MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 22. BERGSVIK

 

BRUKARAR

 

 

 

Bergsvik

Bergsvik

 

Um namnet seier O. Rygh at det kjem av Berulfsvik av mannsnamnet Berulfr eller Bergulfr, eldre for Bjorgulfr. I P. A. Munch:
Historisk Geografisk Optegn. om Konger, Norge, finn ein formi Berghagavik i Fion. Ein kan då koma på substantivet hage-hamnehage, med mykje berg. Sjølve viki er rik på bergknausar. Dersom adjektivet håg, høg, kan få formi hag, so kan namnet tyda viki med dei høge, eller rettare, under dei høge bergi. Garden ligg tett inn til foten av eit fjell som er 667 m høgt. Ved Håøyi i Hamre er på austsida Hagelsundet. Her må truleg namnet på øyi og sundet koma av same rot - håg.


Gamle skrivemåtar: I boki til P. A. Munch: Berghagavik. 1620 Berritzuig. 1624 Berridtzwigh. 1645 Beritzuig. 1718 Bersviig. 1723 Bersvig. 1838 Bergsvik og i parentes (Berghagvik). Seinare Bersvik. Dei som hev namnet sitt etter garden, skriv Bergsvik.


Grensor: I sud til fjorden, i vest til Lauvvik og Molland, i nord til Kvamsdal og i aust til Fausdal.


Eigedomstilhøvi: Garden er 1624 sagå vera bondegods. Skyld 1 pd. s. 1654/55 Niels Nørland, Smør 1 Sp. Malt 1 Mele. 1664 Volquart Brodersens arvinger. Det same 1668. So 1686 borgermeistar Hans Munthe. Den same 1703. Men då hev han titelen assistentråd. So nokre år er det Munthes arvingar. 1717/18 rådman Schiøtt.

 

Dagsett 8/11 og tingl. 16/12 1718 skøyte frå Daniel Rafnsberg til Ola Olson Bersvik på garden Bersvik. Rafnsberg hev truleg ut­ferda skøyte på vegne av Schiøtt.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645: Beritzuig. Haldor Miehelsen. Ko: Sigri. Datter. Th. Dreng. Mogens Michelsen. Ko: Guri.


Kvegskattmanntal 1657. Beritzuig. Haldor og Mogens. Krea­turhaldne ikkje uppgjeve. Garden hev vel av ein eller annan grunn vore fri den skatten.


Skattemanntal 1666: Berriswigh. Skylder Smør 2½ Pd. Joseph bruker alt. 43 Aar g. Sønner: Huusmands Søn Knud Halffuersen 10 Aar g. Huusmand Halffuer 60 Aar g.


Matrikel etter reskript frå 1665: Bersvig. Landsk. Smør ½ L. Malt ½ Td. Saar 1½ Td., afler 3 ½ Td. Føder 8 Nøed, 1 Hest. Kan tiende 1 ½ Melc. Smaaskatter 1 Mk. 15 Sk. Smaatiend 15 Sk. Kan skatte af ½ L. 5. Brendefang og noget til husbehoef.


Manntal 1701: Bergsvig. Niels Olsen. 32 Aar g. Sønner: Ole hiemme, 10 Aar g. Hemming, hjemme, 3 Aar g.


Prøvematrikel 1721: Bersvig. Ole Olsen. Proprietærgods. (Feil, sjå eigedomstilhøvi). Ligger ved Søen under et Field. Afsolt, tungvunden og uvis til Korn. Ofte ligget øde. Ingen herlighed uden ganske lit Bierkeskoug til brendefang. Saar 2 Td., høster 7 Td. Føder 8 Nød, 9 Faar, 1 Hest. Dens fulde udgifter, Landskylden uindberegnet, 4 Rdl., 2 Mk. 10½ Sk.


Matrikeltaksten 1723: Bersvig. 1 Mand. Landsk. ½ L. S., ½ Td. Malt. Opsidderen eier selv med bøxel. Intet Husmanssæde. Intet Sætter. Brendefang og lit Fureskoug til hushjelp. Ingen Qvern. Intet fiske. Ligger ved Søen, 7 Mil fra Bergen. Ringe kornart, ligger afsolt og meget tungvunden. Saar Havre 2 Td., afler 7 Td. Føder 6 Kiør, 4 Ungnød, 9 Faar, 1 Hest. Skyld ½ L. S. Lever af Qvegets Afling og træfang at sælge.

 

 

 

Foto: Svein D. Viken

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen