MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 24.05.11 -

BRUKARAR. BRUK 1

 

Michell nemnd skatteåret 1610/11.


Tomis frå 1620 til 1649.


Lars (Lawritz) nemnd fyrste gong 1657, siste gong 1668.


Anders Monsson (Magneson) er komen på bruket millom 1668 og 1691. Han er 60 år 1701 og hev då sonen Tomas 13 år og Hans 11 år. 1706 er det skifte etter han, og då syner det seg at kona heiter Brita Tomasdtr.., truleg dotter til nr. 2. Desse born er då upprekna:
a.  Tommes Anderssen, fuld myndig.
b.   Hans Andersen.
c.   Unne.
d.   Agatte.
e.   Karen.


Tomas Andersson er komen på bruket 1711. Fødd 1688. D. 1756. Han er son til nr. 4. g.m. Ingeborg Knutsdtr.., d. 1753. Namnet funne under ei rettssak.
Born:     

a.  Brita f. 1707, g.m. Ola Olson Rambjørg, b.nr. 3.
b.  Kari f. 1707.
c.   Marita f. 1711, g.m. e.m. Åmund Totland, b.nr. 1
d.   Ingeborg f. 1712.
e.   Anders f. 1714.
f.    Ola f. 1717.
g.   Ågeta f. 1718.
h.   Hans f. 1720. Nr. 6 her på bruket.
14/12 1720 tingl. uppattnying av bygsel frå Zidzele Kaas til Tomas 18 mk. s.


Hans Tomasson Raunøy, f. 1720, d. 1786.1749 g.m. Randi Hansdtr. Kvamsdal f. 1725 på b.nr. 3, d. 1763.1763 g.m. Botilla Bertelsdtr. Kvingedal f. 1730 på b.nr. 1.
Born:     

a.  Kari f. 1750.
b.  Tomas f. 1751.
c.   Hans f. 1753.
d.   Ingeborg f. 1756, d. 16/5 1845.
e.   Brita f. 1759, d. i Fausdal 9/6 1836. Brita fekk 1781 sonen Tomas med gift mann Johannes Johannesson Reknes og 1787 tvillingane Hans og Mikal med same mannen. 1793 fekk ho sonen Jørgen med gift mann Jørgen Johannesson Kringlen i Brekke. Jørgen kom til bunads på Kalhovda, b.nr. 2.
f.    Nils f. 1762, g.m. gi. Brita Olsdtr. Hørland, Myking 1800.
g.   Engel f. 1775.

 

Dagsett 7/10 1752 og tingl. 11/5 1753 bygselsetel frå madam a Møinichen Sal. de Fine 1 får til Hans Tomasson.


E.m. Rasmus Johannessen Nesbø frå Myking, f. 1734, d. 1792. 1787 g.m. e. Botilla Bertelsdtr. Raunøy.
1789 tingl. bygselsetel frå Ludvig Daae ved broren, presten Anders Daae, til Rasmus Johannesson 1 får. Dagsett 17/11 1787. Skifte etter Rasmus Johannesson 25/5 1792. E. Botilla Bertelsdtr. Dei andre arvingane var halvbrødre til Rasmus (Anders, Ola, Lars og Jon).


Mons Nilsson I. Haugsdal, f. millom 1765 og 1770 på b.nr. 3, d. 15/4 1839. 1792 g.m. Lucie Hansdtr. Kjetland f. kr. 1770 på b.nr. 2, d. 1833.
Born:     

a.  Engel f. 1793, g.m. Ola Andersson Holsøy 1828, sjå nr. 9.
b.  Ragnhild f. 1796, g.m. Knut Rasmusson I. Haugsdal på b.nr. 1, 1820.
c.   Kari f. 1799. Fekk dotri Ingeborg med gift mann Johan­nes Knutson Odnekvamme 1819. Ingeborg vart g.m. Erik Monsson Sandnes på b.nr. 1.
d.   Olia f. 1800, d. 1802.
e.   Ola f. 1804. Nr. 10 her på bruket.
f.    Åsa f. 1808, g.m. Hans Åmundson Duesund på b.nr. 2, 1838.


1793 skøyte frå «kandidatus philosophiæ» Ludvig Daae til Mons Nilsson Haugsdal for 100 rdl. Han selde bruket til Hogne Erikson Riisnæs 1803 og fekk same året bygsel på halve bruket. Ola Knut­son Trodal fekk bygsel på hin halvparten, men 1804 gav Ola Knut­son upp bygsli og Mons fekk då bygsel på heile bruket.


Bertel Knutson S. Hope, f. 1780, son til Knut Bertelson som i sine seinare år budde på b.nr. 2, Lidi, S. Hope. g.m. Engel Monsdtr. Rognøy. Då ho vart e. vart ho attgift med Ola Andersson Holsøy.
Born: Knut f. 1817, d. 9 vikor gamal


1806 bygselbrev frå Hogne Erikson Riisnæs til u.k. soldat Bertel Knutson Hope «1 Faar som Mons Nilsen før har brugt», og kår frå Bertel til Mons Nilsson og kona Lucie: 1 ½ t. korn, 1 t. potetor, 2 kyr, 5 smale og «tilladelse til at opføre et hus på Nesset kaldet».


10  Ola Monsson Raunøy, f. 1804, d. 4/12 1894. 1828 g.m. Dordi Andersdtr. Holsøy f. 1792, d. 25/3 1876. 26/6 1877 g.m. e. Olia Kolbeinsdtr. Krossøy f. 1818 på Kvamme, b.nr. 4. Ho var e. etter Ola Rasmusson Krossøy f. på Andvik 1826 på b.nr. 7. Ho d. 9/9 1892.
Born:     

a.  Mons f. 1831. Nr. 11 her på bruket.
b.  Lisbet f. 1832, g.m. Sjur Olson Risnes 1860. Bustad Y. Haugsdal.
c.   Anders f. 1836. Nr. 1 på b.nr. 2.
d.   Kari f. og d. 1840.
1829 bygselbrev frå Arne Hogneson Riisnæs til Ola Monsson.


11  Mons Olson Raunøy, f. 1831, d. 16/6 1908. 29/11 1863 g.m. e. Siri Matiasdtr. Holsøy f. 1826, d. 18/3 1908.
Born:     

a.  Ida f. 17/5 1865, g.m. e.m. Kristen Erikson Molland, b.nr. 3.
b.   Dortea f. 4/2 1868. Sjå under nr. 12 her på bruket.
c.   Ivar Martin f. 12/1 1872, g.m. Brita Torgeirsdtr. Odne­kvamme 17/3 1896. Bustad Bergen.
15/1 1858 skøyte frå Gjert Arneson Riisnæs til Mons Olson Raunøy for 600 spdl. Same året bygslar han bruket til broren Anders, som sidan fær halve jordi, b.nr. 2.


12  Berge Johannesson Lauvik, f. 1878 på plasset Åviki under Lauvvik, d. 25/3 1909. 27/6 1900 g.m. Dortea Monsdtr. Rognøy f. 4/2 1868, d. 8/5 1917.
Born:     

a.  Martin f. 4/4 1901, g.m. e. Ingeborg Hansdtr. L. Sleire b.nr. 6.
b.  Johan Severin f. 10/8 1902. Reiste ut som sjømann.
c.  Elisabet f. og d. 1904.
d.  Saron f. 5/8 1905, g.m. Kristine Nikoline Jakobine Hervoll, dotter til bonde Samuel Samsonson Hervoll, Lista. Saron er handelsmann på N. Kvingo.
e.   Elias f. 5/2 1907. Bustad Duesundøy.
28/4 1900 tingl. skøyte frå Mons Olson til Dortea Monsdtr. for 1400 kr. og kår (450).
1916 skøyte frå skifteretten til Martin Bergeson Raunøy for 1200 kr. og kår til mori (500 kr.). 1916 skøyte frå Martin Bergeson ved Ivar Olson Holsøy til Johannes Torgeirson Holsøy for 1400 kr. Johannes budde sjølv i Holsøy og selde bruket i Rognøy til nr. 13.


13  Elias Nilsson Tvedt frå Myking. Artillerisersjant f. 4/10 1878, d. 3/10 1971, g.m. Gunhild Kolbeinsdtr. Reknes f. 13/2 1875 på b.nr. 2, d. 10/9 1957.
Born:     

a.)  Antonette Josefina, f. 27/12 1899.1937 g.m. Claus Clausson Husebø frå Herdla.
Deira born:
a.    Georg (adoptiv).
b.    Bernt f. 1938, d. 1940.
b.)  Karl f. 1903. Reiste i 1922 til Seatle U.S.A. Er fiskar. g.m. ei dame Ethel.
Deira born:
a.    Edvin Håvard.
b.    Gail.
c.    Dyle.
d.    Carol.
c.)  Nils August f. 16/5 1905. Nr. 14 på bruket.
d.)   Konrad Johan f. 17/8 1907, g.m. Ella Sandven frå Fana.
Deira born:
a.    Lillian (adoptiv).
e.)  Edvard f. 14/8 1909 g.m. Sigrid Aletta Gudmundsdtr. Herøy. Sjå Hatlevik b.nr. 4.
f.)    Gustav Bernhard f. 26/2 1911. 22/7 1950 g.m. Marta Olina Rasmusdtr. Marøy. Sjå b.nr. 2.
g.)   Jenny Teodora f. 7/4 1913, g.m. Edvard Larssen. Bustad Fanebust
Deira born:
a.    Gunhilda f. 29/10 1939.
b.    Elin f. 9/12 1946.
c.    Oddrun f. 31/12 1949.
d.    Kåre f. 30/5 1952.
e.    Georg Evelyn f. mars 1954.
h.)  Edvin Gotfred f. 25/12 1915, g.m. Aslaug Rosnes.
Deira born:
a.    Georg f. 11/11 1948.
b.    Ernst f. 4/7 1955.
c.    Odd f. 4/3 1957. Ei gjente d. årsgamal.
i.)   Konstanse Johanna f. 1919, g.m. Hjalmar Kolbeinsen. Bur i Bergen.
Deira born:
a.    Karin f. 16/12 1951.
b.    Anny f. 17/9 1953.
c.    Rolf f. 22/11 1954.
d.    Gunn Irene f. 24/5 1957.
j.) Ingeborg f. 1922. Fosterbarn. g.m. statslos Gudmund Hatlenes. Dei bur i Bergen.
20/10 1919 skøyte frå Johannes Torgeirson Holsøy til Elias Nils­son Tvedt for 3500 kr. og kår til Synneva Ivarsdtr.


14  Nils August Eliasson Tvedt f. 16/7 1905, d. 13/6 1987. Gift 30/11 1938 m. Svanhild Mathilde Martinsdtr. Birkeland f. 14/10 1916 på b.nr.3, (8e), d. 6/3 1990
Born:     

a.)  Margit Aslaug f. 10/1 1940, d. 24/7 1951. Drukna.
b.)  Einar Gustav f. 30/10 1944, d. 24/7 1951. Drukna.
c.)   Nelly Solveig f. 6/4 1950, g. 25/1 1969 m. Øystein Rønhovde, f. 13/6 1943 på S. Kvinge b.nr. 34 (4b). Bur i Knarvik.
Deira born:
a.    Nils Arvid f. 23/12 1969
b.    Mette f. 21/12 1972
c.    Steinar f. 29/7 1976
d.)  Einar Gustav f. 16/7 1952, g. 16/6 1984 m. Kate Fredheim, f. 6/3 1955.
Deira born:
a.    Kristin f. 6/2 1983
b.    Erik f. 1/7 1985
c.    Anne f. 6/3 1991
e.)  Martin August f. 28/7 1955, g. 27/10 1973 m. Jorunn Alfhild Kjetland f. 15/9 1956 i Indre Haugsdal b.nr. 14 (1b).Dei bur i Salhus.
Deira born:
a. Merete f. 14/3 1974
b. Asbjørn f. 8/7 1981
f.)   Sven f. 28/11 1956, g. 3/8 1986 m. Giang Hian Kim f. 1/7 1959 i Korea.
Deira born:
a. Snorre f. 19/6 1987
b. Margit f. 7/1 1989
Skøyte grb.f. 15/3 1957 til Nils Tvedt for 3500 kr og kår.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen