MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 12. KVAMSDAL

 

BRUK 1

BRUK 1 OG 2 - LIDI

BRUK 7. FAGERTUN

BRUK 2

BRUK 1 OG 2 - TEIGANE

BRUK 9. STRAUMSLUND
BRUK 3 BRUK 5. NORDLI  

 

Kvamsdal, B.nr. 1,2. og 3

Kvamsdal, B.nr. 1,2. og 3

 

Um namnet seier O. Rygh at det kjem av hvammer, Genetiv hvams, som tyder ein “kort dalsenkning - omgitt av høider, aapen til en side”.


Skrive måtar frå eldre tider: 1611 Quambssdall. 1620 Quamsdall. 1624 Quambsdall. 1645 Quamsdahl. 1838 Qvamsdal. 1886 og sidan Kvamsdal.


Grensor: Garden ligg austanfor Kvamsdalsvatnet og grensar i sud til Molland og Bergsvik, i vest til St. Sleire, i nord til Byrkje­land og i aust til Fausdal.


Eigedomstilhøvi: Garden var benefisera til lektoratet i Bergen.


1624 er det sagt at garden høyrde til Lesemesteren. Det er lektoren ved den høgre skule i Bergen. Soleis heiter det fleire gonger: Lese-mesteren eier og bøxler. Seinare stend det Lektoriet eller Lektoratet i Bergen. Skyldi var ½ l. s. Vart 1723 sett upp 3 mk. s.

 

1834 kongeleg skøyte til Klaus Åmundson Kvamsdal 18 mk. s. for 100 spdl. og jordavgift 5 skj. og 2 fjdk. bygg. 1840 kongeleg skøyte til Søren Hansson 18 mk. s. for 100 spdl. og jordavgift 5 skj. 2 fjdk. bygg. Ættlingane etter dei som kjøpte bur framleis på bruki.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645. Quamsdahl: John Thorgiersen. Kone: Ingeborg. Th. Thøs.


Kvegskattmanntal 1666. Cwamedall: Skylder Smør ½ Løb. Opsidder Lasse 56 Aar gammel. Under Huusmænd og Strandsid­dere: Thommes Mogeusen 40 Aar g.


Matrikel etter reskript frå 1665. Qambsdal: Giver Landskyld Smør ½ Løb. Saar 2 Td., afler 3½ Td. Føder 10 Nøed. Kand tiende 1½ Mdc. Kand skatte af ½ L. s. Brendeschoug och noget til Huus­behoef.


Manntal 1701. Niels Larsen (Lassesen) 47 Aar g. Sønner: Lars 12 Aar g. Hans 6 Aar g.


Prøvematrikel 1721. Qvamsdal: Hans Michelsen (skal vera Nilsen) Saar 2½ Td., høster 7 Td. Føder 10 Nød, 9 Faar, 1 Hest. Lektoratet i Bergen allernaadigst beneficeret gods. Ligger høit til Fields. Meget tungvunden og uvis til Korn. Bierkebrendefang og lidt Furuskoug. Udgifter 4 Dl. 1 Mk. 6 1/3 Sk.


Matrikeltaksten 1723. Qamsdal: 1 Mand. Landskyld ½ L. s. Lektoratet med bøxel benefiseret. Intet Sætter. Intet Husmands­sæde. Brændeved og Furuskong til husfornødenhed. Intet fiske, ingen qvern. Aarvant til Korn og af samme beskaffenhed som for­rige (Byrkjeland). Saar 2½ Td. Havre. Afler 7 td. Føder 8 Kiør. 4 Ungnød, 9 Faar, 1 Hest. Gammel Landsk. ½ L. s. Forhøiet 3 Mk. Lever alene af Qvegets afling og lid brændeved at sælge.

 

Brukarar

Heile garden var lenge eit bruk.

 

 

 

Foto: Gjert-Rune Daae

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen