MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 15. RAUNØEN. (Rognøy)

 

BRUK 1. BRUKARAR

BRUK 2

BRUK 3 OG PLASSFOLK

 

Raunøy, B.nr. 1
Raunøy, B.nr. 1

 

Um namnet seier O. Rygh at det kjem av trenamnet raun, rogn.

 

Ymse skrivemåtar: 1601, 1617, 1624 og fleire gonger Rønnøen. 1626 Rønn. 1632 Raugøen. 1648 Rogenøen. 1664 og 1666 Rognøen. 1686 Raunøen. 1691 Raudøen. I matriklane: 1665, 1718, 1723 og 1838 Rognøen. 1886 og sidan Raunøen. Burde skrivast anten Raunøy eller Rognøy.


Grensor: Raunøy ligg i Fensfjorden vest for Arekletten. På innsida ligg mange holmar som høyrer garden til.


Eigedomstilhøvi: Garden var bondegods frå 1624 til 1690. Men eigarane var utanbygds bønder. 1686 er sagt at skyldi er 18 mk. s., og eigaren er Johannes Hegøen i Herlø skibrede. 1691 er Jonas Lillienschiøld vorten eigar, 1696 fru Zidzele Kaas. 1720 skøytte ho og Anne Margrethe Lilliensehiøld til sorenskrivar Arnoldus de Fine. Skyldi er då oppgjeven til 1 får. 26/5 1763 er tingl. auksjonsskøyte ved sorenskrivar Garmann til madam Christine Sal. Haar. Frå henne er eigedomen gjengen yver til magister Ludvig Daae, og då det er skifte etter han, 1788, vert Raunøy utl. på sonen Ludvig Daae for 19 rdl. 1797 skøyter Ludvig Daae til Mons Nilsson I. Haugsdal for 100 rdl. 1803 selde Mons til Hogne Riisnæs for 80 rdl. på det vil­kår at han fær bu der som leiglending. 1833 skøyter Hogne til sonen Arne for 60 spdl., og ved skifte etter Arne Riisnæs 1843 vart garden utl. på sonen Gjert for 149 dl. 4 mk. 4 sk. 15/1 1858 tingl. skøyte frå Gjert Arneson Riisnæs til Mons Olson Raunøy.

 

Gamle matriklar og teljingar

Ved kopskattmanntalet 1645 er Raunøy ikkje nemnd.


Kvegskattmanntal 1657: Rognøen. Lars føder 3 Kiør, 3 Faaer.


Matrikel etter reskript frå 1665: Rognøen. Landsk. 1 Faar. Saar ½ td., afler i Td., føder 5 Nøed. Kari tiende 3 Kd. Hafre. Smaa­tiend 2 sk. Smaaskat 1 Mk. Kan skatte af 18 Mk. Smør.


Skattemanntal 1666: Rognøen. Skylder Faar 1 Opsidder Law­ritz 50 Aar g. Spedalsk Hunsmands Sønner Ola 40 Aar, Knud Iffuersen 20 Aar g. Under «Hunsmænd og Strandsiddere»: Iffuer 70 Aar g.


Manntall 1701: Raugnøen. Anders Magnesen 60 Aar g. Sønner Tomes Andersen, hiemme, 13 Aar. Hans Andersen, hiemme, 11 Aar g.


Prøvematrikel 1721: Rognøen. Tomas Anderssen. Saar ¾ Td., høster 2 Td., Føder 4 Nød, 5 Faar. Proprietærgods, ligger ved Søen, tungvunden og meget uvis til Korn. Taaler ingen forhøyelse. Skat 1 Rdl. 5 Mk. 6 Sk.


Matrikeltaksten 1723: Rognøen. 1 Mand, Tomas. Landsk. 1 Faar. Sorenskriver de Fine med bøxel tilhørende. Intet Husmandssæde. Intet Sætter. Ringe Brendefang. Ingen Qvern. Ved Søen, 6 Mil fra Bergen. Ringe Kornart og er og tungvunden. Saar 1 Td., afler 2 ½ Td. Føder 3 Kiør, 2 Ungnød, 6 Faar. Skyld 18 Mk. s. Lever alene af Qvegets afling og et haandsnøre fiske.

 

 

 

Foto: Svein D. Viken

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen