MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 16.11.10 -

BRUK 10 OG 11

 

BRUK 10. NYTRÆ. Frå 8/11 1949: SJØTUN

Utskilt frå b.nr. 8, 2/3 1921. Skyld 10 ø.


Jon Rasmusson Y. Haugsdal, f. 22/1 1845, b.nr. 5, d. 3/1 1932. 2/11 1870 g.m. Elisabet Andersdtr. L. Sleire f. 1846 på b.nr. 3, d. 3/8 1916.
Born:     

a.)  Rasmus Andreas f. 16/1 1871. Utvandra til Amerika. Gift der.
Deira born:
a.   Thelma.
b.   Roy.
b.)  Karen Bergitta f. 1872, g.m. Jørgen Gutormson Y. Haugsdal f. på b.nr. 4, Stegebotten. Dei budde i eige hus i Træet på leigd grunn. Jørgen reiste fyrst til Amerika åleine, og Karen hadde festesetel på Træet hjå Ola R. Hosteland (b.nr. 7). Seinare reiste heile huslyden til Amerika.
Deira born:
a.    John.
b.    Gusta Maria.
c.    Alvilda Rosetta.
d.    Julius Kaunet Bertrand.
c.)  Marta f. 1874, g.m. Harald Johan Andersson Ystebø, Slet­ten i Lindås. Dei utvandra til Amerika.
Deira born:
a.    Jon, f. 31/5 1905.
b.    Konrad.
c.    Selma.
d.    Emma.
d.)  Rakel Severina f. 1878, d. 1879.
e.)   Nikolina f. 6/3 1877. Sjå under nr. 2 her.
f.)    Tor f. 13/10 1880. Utvandra til Amerika. Gift der.
Deira born:
a.    Edvard.
b.    Kora.
c.    Henry.
g.)  Johanna Aletta f. 1884, d. 24/2 1892. Drukna i eit vatn. Huslyden budde då på Haugsøy.
h.)   Johanna Elisabet f. 1887. Drukna samstundes med g. Gjekk i isen.
i.)    Henrikka f. 4/10 1889. Utvandra til Amerika. g.m. August Lillos.
Deira born:
a.    Arvid.
b.    Karl.
c.    Ernst.
d.    Normann.


22/10 1894 festesetel frå Jon Jetmundson (b.nr. 8) til Jon Ras­musson og kona.


Steffen Gjertson Hosteland, f. 7/1 1880 på b.nr. 13, Solbakken. 25/3 1904 g.m. Nikolina Jonsdtr. Hosteland f. 6/3 1877, d. 12/8 1938.
Born:     

a.  Henrikka f. 7/5 1906, g.m. Ludv. Espeland, Seim. Bur der.
b.  Jon f. 26/2 1908. Ugift. Heime.
c.   Elisabet f. 27/7 1916, g.m. Leonard Langøy, Austrheim.


4/11 1929 skøyte frå Jetmund Jonson (b.nr. 8) til Steffen Gjertson og Nikolina Jonsdtr. og frå Jon Rasmusson på dei husebygningar han åtte på stykket. 1000 kr. for jordi og fritt kår til Jon for husi. Steffen var i Amerika ei tid.


Alfred Leonard Langøen f. 28/8 1912 i Austrheim, d. 3/11 1975. Gift 26/11 1938 m. Elisabet Steffensdtr. Hosteland f. 27/7 1916 på d.b. (2c).
Born:     

a.  Sigmund f. 29/1 1939, g. 25/6 1960 m. Kjellaug Sognnes, f. 7/1 1941 i Austrheim. Sjå b.nr. 36.
b.  Laila f. 4/8 1940, g.m. Lars Bråtveit, f. 27/12 1937 i Vindafjord. Bur på Hosteland b.nr. 36.


Nr.4 Skøyte 29/7 1980 til Sigmund Langøy utan vederlag.
Heimelsdok. 16/2 1984 til Sigmund Langøy på b.nr. 10, 27 og 36. (felleseigeskifte).

 

BRUK 11. FOSSVOLL

Utskilt frå b.nr. 3, 3/5 1922,
og seld av Arne J. Riisnes til Jetmund Jonson Hosteland for 8500 kr. Bruket er innlema i b.nr. 8.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen