MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 16. AREKLETTEN

 

BRUK 1

BRUK 3

BRUK 7 - 23

BRUK 2

BRUK 4 - 6

 

 

Arekletten, B.nr. 1

Arekletten, B.nr. 1

 

Um namnet seier O. Rygh at det kjem av ari m. Ørn og Klettr - fjellknatt. Fjellknatten er ein liten berghaug nordanum inn­marki, og det kan tenkjast at fiskørni fyrr i tidi jamt hev sete og kvilt seg der.


Ymse skrivemåtar: 1624 Arreklet. 1666 Areklett. 1657 Arekledt. I matriklane: 1665 Areklet. Det same 1718 og 1838. Frå 1886 Arekletten.


Grensor: Garden ligg på synste luten av Holsnøyi. I nord grensar garden til g.nr. 17, Holsnøen (Holsøyi), i vest til Hærøyo sen. I sør for Areklett-tangen er sjølve Storefjorden millom Areklett­landet og Kvamsøyi og i aust Sandnesosen.


Eigedomstilhøvi: Garden er 1624 bondegods, men det er utan­bygds bønder som eig. På ting i Kilstraumen 29/6 1699 vart tingl. skøyte frå Nils Nilsson Hannevik og Ola Nilsson Stien (i Meland) til Matias Ivarson Rong (i Herdla) 30 mk. s. «udi Areklet». 28/10 1701 tingl. «Kjøbebrev af 27/10 fra Else Olsdtr. Sal. Mathias Rong til Bertel Hognesen paa Areklet 1 Pd. 6 Mk. Smørs Bugildz leie». Sidan hev garden vore i ætti.

 

Gamle matriklar og teljingar

Ved kopskattmanntalet 1645 var Areklett ikkje nemnd, endå me veit at det budde folk der då.


Kvegskattmanntalet 1657: Arekledt: Hogne 1 Hest, 1 Oxe, 6 Kiør, 1 Quie, 7 Gieder, 5 Faaer.

 

Skattmanntal 1666: Areklæt. Hogne bruger ½ Pd. Smør, 60 Aar g. Bertel bruker ½ Pd. S., 26 Aar g.
Under Rødningspladze: Aspewigh under Arekledt. Mogens 27 Aar g.


Matrikel etter reskript frå 1665: Areklett Landsk. Smør 1 Pd. Saar 1 ½ Td., afler 2 ½ Td., føder 8 Nød. Kan tiende 1 Mele. Kan skatte af 1 Pd. 6 Mk. s. Til Areklett stend ingen ting um «brende­fang».


Manntal 1701. Areklet. Bertel Haagensen 64 Aar g. Sønner:
Erich Bertelsen, hiemme, 24 Aar g. Gudmund Bertelsen, hjemme, 16 Aar g.


Prøvematrikel 1721: Areklett. Nils Bertelsen. Saar 1 ¼ Td., høster 4 ½ Td., føder 6 Nød, 10 Faar. Selveiergaard, ligger ved Søen, temmelig god jordart, tungvunden, mangler havnegang til febeite, ingen herlighed uden en liden flomqvern. Udgifter 3 Rdl. 14 3/5 Sk.


Matrikeltaksten 1723: Areklet. Landsk. 1 Pd. Smør. Opsidderen eier selv. Intet Plads. Intet Sætter. Ringe Brendefang. 1 flomqvern. Ligger ved Søen 6 ½ Mil fra Bergen. Ringe kornart og skiels letvun­den. Saar 1 ½ Td., afler 4 ½ Td., føder 5 Kiør, 4 Ungnød, 10 Faaer. Lever af qvegets afling. Vart uppsett frå 1 pd. til 1 pd. 6 mk. S.


Areklett var lenge berre eit bruk, men far og son brukte sume tider kvar sin halvpart

 

 

 

 

Foto: Gjert-Rune Daae

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen