MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 07.01.10 -

BRUK 1

 

Erich Qhuamme nemnd fyrste gong 1602 og siste gong 1615, og so styrar e. til 1621. Då Erich er nemnd 1602, stend namnet millom Byrkjeland og Hosteland, og på garden Kvamme var den gongen namngjevne 2 mann, so det er ikkje råd å ta feil. 1610-1611 og 1612 er skreve Erich Quambsdall. 1611 stend det ein gong Effuind, men då Erich kjem både fyre og etter, er dette med Effuind (Evind) tydelegvis ei feilskrift.


Oluff frå 1621 til 1636 og k.h. lenger.


Jonn Thorgiersen nemnd fyrste gong 1645. Siste gong 1662. Kona heiter Ingeborg.
Jon er truleg son til Torgeir Lasseson Byrkjeland.


Lasse (Torgeirson?),  f. 1610. Nemnd fyrste gong 1662, siste 1668, men han hadde bruket truleg lenger.


Nils Lasseson (son til nr. 4), nemnd fyrste gong 1691, siste 1701. Han er då 47 år og hev 2 søner.
a.  Lars f. 1689.
b.   Hans f. 1695. Nr. 6 her.
c.   Simon f. 1699, etter kyrkjeboki.


Hans Nilsson Kvamsdal f. 1695, d. 1746. Han styrer saman med mori ei tid. Men 30/4 1715 er tingl. bygselbrev frå Bornemann til Hans Nilson på ½ l. s.
Han hev truleg vore gift tvo gonger, og fyrste kona hev vente­leg heitt Anna Torsdtr.. Sjå namneskikken. Andre kona heitte Ingeborg Olsdtr.
Born:     

a.  Nils f. 1723, d. 1758.
b.  Tor f. 1726. (Heiter truleg uppatt etter Morfaren).
c.   Ingeborg f. 1730, g.m. e.m. Magne Monson Kvingedal 1773 på b.nr. 4.
d.   Anna f. 1736 (heiter truleg uppatt etter fyrste kona til Hans).
e.   Mons f. 1737. Nr. 8 her.
f.    Matias f. ? Nr. 9 her.
g.   Ingeborg f. 1740. Dødsdømd 1764. Sjå ved nr. 8 nedanfor.
h.   Klaus f. 1745.
i.    Ivar f. ?, g.m. e. Synneva Olsdtr. Kolås, Lindås, 1766.


Ola Andersson Lauveidet f. 1674, d. 1766. 1746 g.m. e. Ingeborg Olsdtr. Kvamsdal. Ola var e.m. og hadde yverlate bruket på Lauveidet til dottermannen då han flytte til Kvamsdal.
Born:     

a.  Kari f. 1748.
b.  Kari f. 1752, g.m. e.m. Lars Jonson Tangedal, b.nr. 4.


Mons Hansson Kvamsdal f. 1737. Dødsdømd 1764 -1760 g.m. Magdeli Monsdtr. Kaland frå Lindås f. 1726, d. 1763. Mons fekk bygsel på halve garden, 18 mk. s. sjå Jon Mariager tingl. 26/5    1763. Ola Nilsen hadde fenge bygsel på hin halvparten 1752.
Mons Hansson fekk sonen Tore med systri Ingeborg 1764, og dei vart dødsdømde båe tvo.


Matias Hanson Kvamsdal, bror til nr. 8. 1764 g.m. Mag­deli Sjursdtr. Hosteland,  dotter til Sjur Hansson på b.nr. 5.
Born:     

a.  Kari f. 1764, d. 1765.
b.  Hans f. 1766.
c.   Sjur f. 1767, d. 1771.
d.   Nils f. 1770, d. 1771.
e.   Ingeborg f. 1772.
25/5 1764 tingl. bygsel frå Jon Mariager til Matias Hansson på 18 mk. s. Matias må ha reist frå bruket, då ein ikkje finn dødsår korkje for han eller kona.


10  Hans Ørkeson f. 1746, d. 1819. Skal vera frå Hestad i Sundfjord etter det tradisjonen seier. g.m. Gjertrud Sørensdtr.. f. 1736, d. 1819.
Born:     

a.  Søren f. og d. 1776.
b.  Søren f. 1777. Nr. 11 her.
c.   Sjur f. og d. 1779.
d.   Johannes f. 1781, d. 1783.
e.   Johannes f. 1783, d. 1789.
f.    Marta f. 1786. Sjå nr. 11 her.

 

Dagsett 7/10 1776 og tingl. 22/10 1777 bygselsetel frå Jon Mari­ager til Hans Ørkeson på ½ l. s. Ola Nilson hadde gjeve upp bygsli på dei 18 mk. s., som han fekk bygsla 1752.


11  Ola Larsson Kalhovda f. 1781 på b.nr. 1.1804 g.m. Marta Hansdtr. Kvamsdal f. 1786.
Born:     

a.  Lars f. 1804, g.m. Marta Bastesdtr. Kalhovda 1826. Marta f. 1803 på b.nr. 4. 2/3 1835 tingl. ein forpaktningskontrakt på 7 år på eit plass under Hodneland i Myking til Lars Olson Kvamsdal frå Steffen Bertelson Hodneland.
b.  Johannes f. 1806, d. 1808.
c.   Johannes f. 1809.
d.   Marta f. 1812, d. 5/5 1884.

 

1804 “bygsel fra Gerhard Schnelle til Ole Larsen paa 1/2 L. S. som hans tilkommende svigerfar før har brugt”. 1/2 l.er feil, for Åmund Olson hadde 1791 fenge bygsel på 18 mk. s. Sjå b.nr. 3.


11  Søren Hansson Kvamsdal f. 1777, d. 10/6 1861. 1804 g.m. Lisbet Monsdtr. Byrkjeland f. 1782 på b.nr. 2, d. 6/5 1837. Attgift med Anna Bertelsdtr. Fødestad ukjend.
Born:     

a.  Johannes f. og d. 1804.
b.  Johannes f. 1805. Nr. 1 på b.nr. 2, Kvamsdal.
c.   Jon f. 1809, d. 1820.
d.   Lisbet f. 1811. Sjå under nr. 12 her.
e.   Brita f. og d. 1814.
f.    Brita f. 1815, g.m. e.m. Martinus Nilson L. Sleire b.nr. 1.
g.   Hans f. 1818, d. 31/i 1840.
h.   Jon f. 1820, d. 1821.
i.    Madeli f. 1822, d. 9/5 1880.
j.    Gjertrud f. 1825. Flytte til Grønningen i Årstad.

 

1809 bygselbrev frå “seminarforstanderen” til Søren Hansson på ¼ l. s., fyrr brukt av Ola Larsson imot at han svara kår til Hans Ørkeson og kona. 1840 kongel. skøyte til Søren Hansson på 18 mk. s. Sjå lenger framme.


12  Arve Johannesson Gjelsvik frå Myking f. 1816, d. 5/5 1886. 22/6 1845 g.m. Lisbet Sørensdtr. Kvamsdal f. 1811, d. 11/1 1891.
Born:     

a.  Henrikka f. 9/1 1846, d. 24/11 1870.
b.  Johannes f. 5/3 1848. Nr. 13 her på bruket.
c.   Erik f. og d. 1852.
d.   Elisabet f. 4/4 1850, g.m. Ola Larsson Molland, b.nr. 6.

 

1845 skøyte frå Søren Hansson til Arve Johannesson på 9 mk. s. og for 90 rdl. og kår til Søren Hansson og kona Anna Bertelsdtr. 1 ku, 2 smale, 1 t. korn og 1 t. potetor.


13  Johannes Arveson Kvamsdal f. 5/3 1848, d. 15/2 1936. 24/6 1870 g.m. Olina Halvardsdtr. Molland f. 1846 på b.nr. 7, d. 1928.
Born:     

a.  Andreas f. 17/5 1871. Nr. 14 her på bruket.
b.  Halvard f. 8/7 1872. Sjå utflytte.
c.   Henrikka f. 29/4 1874, d. 1/9 1900.
d.   Henrik f. 8/11 1875. Sjå utflytte.
e.   Elisabet f. 11/10 1877. Sjå Byrkjeland b.nr. 1.
f.    Martin f. 13/6 1879. Sjå Lindebotten under Byrkjeland.
g.   Erik f. 6/12 1881. Sjå Kvamsdalslidi under b.nr. 1. og 2.
h.   Engelina f. 17/2 1884. Sjå Hosteland b.nr. 9.
i.    Johanna f. 1/1 1886. Sjå utflytte.
j.    Ola f. 1/7 1887, d. 3/7 1887.
k.   Johannes f. 1/7 1887, d. 3/7 1887.

 

18/10 1869 tingl. skøyte frå Arve Johannesson til sonen Johan­nes for 100 spdl. og kår (140 spdl.).


14  Andreas Johannesson Kvamsdal f. 17/5 1871, 21/6 1899 g.m. Marta Larsdtr. Totlandsdal f. 17/8 1871, d. 11/6 1931.
Born:     

a.  Henrikka f. 14/7 1901. Sjå under nr. 15 her på bruket.
27/5 1899 skøyte frå Johannes Arveson til sonen Andreas for 1000 kr. og kår (500 kr.).


15  Erling Martin Olaison Kvamsdal f. 24/7 1902 på Molland b.nr. 4 og 5 (4d), d. 1/6 1990. Gift 4/10 1927 m. Henrikka Andreasdtr. Kvamsdal f. 14/7 1901 på b.nr. 1(14a).
Born:     

a.  Andreas Martin f. 22/12 1927. Nr.16 på bruket.
b.  Olav f. 18/7 1929. G.m. Ragnhild Kvamsdal. Sjå b.nr.6.
c.   Lars f. 16/9 1931. G.m. Solfrid Oppedal. Sjå b.nr.9
d.   Erling Henrik f. 30/8 1936. Sjå b.nr.7

 

Skøyte 2/12 1929 frå Andreas Johannesson til Erling Olaison for 3000 kr og kår.


16  Andreas Martin Kvamsdal f. 22/12 1927.
Skøyte 10/2 1973 frå Erling Kvamsdal og kona til sonen Andreas for 4000 kr.
Skøyte 20/1 1994 frå Andreas Kvamsdal til brorsonen Vidar Kvamsdal for kr 30000, verdi kr. 84000.

 

Utflytte frå b.nr. 1

Nr. 13 b. Halvard Johannessen Kvamsdal f. 8/7 1872. Prest i Evje, Setesdal. g.m. Brita Larsdtr. Hauge frå Voss. Born: a. Gudrun, lektor, b. Johannes, lektor, c. Olav, farmasøyt, d. Lars, elektrikar.

 

Nr. 13 d. Henrik Johannessen Kvamsdal f. 8/11 1875, g.m. ei dama frå Sarpsborg, Natalie. Born: a. Johan, b. Norval, underoffi­ser ved minedeildi på Horten, c. Håkon, bustad Byrkjeland b.nr. 1, d. Halvdan, g.m. Ragna Johansdtr. Kvamsdal. Han er vegarbeidar i Masfjorden, e. Arne, g.m. Astrid Larsdtr. Austgulen, Gulen og er bonde der, e. Borgny, bur i Oslo, er gift og hev 2 born.

 

Nr. 13 i. Johanna Johannesdtr. Kvamsdal f. 1/1 1886, g.m. Johan Johannesson Ulvøy frå Lindås, bonde på Tvibornes i Lindås. Born: a. Johannes, b. Jenny, c. Magnus, d. Erling, e. Leif Jonas.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen