MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 18. DUESUND

 

BRUK 1

BRUK 4, 5 OG 7

BRUK 11 - 19

BRUK 2

BRUK 6

BRUK 21 - 40

BRUK 3 BRUK 8 OG 9  

 

Duesund

Duesund

 

Um namnet seier O. Rygh at det kjem av fuglenamnet: Dufa. Bygdeuttalen er Dusn med tydeleg lang u. Fyrste gongen ein finn namnet er 1567, og då er det skreve Dusen. I ein bygselsetel 1760 er ogso skreve Dusen. 1630 er det skreve Dugsund. Elles er det jam­naste skreve Duesund. I matriklane: 1665 Dussund. Seinare alltid Duesund.


Rygh si tyding er ikkje mykje sannsynleg. Det er meir truleg at namnet hev same roti som gardsnamnet Døsen. Men ein hev ikkje no høve til å sjå etter Rygh si tyding av det namnet.


Grensor: I sud og aust til fjorden, i vest til Hostelandssundi og i nord til Hosteland og Molland.


Eigedomstilhøvi: Garden høyrde til Stigtens gods til ikring 1664. Ludvig Lem er eigar 1686 og Ludvig Lems e. 1691. Det sistnemnde året vert Giertrud de Fine eigar og er det til 1710. Peder Lem frå 1710 til 1718.1723 er Giertrud de Fine atter sagd å vera eigar. 26/5 1763 er tingl. auksjonsskøyte ved sorenskrivar Garmann til madam Christine Sal. Haar på 1 pd. s. i Duesund. 14/10 1765 bygslar Anna Helene Frørup 1 pd. til Halvard Henrikson. 27/5 1771 auksjons­skøyte ved sorenskrivar Garmann til magister Ludvig Daae 1 pd. 8 k. malt for 51 rdl. 1762 hadde Ludvig Daae fenge skøyte på 1 pd. s. hjå Christine Daae Haar.

 

Duesund, B.nr. 4, 5, og 7

Duesund, B.nr. 4, 5, og 7

 

1788 er det skifte etter Ludvig Daae og frua. Då vert 1 pnd. s. utl. på sonen Ove Christian Leerdahl Daae og 1 pd. 8 mk. s. og 8 k. malt utl. på Ivar Munthe Daae. 1791 skøyte frå Ivar Munthe Daae til Anders Nilsson 16 mk. s. 4 k. malt for 155 rdl. Det vert b.nr. 2, og same år skøyte frå den same til Halvard Henrikson 16 mk. s. 4 k. malt for 155 rdl. Det vart b.nr. 1.1838 skøyte frå Mikael Sundt Brügger til Hans Åmundson 16 mk. s.4 k. malt for 320 spdl. Brügger hadde fenge denne parten ved gåvebrev hjå Anna Harboe Tuchen, f. Frimann, 1826. Dette er b.nr. 3.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645: Duesund. Ole Sebiørnsen. Ko: Giertrud. Søn Lauritz. Datter Kari. Mogens Joensen. Ko: Barbra.


Kvegskattmanntal 1657: Duesund. Olluff 3 Kiør, 3 Faaer, 3 Gieder. Mogens 1 Hest, 3 Kiør, 3 Gieder, 3 Faaer, Niels 4 Kiør, 1 Quie, 2 Gieder, 4 Faaer. Olluff 3 Kiør, 2 Faaer.


Skattmanntal 1666: Duesund. Skylder Smør 3 Pd. Malt 1 Mele. 3 Opsiddere. Bruger lige meget 16 Mk. Smør 4 Kd. Malt. Mogens 50 Aar g. Sønner: Hans 16 Aar, Østen 12 Aar g. Nielse 50 Aar g. Huusmands Søn Joen Andersen 10 Aar g. Ole 40 Aar g. Søn: Anders 10 Aar g. Under «Huusmænd og Strandsiddere» Anders i Klunger­vigh 50 Aar g.


Matrikel etter reskript frå 1665: Duesund. Landsk. Smør 2 Pd. Malt 1 Mele. Saar 4 Td., afler 10 Td., føder 18 Nøed. Kan tiende 1 Td. Smaaskatt ½ Rdl. 13 Sk. Smaatiend 8 Sk. Kan skatte af 1 Løb Smør. Brendefang til.


Manntal 1701: Duesund. Olle Olsen 60 Aar. Tienestekarl Anders Halstensen Kalhofde 12 Aar. Anders Johansen (Johannesson) 50 Aar. Olle Erichsen 41 Aar.


Prøvematrikel 1721: - Duesund. 1 Løb Smør. Ole Erichen Amund Rasmusen, Niels Pedersen. Saar 3 ¾ Td., høster 15 Td., føder 18 Nød, 18 Faar, 1 Hest. Proprietærgods. Ligger ved Søen, har ei anden herlighed uden lit Bierke- og Furuskoug til Brende­fang og Gjerdsel, samt en liden flomqvern til husfornødenhed. Der­imot jorden er saa aldeles uvis til Korn, allerhelst i tørre Aaringer, at Seden ei kan gjenkomme. Desforuden tungvunden, skarp og skrin jord til Høavl. Desformedelst taaler ingen forhøielse. Skatte 7 Rdl. 5 ½ Mk. 11 19/20 Sk.

 

Matrikeltaksten 1723: Duesund 3 Mand. Landsk. 1 Pd. (Løb) S. l Mele Malt. Giertrud de Fine med bøxel tilhørende Intet Hus­mandssede, intet Sætter. Brendeskoug og lit Furuskoug til Gierdisgard og Spærreved. 1 flomqvern, intet fiske. Ligger ved Søen 6 ¾ Mil fra Bergen. Ringe og uvis kornart, meget tungvunden og ofte været øde. Saar 3 ¾ Td., afler 11 Td. Føder 15 Kiør, 6 Ungnød, 18 Faar, 1 Hest. Skyld i Løb Smør. Lever af Qvegets afling og lit trefang at sælge.

 

 

 

Foto: Svein D. Viken

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen