MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 27.01.10 -

MOLLANDSEIDET - PLASS

 

Tomasvar 1666 husmann under bruket til Sjur. Nils Olson, d. 1739. g.m. Anna.
Born:     

a.  Mons f. 1735.
b.  Ingeborg f. 1737.
c.  Nils f. 1738.
d.  Anna f. 1739.
Nils Olson budde k.h. på b.nr. 6 etter han hev vorte attgift med nr. 3 her, og han hev i vissa butt på Mollandseidet.


1739 skifte etter Nils Olson. Arving Ingeborg Nilsdtr. Formyn­dar «Stiffaderen» Endre Hansson Molland. Arv 3 dl. 5 mk. 2 sk.


Endre Hansson, g.m. e. Anna, d. 1777, 69½ år g.
Born:     

a.  Gjertrud f. 1747.
b.  Otte f. 1750, g.m. Ingeborg Olsdtr. Gjelsvik i Myking 1781.


Nils Ellingson, g.m. Anna Monsdtr.. Skifte etter henne 1778. Ved skifte desse born:
a.  Hans Nilsson «boende på Birkeland».
b.   Anders Nilsson «tjenende paa Duesund».
c.   Kari Nilsdtr. 32 år «formynder Toner Totlandsdal».
d.   Lisbet 29 år. «Formynder Christopher Larsen Sleire».
«Løsøre 8 Dl. 2 Mk. 14 Sk. Hus 10 Dl. Smidehus 1 Dl. 4 Mk. Faar 1 Dl. 1 Mk.»
Nils Ellingson hev kome til Mollandseidet sidan borni var fød­de, for dei er ikkje fødde på Molland. På namni til borni ser det ut at dette gjeld ein Nils Ellingson som ei tid budde på Byrkje­land. Han var g.m. Anna Olsdtr. Kolås, og Olsdtr. kan lett ha vorte til Monsdtr. for skrivarkaren. «Hans Nilsen boende på Birkeland». stemmer og. Sjå Byrkjeland på b.nr. 3.


Guttorm Ivarson Mollandseidetjordfest 1813, 79 år ga­mal. Um denne Guttorm veit ein ikkje noko meir. Det er k.h. feil for Guttorm Larsson Skauge på Selvågneset.


Daniel Olson Rambjørgf. 1772 på b.nr. 6, d. 4/7 1855. 1816 g.m. Siri Eriksdtr. Mjanger f. på b.nr. 2, 1776, d. 24/10 1842.
Born:     

a.  Guri (Gyri) f. 1818. Sjå under nr. 7 her.
1817 festesetel frå sokneprest Irgens til Daniel Olson Rambjørg på plasset Mollandseidet «før brugt af Guttorm Jonsen». Guttorm er vel den same som ved jordfestingi kallast Ivarson.


Ola Andersson S. Kvingef. 1811 på plasset Vikane, no b.nr. 8, Vikane og Dalen. 1839 g.m. Gyri Danielsdtr. Molland f. 1818, d. 17/4 1841. 1842 g.m. Johanna Johannesdtr. Reknes f. 1813.
Born:     

a.  Brita f. 17/4 1841.
b.  Rasmus f. 14/1 1843. Var jekteskippar.
c.   Baste f. 12/11 1843.
Ola Andersson var truleg herre inderst hjå verfaren, for ein finn ikkje festesetel til han. Han bygsla seinare b.nr. 5 på Nordland.


Erik Johannesson Reknesf. 1817, d. 5/10 1848. 16/12 1844 g.m. Herborg Torgeirsdtr. Molland f. 1817 på b.nr. 2.
Born:     

a.  Lisbet f. 2/2 1843 (fyrr foreldri var gifte), g.m. Johannes Torgeirson Reknes. Bustad plasset Åviki under Lauvvik.
b.  Torgeir f. 21/2 1847, d. 21/2 1874.
c.   Anna f. 9/1 1845, g.m. Johannes Johannesson I. Haugsdal. Sjå plasset «Med Garen» I. Haugsdal.
12/5 1847 festesetel frå Ola Monsson Lauveidet og Tor Kristen­son Bergsvik på plasset Mollandseidet til Erik Johannesson og kona. Kåreplikt til Daniel Olsson.


9  Mons Fuseson Natåsfrå Lindås f. 1828, d. 21/10 1875. 24/6 1849 g.m. e. Herborg Torgeirsdtr. Molland, d. 16/1 1889.
Born:     

a.  Fuse f. 1851, d. 1852.
b.  Erikka f. 24/2 1850, g.m. Erik Johannesson Mjanger frå b.nr. 1, 29/6 1875.
c.   Botilla f. 18/4 1854, g.m. Erik Olson Fausdal 1881.
d.   Ingeborg f. og d. 1857.
e.   Ingeborg f. 25/3 1862, g.m. Martinus Knutson Vabunes frå Lindås, bustad Fausdalshaugen under Fausdal. No b.nr. 2, Solhaug.
5/6 1849 festesetel frå Ola Monsson Lauveidet og Dordi Torsdtr. Bergsvik til Mons Fuseson.


10  Sjur Rognaldson Fossef. 1847 på b.nr. 2, d. 15/12 1899. 18/6 1878 g.m. Sigrid Sjursdtr. Molland f. 4/5 1848 på b.nr. 2.
Born:     

a.  Brita f. 16/4 1879, d. 5/6 1894.
b.  Sygni f. 23/10 1882. Busett i Etne.
c.   Ingvald Severin f. 4/7 1889. Reiste til Amerika.
18/5 1885 festesetel frå Hans Mikkelson til Sjur Rognaldson og kona på plasset Mollandseidet. Kåreplikt til Herborg Torgeirsdtr.


11  Henrik Martin Johannesson Lauvvikf. på plasset Åviki 1875, d. 30/5 1932. 27/5 1895 g.m. Lovisa Henrikka Johannesdtr. I. Haugsdal f. 7/10 1872 på plasset «Med Garen», d. 20/3 1951.
Born:     

a.  Jens Martin Severin f. 1895, d. 11/5 1914.
b.  Elisabet Botilla f. 6/9 1897. Ugift.
c.   Johannes Andreas f. 1/7 1900, d. 14/9 1927.
d.   Tora f. 12/8 1903. Ugift.
e.   Arne f. 17/3 1906, d. 28/9 1913.
f.    Harald Hilmar Magnus f. 14/5 1908 d. 3/12 1964.
g.   Borghild Elida f. 23/5 1912.
20/9 1902 festesetel frå Mikkel Hansson m. f. . til Henrik Johan­nesson Lauvvik og kona på plasset Mollandseidet.


12  Harald Teodor Erikson Haugsdal, f. 8/11 1904. Sjå om den huslyden under plass på b.nr. 6 i Haugsdal I. Han d. 31/12 1967. 18/9 1942 g.m. Klara Sæle f. 15/4 1914 i Øygarden.
Born:     

a.)  Håkon Kåre f. 6/11 1943. 30/8 1969 g.m. Randi Bod f. 30/10 1945. Bur på Stord.
Deira born:
a.    Kurt Harald f. 1/12 1969.
b.    Anne f. 31/7 1971.
b.)  Astrid Margrete f. 20/1 1947. 4/10 1969 g.m. Harald Sigvald Henriksen f. 29/6 1939. Bur i Bergen.
Deira born:
a.    Wenche f. 24/2 1970.
b.    Jonny f. 7/1 1973.
c.)    Johannes Gunnar f. 30/8 1955.

Denne huslyden har budt i huset på Mollandseidet.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen