MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 13. LØVEID

 

BRUKARAR - UTFLYTTE

 

 

 

Um namnet seier O. Rygh: Laufeid av lauf og eid.


Ymse skrivemåtar: 1620, 1626 og mange fleire gonger: Løffeide eller Løfeide. 1657 Eide. 1691 Løfeid. 1743 ein gong Lou-Eide, ein gong Laueide og ein gong Laeide. Matriklane: 1718 og 1838 Løfeide. 1886 og sidan Løveid. Burde skrivast Lauveidet eller Lauveid.


Grensor: I sud til Hostelands utmark, i vest til Frøysets utmark., i nord til Sleires utmark og i aust til Mollands utmark.


Eigedomstilhøvi: Frå 1624 til 1686 var garden bondegods. Det var folk på St. Sleire som åtte, og dei fyrste menn som budde på garden, var sikkert frå St Sleire. Frametter åri like til 1686 heiter det: Bønder eier og bøxler, men so er det Peder Busch. Han eig ogso 1691. 1701 er det Peder Busch's arvingar. 1702 og 1710 er det Maren Sal. her Peder Lem. Maren sitt gjentenamn må ha vore Busch. 1717/18 er Hans Petter Veivitsen og Ester Pedersdtr. Busch eigarar. Dei skøyter til Ola Anderson Lauveidet 12 mk. s., 4/8 1722. Sidan hev garden vore i ætti.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645. LøffEid ( eit ord med stor E midt i namnet). Rasmus Lassesen. Ko: Marete. Søn Lasse. Datter Berete.


Kvegskattmanntal 1657. Eide. Rasmus, 1 Hest, 3 Kiør, 3 Gieder, 2 Faaer. Skatt 2 Mk. 4 Sk.


Skattemanntal 1666. Løff-Eyd. Skylder Smør 1/2 Pd. Niels Mognsson, bruger, 30 Aar g.


Matrikel etter reskript frå 1665. Løfeid. Gifer Landsk. fisk ½ Pd. Saar 1/2 Td., afler 1 Td., føder 4 Nøed. Kan tiende 3 Knd. Smaatiende og smaaskatte 11 Sk. Brendefang til.


Manntal 1701. Løfeid. Halvor Olsen 42 Aar g.


Prøvematrikel 1721. Løfeide. Ole Andersen. Saar 1 Td., høster 2 1/2 Td. Føder 4 Nød, 1 Hest. Proprietærgods. Ligger til fields og særdeles uvis til korn, saa at ageren somme Aar maa nedslaaes for­medels for megen regn og paakommende frost og kulde. Taaler der­for ingen forhøielse. Aarl. Udgifter: 1 Rdl. 1 1/2 Mk. 6 11/15 Sk.


Matrikeltaksten 1723. Løfeide: 12 Mk. S. Intet Husm- andssæde, intet Sætter. Brændeved og Furuskoug til Husfornødenhed. 1 flom­qvern. Ligger ¼ Mil fra Søen, 6¼ Mil fra Bergen. Ringe kornart og meget tungvunden og samler meste Høet af Udmarken. Saar 1 Td., afler 2 1/2 Td. Føder 3 Kiør, 2 Ungnød, 6 Faar og 1 Hest. Landsk. 12 Mk. s. Lever af qvegets afling og lit Brændeved at sælge.

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen