MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 30.11.10 -

BRUK 3 - 7

 

BRUK 3. REKNESØEN

Utskilt frå b.nr. 1. 8/5 1839

 

og seld til Kristen Kristenson Sandnes(neset). 15/5 1857 bygslar Kristen Kristenson bruket til Martinus Arneson Sandnes (neset). Både Kristen og Martinus budde på Sandnes, men dei sådde og hausta bruket i Reknesøyi.


Ivar Kristenson Sandnes budde på bruket ei tid. Han fekk det utl. på seg ved skifte etter faren 1868. Ivar selde bruket og kjøpte b.nr. 5 på St. Sleire. Sjå der.


Kristen Helgeson. Sjå under plassmenn på Reknesøy. 19/10 1896 skøyte frå Ivar Kristenson Sandnes til Kristen Helgeson for 1500 kr.


Dingvald Kristenson Reknesøy f. på plasset 6/10 1910. Ved skifte etter fyrste kona til Kristen Helgeson - Anna Rasmusdtr. 7/2 1906, vart det utl. på sonen Hans Martin Kristenson. Han skøyter bruket til halvsystri Brita for 1250 kr. og kår til mor åt Brita (500 kr.). Brita sel bruket til broren Dingvald for 1250 kr. og kåret til mori - Johanna Klausdtr. Skøyte tingl. 6/1931.


Konrad Johannes Kristenson Reknesøy f. 26/3 1915, d. 21/9 1974.
Skøyte 21/7 1943 til Konrad Reknesøy for 1500 kr.
Skøyte 12/5 1980 til Kristina og Arvid Johan Andersen for kr 50000.
Skøyte 10/9 1991 til Ingunn Marit Sjaastad og Tor Mikal Haga for kr 275000.

 

BRUK 4. TRÆLUND

Utskilt frå b.nr. 1 Grbf. 29/6 1939.


Lars Erikson Reknes(Totlandsdal) f. 30/10 1880. Han har grunnboksheimel til eigedomen.


Hans Andreas Larsson Reknes f. 6/4 1910 på b.nr. 1 28/6 1962 grbf. skøyte frå borna til Lars Reknes: Borghild, Erik, Konrad og Bernt Reknes til broren Hans Andreas Reknes for 2500 kr.


Lars Reknes f. 1/12 1948, d. 27/1 1993. Gift 28/8 1976 m. Kirsten Seljen 22/8 1956 i Selje. (Sjå Molland b.nr. 15)
Skøyte grbf. 3/7 1975 til Lars Reknes på ein ideell halvpart av b.nr. 4 og 19 for kr 70000.
Skøyte grbf. 23/6 1989 til Lars Reknes på ein ideell halvpart av dei same eigedomane for kr 50000 som kjøparens særeige, slik at Lars Reknes no er eineeigar.

 

BRUK 5. ØYSTRAND

Utskilt frå b.nr. 3. Grbf. 25/8 1945.


Hans Larsson Reknes f. 6/4 1910 på b.nr. 1. 28/2 1946 grbf. skøyte frå Konrad Johannes Kristenson Mol­landsøy til Hans Erikson Reknes og kona på d.b. med fjøs og løe­bygning for 1100 kr.


Ansgar Haraldson Birkeland f. 15/6 1934 på b.nr. 6. 6/6 1958 grbf. skøyte frå Hans Andreas Erikson Reknes og kona til dottermann Ansgar Haraldson Birkeland og kona på d.b. Skøytet gjeld også hovudbruket, b.nr. 1.

 

BRUK 6. FRILUND

Utskilt frå b.nr. 4. Grbf. 18/12 1945.


Erik Larsson Reknes f. 22/1 1912 på b.nr. 1 15/3 1946 grbf. skøyte frå Lars Erikson Reknes til sonen Erik for 100 kr.

 

BRUK 7. NESTTUN

Utskilt frå b.nr. 1. Grbf. 25/11 1949.


Konrad Gabriel Larsson Reknes f. 24/1 1915 på b.nr. 1 (13d), d. 10/5 1978. Gift 14/4 1948 m. Gunvor Johanna Martinsdtr.. Hope f. 1/3 1927 på Totland b.nr. 3 (1g).
Born:     

a.)  Trygve f. 3/6 1949, g. 25/7 1981 m. Astrid Martinsen. Bur i Trengereid.
b.)  Leif-Martin f. 9/11 1952, g. 11/8 1972 m. Margun Birgersdtr. Takle frå Gulen.
Deira born:
a.    Cato f. 5/1 1973
b.    Monica f. 8/1 1976

----------------------------------------------
c.)  Odd-Magnar f. 21/2 1956, g. 5/2 1977 m. Sigrid Bjerkvik f. 15/7 1955 i Volda. Ekteskapet oppløyst.
Deira born:
a.    Vegard f. 1/12 1977
b.    Verner f. 1/12 1977
Han gifte seg att 13/7 1986 m. Lilli Strømmen frå Skodje. Bur der.
Deira born:
c.    Linda f. 9/11 1989
Skøyte 24/9 1949 til Konrad Reknes og kona for 500 kr.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen