MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 14. HOSTELAND

 

BRUK 1 OG 4. HÆRØEN

BRUK 7

BRUK 13

BRUK 2

BRUK 8

BRUK 14

BRUK 3 BRUK 9 BRUK 15 - 27
BRUK 5 BRUK 10 - 11 BRUK 28 - 59
BRUK 6 BRUK 12 BRUK 60 - 83

 

Hosteland, B.nr. 2 

Hosteland, B.nr. 2

 

Um namnet seier O. Rygh: “Vistnok Halsnuland sammensat med navnet på øen utenfor”. Sjå kva Rygh seier um Holsøynamnet.


Ymse skrivemåtar frå eldre tid: 1519 Haldstennlandt. 1597 Haldstenland. 1609/10 Halstenland og Halstenlannd og Hosteland. 1610/11 og 1613 Halsteenland. 1611 både Hostenland og Hostenn­land. 1612/13 Haastennland, Haastenlannd og Hosteland. 1615/16 Hassteland og Haasterland. 1620/21 Hosteland. 1626 Høsteland, men 1626/27 både Hosteland og Haasteland. 1632/33 Hosteland.


I martriklane: 1665. Hosteland. 1718 Hosteland. Det same 1723. Men 1838 Høsteland. 1868 og sidan Hosteland. Ein hev her teke med nokso mange døme, men ikkje nåme nære alle. Det ser ut til at namnet hev valda bry både i eldre tid og i nyare tid. No då ein hev freista skriva namnet etter uttalen, vert det framleis uttala gale av fram­ande og vankunnige folk. Hosteland skal uttalast med open o, som i hol, kol, mol (møll) og mange fleire, vert uttala med trong o som i hosta, kosta og fleire.


Grensor: I sud til garden Duesund (utmarki) og til Hostelands­sundi millom Holsøy og Hosteland, i vest til Risnes, i nord til Risnes, Frøyset og Lauveidet og i aust til Molland.

 

Eigedomstilhøvi

Umlag 1500 har nok namnet på garden vore Halsne. I Hartvig Krumedikes jordebok heiter det: Item halsne oc riisnes renter j tynne s....(- selspek).


Noko av Hosteland høyrde 1624 til Stigtens gods og noko til Bildegodset. 1648 syner det seg at staten (kongen) åtte 1/3 og de Bilder 2/3. 1664 var bisp i Bergen stift, Jens Schieldrup, vorten eigar av 2/3 og Abel Munthe hadde kjøpt den tredjedelen som fyrr hadde høyrt staten til. Frå Jens Schieldrup gjeng dei 2/3 yver til sonen Thomas S. og seinare til hans arvingar. Abel Ludvigsdtr. Munthe var g.m. Peder Nielsen Lem, og son deira, Ludvig Lem, var g.m. Giertrud de Fine, og ho vart eigar av 1/3 av Hosteland. Dei 2/3 vart kjøpte av sokneprest til Lindås, Johan Madsøn. Han var g.m. Anna Hansen frå Bergen. Hansen var ein rik mann der. Då presten Madsøn døydde, vart e. Anna Hansen attgift med Henning Frimand, og Madsøns part gjekk på det viset yver på Frimanns hender.

 

23/11 1734 tingl. eit makeskifte, der madam Elisabet Undal, e. etter Søren Lem, yverdreg 1/2 l. s. og 3 melar malt i Hosteland til madam Magdalene a Mønichen, enkja etter sorenskrivar Arnoldus de Fine. Søren Lem var ein bror av Arnoldus de Fine. Søren heldt på farsnamnet, medan Arnoldus tok morsnamnet, og Søren hev fenge yverdrege noko av det jordegodset som mor hans, Giertrud de Fine, hadde ått.

Både 1720 og seinare var det ein Christen Krag sem utsteidde bygselbrev i Hosteland. Han var g.m. Anna Margretha, ei stykdotter til Henning Frimann, og det er på Frimanns vegne han utsteidde bygselbrev.


1742 utsteider Anna Margreta, då e. etter Krag, bygselsetel i Hosteland på “sin Stedfader justisraad Frimanns vegne”.

 

1763 tingl. auksjonsskøyte ved sorenskrivar Garmann til Chri­stine Sal. Haars på 1 pd. 12 mk. s. i Hosteland. Denne parten hev Magdalena Bredal a Møinichen, e. etter sorenskrivar de Fine -fenge yverdrege på seg, for 1767 fær magister Ludvig Daae skøyte frå henne og sønene på 1 pd. 12 mk. s. og 3 melar malt for 126 rdl.

 

1771 fær Ludvig Daae auksjonsskøyte på 1 1/2 t malt i Hosteland for 249 spdl. Det må vera det som Henning Frimann hadde ått. Frå den tid er Daae eine-eigar. Frå Daae gjeng eigedomen yver til major Brügger i Torsvik, då han vart g.m. Bergithe Munthe Burgraff Daae. Frå major Brügger gjeng so eigedomen yver til e. og borni. Sjå byg­selsetlar og skøytar på dei einskilde bruk.

 

Hosteland, Ildalsåsen bustadfelt

Hosteland, Ildalsåsen bustadfelt

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645: Hosteland. Mogens Iffuersen. Kone Anna. Th. thøs. Oele østensen. Enchemand. Sønnen Hans. Søn Niels vanfør. Th. Thøs Kari. Niels Andersen. Ko: Ingeborg. Niels Engelbretzen. Ko. Anne. Niels Johansen. Ko: Man. Hussmand Thore. Kvegskattmanntal 1757: Hosteland. Erich føder 1 Hest, 1 Oxe, 6 Kiør, 1 Quie, 1 Gied, 8 Faaer. Niels 1 Hest, 6 Kiør, 4 Gieder, 8 Faaer. Olluff 1 Oxe, 4 Kiør, 4 Gieder, 5 Faaer. Nils 1 Oxe, 3 Kiør, 2 Gieder, 4 Faaer.


Skattemanntal 1666: Hosteland. Skylder Smør, 2 (?) Løber, Malt 3 Meler, Korn 1 1/2 Td. Erich bruger 1/2 L. oc 4 1/2 Mk. Smør. 1/2 Td. og 3 Kd. Korn. 54 Aar g. Olle Rasmus: bruger 1 Sp. Smør. 1 Mele Malt. 34 Aar g. Søn Niels 2 Aar g. Tienestedreng Hans 9 Aar g. Johans bruger 1 Sp. Smør, 1 Mele Malt. 60 Aar g. Søn Olle, 6 Aar g. Mogns bruker 1 Sp. 3 Mk. Smør, 18 Kd. Korn. 32 Aar g. Søn: Iffuer 3 Aar g. Niels Johanss: bruger 1/2 pd. 1 1/2 Mk. Smør, 9 Knd. Korn. 66 Aar g. Olle Iffuerss: bruger 1 Pd. 1/2 Mk. Smør, 1 Mele Malt. 40 Aar g. Søn Hans 5 Aar g. Olle 2 1/2 Aar g. Huusmands Søn Olle Erichss: 6 Aar g. Niels Olss: bruger 1 Pd. 1 1/2 Mk. Smør, 1 1/2 Kd. Korn. 40 Aar g. Under Hunsmænd og Strandsiddere: Erich Olss: 64 Aar g.

 

Matrikel etter reskript frå 1665: Hosteland. Landsk. Smør 1 ½ L., Malt 1 1/2 Td., Korn 1 Td. Saar 8 Td., afler 18 Td., føder 40 Nød, 2 Heste. Kan tiende 2 Td. 3 Meler. Smaaskatte 1 Rdl. 4 Mk. 8 Sk. Smaatiend 1 Mk. 6 Sk. Kan skatte af 2 1/2 Løb 18 Mk. s. Brendeskoug och noget til Husbehoef.


Manntal 1701: Hosteland. Rasmus Joensen 40 Aar g. Tieneste­karl: Soldat Asgrim Olsen Hosteland 36 Aar g. Lars Einersen Risnes 24 Aar g. Olle Rasmusen 72 Aar g. Mons Ellingsen 60 Aar g. Sønner: Olle Monsen, hiemme, 20 Aar g. Olle Monsen, hiemme, 12 Aar g. Olle Andersen 51 Aar g. Tienestedreng Anders Joensen Myching 15 Aar g. Thoere Joensen 54 Aar g. Sønner: Niels Thoeresen, hiem­me, 21 Aar g. Johanis hiemme 9 Aar. Hans, hiemme, 6 Aar g. Olle Johansen 46 Aar g. Søn Erich Nielsen er en krøbling, 30 Aar, g. Olle Olsen 26 Aar g.


Prøvematrikel 1721: Hosteland. 2 Løber 6 Mk. Rasmus Joensen, Erich Joensen, Ole Johannesen, Ole Olsen, Siur Monsen, Johannes Thorsen. Saar 12 Td., høster 44 Td., Føder 64 Nød, 46 Faar, 4 Heste. Propriætergods, ligger ved Søen, tungvunden, maadelig jordart, ingen Udmark eller Hage til Fæbeite, som hos andre maa leies, foruden at hvis Hø til Kreaturernes føde fandtes tages lange Veie fra tilfields. Ingen herlighet uden 3 smaa Qverne hvorpaa ei mer kan males end Opsidderne er selvhjulpne med. Lidt Bierke- og Furuskoug til brendefang og husfornødenhed. Skatten 27 Rdl. 4 Mk. 1 5/12 Sk.

 

Matrikeltaksten 1723: Hosteland. 6 Mand. 1 1/2 L. Smør, 1 1/2 Td. Malt, 1 Td. Korn. Frimann eier med bøxel. Intet Husmands­sæde. Intet Sætter. Brændeved og Furoskoug til husfornødenhed. 3de flomqverne. Ligger ved Søen 6 1/2 Mil fra Bergen. Maadelig kornart, men meget tungvunden og maa samle af høieste Fielde en stor del Høe, ringe og uduelig Udmark, hvilket fororsager dette affeld med forrige taxt Saar Havre 12 Td., afler 48 Td., Føder 42 Kiør, 22 Ungnød, 48 Faar, 4 Heste. Taxten efter gammel matrikul 2 L. 2 Pd. 6 Mk. Forhøiet 1/2 Løb. Lever af Qvegets Afling og lit Fureskoug at sælge. Merknad: Denne strofen: “hvilket fororsager dette affeld med forrige taxt” er uskyneleg, då det ser ut til at dei hev sett taksten upp med 1/2 laup.

 

 

 

Foto: Gjert-Rune Daae

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen