MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 25. TOTLANDSVIK

 

BRUKARAR DALSLEITE - EIT PLASS  

 

Totlandsvik

Totlandsvik

 

Garden vert kalla Totlandsdal, og er truleg uppteken av Totland. Garden er nemnd fyrste gongen 1645.


Ymse skrivemåtar: 1645 Totlandzdahl. 1657 og 1666 Totlands­dahl. 1691 Totlandsvig. 1701 Totlandzvig. Matriklane: 1665 Totlandsdal. 1718 Totlandsdalen. 1723 Totlandsdal. 1838 Thotlands­vik. Sidan Totlandsvik. Burde skrivast Totlandsdal, då ingen seier Totlandsvik.


Grensor: I sud til Totland, i vest til sjøen, i nord til Odnekvam, Skjeggedal og Stegalvik og i aust til Stegalvik og Totlands utmark.


Eigedomstilhøvi: 1648 de Bilde. 1664 og 1668 de Bilder, Tagge Giertsen bøxsler. 1686 Iffuer Christensen. 1691 Christen Henningsen. 1696 Johan Frimann. 1705 Johan Frimanns arvingar. 1714 Henrich Frimann. 15/12 1718 skøyte frå amtmann Henning Frimann til stiftsamtsskrivar Seehussøn. 15/10 1725 skøyte frå Severin Svanenhielm til Lars Torgeirson Kvamsdal. Seehussøn fekk namnet Svanenhielm då han vart teken upp i adelstanden.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645: Totlandsdal. Johans Rasmusen. Ko: Marete. Th. Dreng Omund. Th. Thøs. Mendene i Kongens Tieneste: 2 Quinder, Anne og Berete.


Kvegskattmanntal 1657: Totlandsdall: Johanis 3 Kiør, 3 Faaer. Skattemanntal 1666: Totlandsdal. Skylder Smør 1 Spd. Anders bruger 32 Aar g. Husmand Aamund, 50 Aar g.


Matrikel etter reskript frå 1665: Totlandsdal. Landsk. Smør 1 Spd. Saar 1½ Td. Afler 2½ Td. Føder 6 Nøed. Kan tiende 1 Mele. Smaaskat 2 Sk. 2 Huid. Kan skatte af 1 Pd. Smør.


Manntal 1701: Totlandsvig. Mathis Jonsen, 36 Aar g.


Prøvematrikel 1721: Totlandsvik. Saar 11/4 Td. Høster 4 Td. Føder 6 Nød, 2 Faar, 1 Hest. Proprietærgods, ligger ved Søen, maadelig jordart, men tungvunden. Smaa Bierke- og Furuskoug til for­nøden Brendefang, eller ingen herlighed. Udgifter: 3 Rdl. 11 Sk.

 

Matrikeltaksten 1723: Totlandsdal. Svanenhielm med bøxel beneficeret. Intet Sætter. Ligger ved Søen 7 Mil fra Bergen. Ringe kornart og skiels letvunden. Saar 1¼ Td., afler 4 Td., føder 4 Kiør, 2 Ungnød, 6 Faar, 1 Hest. Skyld 1 Pd. S. Lever af Qvegets afling og Brendefang at sælge.

 

 

 

 

Foto: Svein D. Viken

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen