, men tungvunden og tildels uvis til korn. Bierke- og Furuskoug til brendefang, 1 flomqvern, ellers ingen herlighed. Skat 4 Rdl. 2 Mk. 12 Sk.

 

Matrikeltaksten 1723: Boge 1 Mand. Landsk. ½ Løb. Smør. Lindaas prestebol med bøxel beneficeret. Brendeskoug. 1 flomqvern. Ligger ved Søen 6½ Mil fra Bergen. God kornart. Sehiels letvunden. Saar 2 Td. Afler 7 ½ Td. Føder 7 Kiør, 4 Ungnød, 9 Faar, 1 Gied. Lever af qvegets afling og brendeved at sælge. Skyldi vart uppsett med 6 mk. s.

 

 

 

 

Foto: Svein D. Viken

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen