MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr.11. BIRKELAND

 

BRUK 1

BRUK 4. BREKKE

BRUK 7

BRUK 2

BRUK 5. LINDEBOTTEN

BRUK 28 - 35

BRUK 3 BRUK 6. HAUGEN  

 

Birkeland, B.nr. 5

Birkeland B.nr. 5

 

Um namnet seier O. Rygh: “Av - Birke - et sted bevokset med birk”. Ivar Aasen kjenner ordet byrke, som tyder bjørkekratt. Han seier at ordet byrke er “sjeldent”, men at av det kjem gards­namni Byrkjeland - uttale Byrkjeland. Bygdeuttalen er Byrkjeland.


Ymse skrivemåtar: 1522 Birkeland. 1567 Burcheland. 1604 Birchland. 1611 Biercheland. Matriklane: 1656 Bircheland. 1718 og alltid sidan Birkeland.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645: Bircheland. Iffuer Knutzen. Ko: Marite. Th. Dreng Tholach. Thorgier Lassesen. Ko: Marite. Datter Anne. Th. Thøs Guri. Ole Lassesen. Ko: Inger. Datter Ingeborgh.


Kvegskattmanntal 1657: Biercheland. Torgier 1 Hest, 1 Oxe, 4 Gieder, 9 Faaer. Anders 1 Hest, 3 Kiør, 1i Quis, 3 Gieder, 3 Faaer.


Skattemanntal 1666. Bircheland. Torgierd bruger 1 Pd. 4 Mk. Smør, 80 Aar g. Sønner: Niels, hiemme, 33 Aar g. Anders, hiemme, 7 Aar g Ole bruger 14 Mk Smør, 77 Aar g Søn: Mons, hiemme, 3 Aar g. Anders bruger 6 Mk. Smør, 36 Aar g.


Matrikel etter reskript frå 1665. Bircheland: Gifer aarlig Land­schyld Smør 2 Pd. Saar 2 1/2 Td., afler 10 Td., føder 14 Nøed, 1 Hest. Kand tiende 1 Td. Brendeskoug och noget til Husbehoef. Kand schatte af ½ Løb 1 Pd. 6 Mk. Smør.


Manntal 1701: Birchelan. Anders Hansen 65 Aar g. Sønner: Hans Andersen, hiemme, 12 Aar. Daniel Andersen, Hiemme, 4 Aar g. Tienestedreng: Hans Olsen Store Slire, 20 Aar, g. Hans Pedersen 36 Aar g. Søn: Ole Hansen, hiemme, 6 Aar g.


Prøvematrikel 1721: Birkeland: Hans Pedersen, Elling Olsen. Udsaar 4½, høster 10 Td., Føder 10 Nød, 24 Faar, 2 Heste. Pro­prietærgods, ligger høit til fields, meget tungvunden og særdeles uvis til Korn, saa neppe Sæden undertiden kan igjen komme. Lidt Bierkebrendefang og Furuskoug, samt en liden f.omqvern. Ingen anden Hierlighed. Udgifter 6 Rdl. 5 Mk. 5 sk.


Matrikeltaksten 1723: Birkeland. 2 Mand. Landskyld 2 Pd. Smør. Giertrud de Fine med bøxel tilhørende. Ingen Husmands­plads. Intet Sætter. Brendeskoug og Furuskoug til husfornødenhed. 1 flomqvern. Ligger 6 ¾ Mil fra Bergen. Ringe kornart og meget tungvunden. Maa samle fra høie Fielde sit meste Høe. Saar Havre 4 1/2 Td., afler 10 Td., Føder 15 Kiør, 6 Ungnød, 24 Faar, 1 Hest. Gammel skyld 2 Pd. 18 Mk. Forhøiet med 3 Mk. Lever alene af Qvegets afling.


Eigarar: Byrkjeland høyrde til Stigtens gods 1624. Det er jorde­gods som ved reformasjonen vart inndrege under staten, Kongen. Det hadde fyrr høyrt til dei katolske bispane. 1864 er det sagt: Kongen hidindtil eiet og bøxlet. Altso er det då seld. 1868: Abel Munthe eier og bøxler. 1686 og 1691: Lodvig Lemb. Frå 1696 til 1723 og kan henda lenger Giertrud de Fine. 1714 er likevel sagt Søfren de Fine. 1744 eig Anna Helene Sal. Lem. 18/5 1772 skøyter Enkemadame Helene Constanse Schrøder til Sr. Heiberg 17 5/11 mk. s. for 24 rdl. og same dato er tinglese ein “Deklarasion” frå Helene Constance Schrøder at Jon Hansen - skal vera Johannesson - sitt bruk er “anført” med 5/11 mk. for mykje. 20/10 1772 tingl. skøyte frå madam Helene Christence (Constance?) Lem, Sal. Kontrollør Schrøder, til Jon Hansen (Johannesson) Birkeland på 1 pd. 2 mk. Smør i Birkeland. Det er no b.nr. 1 og 2. Dankert Heiberg eig fram­leis 17 5/11 mk. Ved skifte etter Heiberg 1796 vert dette utl. på dottera Henriche Finde Heiberg. 5/2 1811 tingl. auksjonsskøyte til kjøpmann Lars Evje på Henriche Finde Heibergs part i Byrkjeland 17 5/11 mk. s. Lars Evje skøyter til Johan Krefting same dag. 19/10 1816 er tingl. skøyte frå notarius Krefting til Ola Jonson på 17 5/11 mk. s. for 830 rdl. N. v. Ola Jonson sel same året til Nils Olson Inderøy av Utvær. So endeleg 24/6 1867 fær Ola Gregoriusson Byrkjeland skøyte på bruket.

 

Brukarar

1519 nemnd ein brukar: Oloff.

 

1594 til 1597 svarar Niels Bireheland tredje bygsel av “1 Pd. s. leige 7 Mk. s. og Landbouetzell ½ Daler”. Garden høyrer då til Stigtens Jorder.

 

Nils brukar garden åleine til 1614.

 

Frå 1615 brukar Torgeir Lassesen ½ 1. s. Kona hans heiter Marite Nilsdtr. og er truleg dotter til den fyrr nemnde Nils. Nils hev framleis noko av garden til 1632.

 

Frå 1619 er Oluff Lauritzen (Lassesen) komen til som ein tredje brukar. Skatteåret 1635/36 er det 3 brukarar: Torgier Las­sesen, Ola Lassesen (truleg brør) og Iffuer Knudsen. Det siste må då bruka den parten som Nils hadde att for seg då Torgier kom, og Torgier hev late broren fenge ein lut av sitt bruk. Torgeir, Ola og Iffuer (Ivar) er brukarar til 1649. Men 1657 er Anders Hansen komen i Ivar Knutsens stad. Torgier og Ola finn ein nemnde siste gong 1668, men Anders Hansson er nemnd 1691, og er då einebru­kar på garden.

 

 

 

Foto: Gjert-Rune Daae

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen